Samiskballen rullar vidare...

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

"(Illustrasjonsfoto: Michal Aase)"

Den intense debatten i Tromsø omkring eventuell inngang i forvaltningsområdet for samisk språk stilna noko utover seinvinteren. Men etter påske har det så smått byrja å dra seg til att. 26. april presenterte avisa iTromsø ei meiningsmåling der fleirtalet av dei spurte er i mot at kommunen skal bli ein del av forvaltningsområdet for samisk språk. Og dermed fekk folket eit nytt kommentarfelt å utgyta sine meiningar på (sjå nedst i artikkelen). 

Meiningsmålinga stadfestar, tykkjer eg, magekjensla mi frå tidlegare i vinter då heile debatten tok laus, nemleg at det er mykje språkleg intoleranse blant nordmenn (jf. dette blogginnlegget). Fleire kollegaer og andre har sagt til meg at det ikkje nødvendigvis er slik, og eg har vurdert å endra oppfatning, men no veit eg ikkje lenger. I Tromsø har nok intoleransen fått næring av at heile debatten har fokusert på eit forholdsvis uviktig spor: Skilting på samisk og spørsmålet om «Romssa suohkan» skal stå før «Tromsø kommune». Men det er jo gale uansett å vera vitne til det til dels intense hatet som blir lagt for dagen!

I ein kronikk i Nordlys i går torsdag 5. mai gjorde eg greie for det eg meiner er det viktigaste spørsmålet: Om vi ønskjer å ta vare på samisk språk som ein viktig del av vår immaterielle kulturarv og i så fall kva vi må gjera for å få det til. Tittelen på kronikken var  «Grunnlaget for samisk språk», og innhaldet vil nok vera kjent for dei som har lese mine tidlegare blogginnlegg her på forsking.no no i vinter. Bodskapen er enkel: Vi må få opp talet på born som lærer samisk slik at fleire blir funksjonelt tospråklege på samisk og norsk (eller svensk, finsk eller russisk). 

Også dagens Nordlys (6. mai) inneheld ein kronikk om samiske forhold. Fagdirektør Jan Norum skriv om samiske utfordringar i helsetenesta og gjer greie for korleis dei blir møtt i Helse Nord. Sjølv om hans tekst ikkje handlar om forvaltningsområdet for samisk språk, kjem også han inn på spørsmålet, og han påpeiker at økonomiske fordelar for Tromsø kommune vil bli følgt av «betydelige forpliktelser». Han avrundar elles med Helse Nord sitt motto «Dearvvasvuohta Davvin - min guovlluin» (‘Helse i Nord - der vi bur’). 

Eg har elles hatt ein diskusjon om samisk i Oslo gåande i Aftenposten. Innlegget mitt 11. april fekk eit svar frå finansbyråd Kristin Vinje (H) den 18. april der ho gjer greie for at og  korleis Oslo kommune tilrettelegg for samar. Eg må innrømma at eg tykte svaret var litt god-dag-mann-økseskaft, så eg skreiv eit tilsvar som så kom på trykk 27. april der eg fokuserte på manglande berekraft for samisk språk i Oslo. 

No er eg verken demograf eller statistikar, og eg ventar på sett og vis berre på at det skal komma ein eller annan med den rette kompetansen som vil kritisera meg for min håplause omgang med tal. (Any takers out there?) I påvente av at så skjer, lever eg lukkeleg vidare i den tru at grunntanken min stemmer. Men ulukkeleg på vegne av dei samiske språka, sjølvsagt!

I neste veke arrangerer Sametinget ein språkkonferanse over to dagar iTromsø med fokus på status for bruk, bevaring og utvikling av samisk språk. Når samisk språk ikkje ein gong er sjølvsagt innanfor reinnæringa lenger, bør nokon kvar forstå at utfordringane er mange. Men hovudutfordringa er den eg allereie har nemnt: Korleis kan vi få fleire born til å læra seg samisk flytande. 
 

Powered by Labrador CMS