Samiskopplæring for alle!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne teksten er med nokre mindre endringar publisert som kronikk i Bladet Nordlys 29.11.2013.

Dersom Tromsø kommune og ordførar Jens Johan Hjort vil gå i spissen for tiltak som styrkjer samisk språk, bør dei arbeida for å få på plass ein samiskspråkleg opplæringsmodell som også rekrutterer born som ikkje har samisk som heimespråk. Dei treng ikkje vera etnisk samiske heller! Ja, for det går faktisk an å kombinera tospråksfordelar og språkrevitalisering! Opplæringslova opnar for det til og med!

Tospråklege fordelar for born
Internasjonal forsking i skjeringspunktet mellom psykologi og lingvistikk dei siste 20-30 åra har vist at det knyter seg utviklingsmessige fordelar til det å veksa opp med to språk frå tidleg alder. Ein av dei fremste forskarane på dette området, kanadiske Ellen Bialystok, gjesta UiT i byrjinga av november under Tromsø International Conference on Language Diversity og heldt eit hovudføredrag om dette med tittelen – omsett til norsk – «Tospråklegheit: Konsekvensar for tanke og hjerne». Føredraget er tilgjengeleg i opptak – klikk her!

Gaelic-medium education
Eit anna føredrag under språkkonferansen vart lagt fram av Fiona O’Hanlon ved Edinburgh-universitetet i Skottland. Hennar gruppe med utdanningsforskarar har undersøkt eit særskilt skotsk opplæringsprogram der skotsk-gælisk blir brukt som opplæringsspråk, «Gaelic-medium education». 80% av elevane i programmet har ikkje gælisk som viktigaste heimespråk, 67% av dei bur i lokalsamfunn der mindre enn 20% av innbyggjarane er gælisk-talande og 77% av dei går på skular med både gælisk- og engelskspråklege klassar.

Borna i det gæliskspråklege opplæringsprogrammet lever altså i ein kvardag som er totalt dominert av engelsk. I ein slik situasjon kunne ein kanskje forventa at når ungane ikkje blei underviste på det dominerande majoritetsspråket men i staden på eit marginalt minoritetsspråk, så ville dei bli skadelidande av dette.

O’Hanlon og kollegaene hennar fann det motsette. Når dei samanlikna nivået i lesing og skriving hjå elevar i gælisk- og engelskspråklege klassar i 5., 7. og 9. trinn, var det ingen skilnad for førstespråket (altså gælisk for den første gruppa og engelsk for den andre). Derimot fann dei ein skilnad når det gjaldt engelsk: Gælisk-elevane var på eit høgare nivå i engelsk enn dei einspråklege engelsk-elevane! For elevane på 5. og 7. trinn viste dette seg i lesing – i skriving var dei på same nivå. For elevane på 9. trinn viste det seg i skriving – dei las på same nivå som dei einspråklege engelske.

Utdanningsforskarane i Edinburgh fann elles ingen statistisk signifikant skilnad på nivået i matematikk og naturfag mellom dei to gruppene. Konklusjonen er altså at det skotske gæliskspråklege utdanningsprogrammet styrkar engelskkompetansen til elevane og at det elles ikkje er til noka ulempe for læring av andre fag. Liknande studiar frå både Wales og Nord-Irland peikar i same retning.

Språkrevitalisering
Det som er særleg oppløftande med dette, er at skottane har klart å etablera eit opplæringsopplegg som bidreg til at fleire born blir talarar av det trua nasjonalspråket gælisk.

Skotsk-gælisk har i dag om lag 60 000 talarar med førstespråkskompetanse. Det er lite, men heile den samiske språkgruppa, med sine 9-10 språk, har under halvparten så mange førstespråkstalarar, truleg ein stad mellom 25 000 og 30 000. Skal dei samiske språka overleva, må det rekrutterast nye talarar, og dei bør helst rekrutterast tidleg, i ung alder då språklæring skjer best.

Og det er eit stort potensiale. I tillegg til dei som snakkar samisk, finst det minst like mange personar som reknar seg som samar sjølv om dei har liten eller ingen kompetanse i samisk. Borna deira er potensielle tospråklege talarar av samisk + majoritetsspråk, og ein god del av desse borna blir då også heldigvis det. Vidare har mange personar på Nordkalotten og i Skandinavia samisk slektsbakgrunn utan at dei sjølve reknar seg som samar: Den samiske kulturen er tett innvoven i dei norske, svenske, finske og russiske samfunna i vår region, tettare enn mange vil vedgå.

Tospråkleg samisk opplæringsprogram
Og i byar som Tromsø, Alta og Bodø er potensialet særleg stort. Her er det mange born: born av samisktalande, av ikkje-samisktalande samar og av nordmenn og andre som verdset den samiske kulturen som ein viktig del av den nordnorske kulturen. Dersom så mange som mogleg av desse borna blir kompetente brukarar av samisk, vil det vera eit særs verdifullt bidrag til vidareføringa av samisk språk. Og fleire born som i utgangspunktet er einspråkleg norske, ville kunna ta del i tospråklege utviklingsfordelar.

Dette fordrar ein samiskspråkleg opplæringsmodell tilrettelagd og open både for samiske born – med og utan samisk heimefrå – og for ikkje-samiske born med berre norsk heimefrå. Altså slik den skotsk-gæliske modellen er kolopen for ungar med berre engelsk heimefrå.

Det er nok ei rekkje strukturelle hindringar som må ryddast av vegen for at ein slik offensiv samiskspråkleg opplæringmodell kan etablerast, alt frå skulebyråkratiske ordningar til psykososiale førestellingar hjå både samar og nordmenn. Men dagens lovverk er i alle fall ikkje noka hindring: Allereie i dag gir Opplæringslova ein rett til etablering av klassar med samisk som førstespråk når det finst ti eller fleire elevar som ønskjer det, og lova set ikkje noka krav om etnisk tilhøyrsle.

Så sjansen ligg der! Sjansen til å utnytta samisk som ein moderne pedagogisk ressurs og til å samtidig sikra denne viktige delen av nordnorsk kulturarv og identitet for framtida!

(Forsidefoto: Øystein A. Vangsnes)

 

Powered by Labrador CMS