Samisk språk:
Tal, spekulasjonar og språkforvaltning

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette innlegget vart først publisert kl. 12:04 tysdag 22. mars, men pga. ein stor og pinleg reknefeil vart det teke ned, og innlegget er no publisert med feilen retta.

Debatten rundt innlemming av Tromsø kommune i forvaltningsområdet for samisk språk rullar vidare, jf. m.a. Helge M. Markussons herverande blogginnlegg fredag 18. mars. Debatten handlar rett nok om meir enn skilt, og onsdag i forrige veke (16. mars) arrangerte Tromsø Museum Vin&Viten-møte med temaet «Samisk: truet eller truende?». Innleiarar var student og bysame Siri K. Gaski, Frp-politikar og fornorska senior Holger R. Raste og eg sjølv. 

Tromsø Museum har utstilling om samisk nasjonsbyggjing. Foto: Adnan Icagic, UiT

Eg var altså den einaste ikkje-samen blant innleiarane, og eg fokuserte på to forhold: Å presentera samisk språk i tal og å illustrera at spørsmålet om bevaring av samisk språk handlar om forholda for – og vala til – einskildindivid. Eg konsentrerte meg med det om «truet»-delen temaet for møtet, og det skal eg gjera her nedanfor også. «Truende»-delen er den biten som har fått mest merksemd i media dei siste månadane i og med at det truleg er årsaken til dei særs sterke meiningsytringane som har komme fram, særleg i anonyme nettdebattar hjå iTromsø og Nordlys med fleire. Det er den biten eg er minst kompetent til å svara på, og eigentleg vil eg helst overlata det til sosiologar, antropologar, psykologar og andre kjennarar av menneskesinnet. Emnet vart dessutan grundig og sjølvransakande debattert på det møtet som Helge M. Markusson referer til i sitt innlegg. (Siri K. Gaski har ei alternativ oppsummering av det møtet på sin blogg.)

Medias interesse
Eg skulle ha ønskt at media – særleg dei lokale – var interessert i å innhenta meir detaljert informasjon om kvifor dei samiske språka (eventuelt) er trua. Det er jo i alle fall eitt av utgangspunkta for at spørsmålet om å styrka samisk språk i Tromsø i det heile har komme opp. Så lat oss sjå på nokre tal – ein kan jo alltids håpa på at ein journalist svingar innom dette stykkjet og bit seg merke i noko av det som blir presentert.

Språkdatabasen Ethnologue
I følgje språkdatabasen Ethnologue er det til saman rundt 25.000 morsmålstalarar av dei ni noverande samiske språka som framleis blir tala. Nordsamisk har om lag 21.000 talarar. Med andre ord er om lag 85% av alle samisktalande talarar av nordsamisk: Dei resterande (om lag) 4.000 fordeler seg altså på dei andre åtte varietetane sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk, enaresamisk, skoltesamisk, kildinsamisk og  og tersamisk. Til saman utgjer den samiske språkgruppa eit kontinuum av språk og dialektar der den interne variasjonen kan samanliknast med den ein finn innanfor den nordiske språkgruppa (islandsk, færøysk, norsk, dansk, svensk) – kanskje er variasjonen endå større. Fordelinga av talarar over dei ulike samiske varietetane framgår av tabell 1.

Tabell 1: Tal for samisk i språkdatabasen Ethnologue.

Tala i Ethnologue er jamnt over 10-15 år gamle og det er all grunn til å føreta ei ny og grundig kartleggjing. For nokre av varietetane veit vi at tala ikkje stemmer: Databasen oppgir til dømes 500 talarar for kildinsamisk på Kolahalvøya, men i ein kommande artikkel* estimerer kollega og PhD-stipendiat ved UiT, Elisabeth Scheller, at talet på aktive talarar er om lag 100. For lulesamisk er vidare talet truleg nærmare 1.000 enn 2.000 slik databasen oppgir. Med motsett forteikn er det kanskje 30 – eller til og med 50 – talarar av pitesamisk igjen i traktene rundt Arjeplog i Sverige, og ikkje berre 20, så hipp hurra for det! 

Nordsamisk litt større enn sognemål…
Uansett er det liten tvil om at alle andre varietetar enn nordsamisk er svært utsette språk. Men også nordsamisk har få talarar: Til samanlikning har eg gjort eit overslag over kor mange det er som snakkar min eigen norske dialekt – sognemål – og komme fram til at det kan dreia seg om ein omtrent like stor populasjon (ca. 20.000)(dvs. sognemål forstått som dialekten i Midtre og Indre Sogn, altså slik som Liv Signe Navarsete, Yngvar Andersen, Olav Stedje og (til nød) Tone Damli Aaberge og snakkar).

Lese- og skriveføre på samisk
Fornyings- og administrasjonsdepartementet oppgir på denne sida at det finst om lag 25.000 som snakkar nordsamisk i Noreg. Det er truleg eit for høgt tal, i alle fall dersom vi snakkar om morsmålsbrukarar: Ethnologue har 15.000. For samtlege av dei samiske språka er det likevel slik at den etniske populasjonen er minst dobbelt så stor som talet på morsmålstalarar: For varietetane ume- og pitesamisk er den etniske populasjonen 50-100 gonger så stor! For Noreg, Sverige og Finland gir Ethnologue oss vidare informasjon om kor mange det er som er lese- og skriveføre i sine respektive samiske morsmål. Tala er ganske omtrentlege, men som det framgår av tabell 1, er lese- og skriveførleiken jamnt over eit godt stykkje frå 100%, og spesielt ille er det for Sverige der det sjølv for nordsamisk i beste fall er snakk om 30%. (Når det for nordsamisk og enaresamisk i Finland er oppgitt til 30-100%, må det seiast å vera eit høgst omtrentleg tal.)

Samisk som opplæringsmål
Tabell 2 gir eit oversyn over kor mange som hadde samisk som opplæringsmål i den norske skulen i perioden 2004-2008. Som vi ser, er det rett under 1.000 elevar som hadde nordsamisk som førstespråk og eit synkande tal frå drygt 800 til under 600 som hadde det som 2. språk i perioden. Til samanlikning var det i 2008 82.335 som hadde nynorsk som opplæringsmål. Tala for lulesamisk og sørsamisk er, som de ser, ganske beskjedne. Det at det er så få talarar, så få elevar i skulen og forholdsvis mange som ikkje kan lesa og skriva sine samiske språk, er i seg sjølv indikasjonar på at desse språka er trua. Spesielt sårbare er lule- og sørsamisk.

Tabell2: Elevar med samisk som opplæringsmål i grunnskulen, 2004-2008. Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Samanlikning med norsk
Men for å få eit meir nyansert bilete kan vi føreta ei samanlikning med norsk. I 2008 var det i følgje Statistisk sentralbyrå 612.078 elevar med bokmål og nynorsk som opplæringsmål (førstespråk) i den norske skulen. Ethnologue oppgir at det finst 4,65 millionar talarar av norsk – det er kanskje litt høgt, men burde ikkje vera svært langt frå sanninga. Viss vi tek desse tala, utgjer skuleelevane ca. 13% av populasjonen norsktalande, dvs. eit forholdstal på 1:7,7. Viss vi då gangar dei samiske tala med 7,7, får vi talet på den forventa populasjonen. Og dersom det talet er lågare enn den faktiske populasjonen, er det eit teikn på nedgang i talet på talarar – dersom det er større, er det eit teikn på oppgang. Resultata går fram av tabell 3.

Tabell 3: Tal på samiskelevar i høve til heile og den potensielle populasjonen av samisktalande

Som vi ser, får vi ifølgje desse talspekulasjonane at den forventa populasjonen er mindre enn den faktiske for alle dei tre samiske språka i Noreg når vi tek utgangspunkt i tala frå Ethnologue (jfr. tabell 1): Det forventa populasjonstalet er omtrent halvparten av den faktiske for nordsamisk og sørsamisk og endå lågare for lulesamisk. Sjølv når vi slår saman første- og andrespråkselevar kjem vi for nordsamisk sin del ikkje opp i det faktiske populasjonstalet. For lulesamisk gjer vi det, og for sørsamisk kjem vi godt over. 

Andrespråksundervisning av høg kvalitet er eit viktig ledd i språkleg revitalisering, men andrespråksopplæring er ikkje åleine redninga for dei samiske språka: Ei verkeleg revitalisering får ein først når ein får opp talet på born og unge med samisk som førstespråk. 

Balansert tospråklegheit
No reknar eg eigentleg med at tala for lule- og sørsamisk er så låge at det vanskeleg kan forsvarast å driva med denne typen talmagi. (Eg kan i grunnen ikkje så mykje om statistikk…) Vidare er det også øye viktig å ha klart føre seg at det å ha samisk som opplæringsmål i skulen ikkje er nokon garanti for at norsk (eller eit anna majoritetsspråk) ikkje blir det dominerande språket for einskildindivida seinare i livet. Skal samisk – og andre minoritetsspråk – sikrast ei framtid, handlar det mykje om å gjera einskildtalarane trygge og sterke på språket sitt. Grunnlaget for det må leggjast i unge år – i barnehage, skule og heim – og i det moderne vaksenlivet anno 2011 må talarane få møta eit utvikla media- og forvaltningsspråk på samisk.

Tospråklegheit er uunngåeleg for dagens samar, men balansert tospråklegheit må vera eit uttalt mål framfor majoritetsspråkleg dominans. Her passar det godt med ei omskriving av påtroppande språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonens utsegn: «Samisk når du kan, norsk når du må!». (Tospråklegheit er for øvrig eit gode for einskildindividet, jf. dette tidlegare blogginnlegget frå mi side.)

Språkrøkt og symbolar
Samisk må altså røktast på alle plan, slik som norsk blir det, skal det vera samfunnsberande for det samiske folket. Synleggjering i det offentlege rom gjennom t.d. skilting, er først og fremst ei symbolhandling, men også det er viktig, sidan det viser at språket har ein verdi og med det bidreg til å styrka sjølvkjensla til einskildtalarane.

Utvikling av pedagogiske og språkteknologiske hjelpemiddel er også heilt avgjerande i arbeidet med å bringa fram trygge samiskbrukarar, og her gjer Giellatekno – Senter for samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø eit imponerande arbeid. På nettsidene deira finn ein mellom anna fritt tilgjengelege ordbøker, verktøy som genererer bøyingsmønstre for samiske ord og jamnvel (forsøksvise) omsetjingsprogram – og ikkje å forgløyma utviklar dei også det nettbaserte språklæringsprogrammet Oahpa!

Illustrasjon: Bladet Nordlys ©

Med Tromsø inn i den samiske språkframtida
Og her passar det med å runda av med kva det vil ha å seia om Tromsø kommune går inn i det samiske språkforvaltningsområdet. I beste fall vil det styrka opplæringa i samisk for dei forholdsvis få – men viktige – borna i Tromsø som har det som morsmål: Fleire vil kunna ha det som førstespråk i grunnskulen, fleire vil få høve til å læra det som andrespråk, og tiltaket kan bidra til betre språkbalanse i blanda, tospråklege familiar, t.d. om den norske forelderen får høve til å ta kurs i samisk og ein med det opppnår at samisk i større grad blir heimespråket.

Den symbolske skiltinga vil i beste fall gi samiske born og unge betre sjølvtillit overfor språket, men eit endå viktigare moment vil vera at den offentlege forvaltninga i Tromsø vil ta del i språkrøktsarbeidet for samisk. Det siste er eit spennande kapittel, og som kollega Marcus Buck sa på Troms Journalistlags møte, vil det høgst sannsynleg ha mykje å seia for den vidare utviklinga av forvaltningsområdet for samisk språk at landsdelens største by også blir ein del av regimet.

–––––––––––––––––––––––––
– Meir stoff om samisk språk finn ein på Fornyings- og administrasjonsdepartementets samleside.
– Bladet iTromsø sine artiklar og oppslag knytta til «språkstriden» i Tromsø kan ein finna frå m.a. denne sida.

*Scheller, Elisabeth. Under utgiving. The Sámi language situation in Russia. In: “Ethnic and Linguistic Context of Identity: Finno-Ugric Minorities.” 79-96. Uralica Helsingiensia 5. Helsinki 2011.

 

Powered by Labrador CMS