Samiske mål

Samisk språksenter i Kåfjord 20 år!

Skilt på grensa mellom Storfjord og Kåfjord kommunar i Lyngenfjorden. Mobilfoto: Øystein A. Vangsnes

Sist fredag heldt eg eit føredrag på 20-årsjubileet til Samisk språksenter i Olmmáivággi/Manndalen, Gáivuotna/Kåfjord i Nord-Troms. Føredraget hadde tittelen «Ei framtid for samisk», og eg prøvde så godt eg kunne å seia noko vitig om emnet. Konklusjonane i føredraget kan de sjå her, og resten av presentasjonen ligg til deling her for den som måtte vera interessert. 

Arbeidet med å vidareføra samisk språk krev stor innsats på alle nivå, frå den samiske grasrota til statleg politikk, og som i tidlegare samanhengar la eg vekt på kor viktig det er å rekruttera born og unge som brukarar av samisk språk, og at barnehage og skule er særs viktige instrument i den samanhengen. Dette er også i tråd med konklusjonane i Samisk språkundersøkelse 2012.

Samisk talknusing

Eg har tidlegare drive med talknusing og framskriving av talet på samiskspråklege i Noreg. Eg skal ikkje påstå at modellen min er veldig avansert – kanskje er han håplaust naiv – men ingen har så langt irettesett meg. Uansett er hovudtanken at viss vi tek utgangspunkt i talet på born som får samiskopplæring i den norske skulen i dag, og at det i hovudsak er desse som vil bera samisk språk vidare (i Noreg), vil vi ikkje få ein auke i talet på framtidige talarar i Noreg. Både dei som får opplæring i samisk som førstespråk (altså som har det som viktigaste opplæringsspråk i skulen, Samisk 1) og dei som får opplæring i samisk som andrespråk (Samisk 2 og 3) trengst viss ein skal oppretthalda same tal på samiskspråklege som vi har i dag. Dersom berre førstespråkselevane blir framtidige berarar av samisk, vil ein oppleva ei halvering av framtidige talarar av alle dei tre samiske språka i Noreg. Dersom også andrespråkselevane blir funksjonelle brukarar av samisk, vil talet på nordsamiskbrukarar kunna haldast på dagens nivå, medan ein for lulesamisk og sørsamisk vil oppleva ein auke.  

Språklause samar

Men ein del tyder på at berre eit mindretal av elevane som har opplæring i samisk som andrespråk, blir trygge, funksjonelle brukarar av samisk på lengre sikt. Truleg må dei i så fall komma frå, og vera i, miljø der samisken står sterkt eller på andre måtar vera sterkt motiverte.

Samtidig er det slik for den samiske populasjonen at mindre enn halvparten av dei som reknar seg som samiske, er funksjonelle brukarar av samisk. Og mange av samane som ikkje meistrar samisk språk, opplever det som eit sakn. Slik sett burde det vera ei målsetjing å auka talet på samiskkunnige, og det er då interessant å spørja seg ikkje berre kor mange elevar med samiskopplæring som må til for å halda oppe dagens nivå, men også kor mange som burde få samiskopplæring om ein tek utgangspunkt i talet på heile den samiske populasjonen (på norsk side), altså inklusive dei «språklause» samane. 

Kor mange samiskelevar burde det vera?

Til det siste gjorde eg ei utrekning i samband med føredraget i Manndalen. Og også dette reknestykkjet er forholdsvis enkelt. Det vil seia: Det er ikkje så heilt enkelt å vita kor mange samar det er i Noreg. Men om vi tek utgangspunkt i at det er 50 000 personar, utgjer det 1% av den totale folkesetnaden på 5 millionar. Når vi så veit at eit årskull elevar i den norske skulen er på ca. 60 000, betyr det at 600 av dei i prinsippet kan tenkjast å vera born av samiske foreldre – i alle fall om vi tenkjer veldig firkanta og ser bort ifrå at etnisitet er kjempevanskeleg. Viss vi så tenkjer oss at alle desse i prinsippet burde få samiskopplæring, anten som førstespråk eller andrespråk med tilbod gjennom heile skuleløpet, kan vi ganga talet med 10 klassetrinn. I så fall burde det vera 6 000 elevar som får samiskopplæring i den norske skulen. Det faktiske talet er drygt 2000 – i 2012 var det 2126. Talet på førstespråkselevar var 940. 

Med andre ord: Dersom talet på samiskelevar i den norske skulen skal avspegla talet på etniske samar i Noreg, bør det tredoblast. Og dersom vi vil vera meir beskjedne på den norske samiske populasjonens vegner og seia at totaltalet berre er 25 000, altså 0,5%, bør talet på samiskelevar like fullt aukast med 50%. Ein kan sjølvsagt pynta på talet ytterlegare og seia at andrespråkselevar treng det ikkje å finnast på alle trinn, og på den måten kan ein få talet ned mot det faktiske nivået vi har i dag. Men det siste kan vanskeleg kallast spesielt proaktivt frå eit språkrevitaliseringsperspektiv.  

Små og store mål

Er så ei slik øving som dette godt for noko som helst? Eg har mest lyst til at andre skal svara på det spørsmålet. Eg meiner jo svaret er ja, for sjølv om det samiske språkarbeidet til sjuande og sist handlar om stor innsats frå einskildindivid, i familiar, i barnehagar, på skular rundtomkring, om vaksenopplæring og språkbad, om meir synleggjering og så vidare, så er det nyttig også nokre gonger å løfta blikket og sjå det store biletet. Sjå korleis dei mange bekkane til slutt skal bli ei stor å. Og ved å talfesta dei store måla, blir det vonleg lettare å forstå kvifor tiltak på alle nivå frå statleg lovgiving og løyvingar til det daglege språkarbeidet i barnehagar og familiar er viktige og kvifor kvart einaste individ som blir samiskspråkleg, tel også i den store samanhengen.

Frå føredraget «Ei framtid for samisk» 28. november 2014 i Manndalen, Kåfjord

Powered by Labrador CMS