Samehets hjå söta bror

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Tänndalen/Taenndaelie – tospråkleg skilt i Härjedalen. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

I sommar då eg køyrde gjennom Sverige frå Tromsø til Sør-Noreg og opp igjen, beit eg meg merke i kor mange tospråklege skilt som var komne opp i svensk Lappland. Først nordsamisk i nord, så lulesamiske og etter kvart sørsamiske skilt. Heilt nede i Härjedalen passerte vi til dømes Tänndalen/Teanndaelie då vi svingte vestover og inn i heimlandet ved Røros. I tillegg plukka eg opp diverse turistbrosjyrar og -avisar som veldig klart spelte på positive strengar knytta til det samiske som ein viktig del av den nordsvenske kulturen. Med den intense debatten om samisk språk i Tromsø som bakteppe tenkte eg då at: Det ser jo ut til å stå bra til med innstillinga til det samiske her i Sverige.

Men no kjem rapportane om at det slett ikkje er så bra i grannelandet heller. Torsdag denne veka hadde Sveriges Radio P4 Västerbotten ein reportasje der dei fortel om sabotering av samiske skilt over heile den svenske delen av Sápmi, frå Härjedalen i sør til Norrbotten i nord. Mellom anna frå Åsele, med det sørsamiske namnet Sjeltie, som eg passerte ein sein augustkveld på veg nordover igjen. Og rapportane fortel ikkje berre om øydeleggjing av skilt, men også om nedbrenning av gammer og buer og om hatske og rasistiske innlegg på bloggar og på Facebook. 

Nett som i Nord-Noreg med andre ord. Kva er det som skjer? For to veker sidan skreiv eg at det trengst ei humanistisk nordområdesatsing. Kanskje er desse rapportane frå Sverige berre ei understreking av det same. 

Eit verre alternativ er at den samehetsen vi ser i Nord-Noreg og Nord-Sverige er eit utslag av generelt aukande framandfrykt og rasisme i den nordiske befolkninga. Med det vi har opplevd denne sommaren og alle rapportane i kjølvatnet av det om høgreekstreme ytringar på nettet, er det dessverre ei mulegheit ein ikkje kan sjå bort ifrå.

Det er uansett triste greier. Noko må gjerast. Det trengst ei satsing. På menneske. På mellommenneskeleg toleranse. Kunnskap om språk, historie og kulturarv må liggja i botn.

Nordhimmelen over Åsele/Sjeltie ved solnedgang i midten av august. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

 

Powered by Labrador CMS