Sidemålsrevolusjonen

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfattaren kjem med bok om språktoleranse til hausten, utgitt på (Foto: Samlaget)

Eg skriv for tida på ei bok om språkleg toleranse. Ho kjem ut på Samlaget til hausten. I eit av stykka tek eg føre meg «den pubertale trusselen» mot nynorsk. Trusselen handlar om samanhengen mellom to forhold.

På den eine sida etablerer kull på kull med bokmålsskrivande ungdommar ureflekterte negative haldningar til nynorsk, ukritisk tradert frå eldre elevar og sosialt akseptert av omgivnadane: Det går ikkje ein dag utan at norske ungdommar slengjer drit om nynorsk både på sosiale medium og elles.

På den andre sida byter opp mot halvparten av alle nynorskelevar hovudmål til bokmål i overgangen frå barneskule til vidaregåande skule, nokre allereie på ungdomsskulen og dei fleste når dei kjem på vidaregåande. Det mest omfattande språkskiftet skjer på Aust- og Sørlandet og kring større bokmålsdominerte byar som Bergen og Stavanger. Minst språkbyte er det i Sogn og Fjordane og andre område på Vestlandet der nynorsken står sterkt på alle nivå i samfunnet.

Det er ein samanheng mellom desse to forholda. Det vert sagt at årsakane til språkbyte frå nynorsk til bokmål er fleire, og det som oftast vert trekt fram, er at det er taktisk motivert: Elevar som har hatt nynorsk som hovudmål på barneskulen, meistrar også bokmål godt. For dei er det såleis ikkje vanskeleg å oppnå ein god karakter i bokmål hovudmål. Og sidan dei også meistrar nynorsk mykje betre enn elevar med bokmålsbakgrunn, oppnår dei også gode karakterar i sidemål.

Men kva med språkmobbinga? Kor kult er det å heile tida høyra at språket ditt er noko drit? At det er meiningslaust og ikkje har nokon verdi? For nettopp ungdommar i puberteten er det svært viktig å høyra til «in»-gruppa, å ha same meiningar som majoriteten. Det kostar å skilja seg ut – det krever rak rygg og bein i nasen å stå imot dominerande haldningar. Det gjeld i alle aldrar, men det gjeld i særleg stor grad i ungdomstida.

Fleire – ikkje minst politikarar i Høgre og Framstegspartiet – forklarar, og nærmast legitimerer, det pubertale nynorskhatet med at ungdommane ikkje ser vitsen i å læra nynorsk som sidemål. Difor bør dei også sleppa, fortset argumentasjonen (slik som til dømes her).

Eg forklarar det pubertale nynorskhatet med at dei fleste bokmålsungdommar har sitt første forpliktande møte med nynorsk på verst tenkjelege tidspunkt: I ein fase i livet der dei er kritiske til mangt og mykje, ein alder der deira eiga ego står i sentrum og der dei dessutan i avtakande grad er mottakelege for språkstimulering.

I går vart den nye læreplanen for norskfaget endeleg presentert av kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) etter halvtanna år med til dels harde diskusjonar. Det som fekk mest merksemd var hennar avgjerd om at det framleis skal vera eigne karakterar i sidemål både i 10. klasse og siste året på vidaregåande, både standpunkt og eksamen. Mange lærarar hadde ønskt seg noko anna, medan både Noregs Mållag og Språkrådet meinte det å ta bort eigen sidemålskarakter ville svekka stillinga til nynorsk her i landet.

Noko som fekk mindre merksemd, er at den nye læreplanen i norsk legg opp til at borna skal møta sidemålet langt tidlegare enn i dag. Dei skal lesa og høyra både bokmål og nynorsk på heile barnetrinnet og dei skal byrja med skriving av sidemålet på 5. trinn.

Dette meiner eg er ein aldri så liten revolusjon. Med positivt forteikn. Ein ting er at det i større grad vil stimulera den metaspråklege kompetansen til borna. No får ein sjansen til i større grad å ta ut det potensialet for metaspråkleg refleksjon som ligg i den norske tospråkssituasjonen – og då meiner eg i grammatisk forstand, ikkje språkpolitisk!

Men det viktigaste er at dette er eit veldig godt tiltak i kampen mot å byggja ned dei ukritisk, traderte negative haldningane til nynorsk. Pre-pubertale born har langt mindre fordommar enn eldre ungar, dei er meir lydhøyre for læraren og i mindre grad opptekne av å ha dei same meiningane som alle andre. Såleis vil dei også vera meir opne for å jobba med nynorsk. Og sidan yngre born dessutan er meir mottakelege for språkstimulering, vil dei også ha lettare for å læra det.

At mindre born lettare blir positive til nynorsk, veit vi. Det har vore gjort forsøk med tidleg start med nynorsk sidemål, mellom anna ved Våland skole i Stavanger, som viser at dette både gir positive norskfaglege effektar og at det byggjer ned fordommar mot språket. Å gjera dette til allnorsk politikk er difor berre positivt.

Bokmålselevar lærer av eldre elevar at nynorsk er noko drit. (Foto: © NRK)

Gevinsten får vi sjølvsagt først om nokre år, når born som no er på barnetrinnet, kjem på ungdomsskule og vidaregåande. Kanskje er det for mykje å håpa på, men kanskje kan vi då etter kvart få ein slutt på at bokmålsskrivande elevar automatisk endrar «Nynorsk ordliste» til «Spynorsk mordliste» – fordi det er tøft og fordi alle andre før dei har gjort det. Kanskje kan vi då få ein slutt på all dritslenginga om nynorsk og kanskje vil då færre nynorskelevar bli mobba over til bokmål.

Men situasjonen er skjør. Kanskje blir Høgre og Framstegspartiet valvinnarar til hausten og kanskje kjem dei til å gjennomføra sin vedtekne nynorskfiendtlege politikk med fjerning av obligatorisk sidemål og også fjerning av lov om målbruk i offentleg teneste («Mållova»). Det vil vera tiltak som slett ikkje kjem til å fremja språkleg toleranse og dei vil heilt klart ikkje heller bidra positivt til å stoppa språkskiftet blant nynorskelevar.

Førebels får vi likevel gleda oss over den positive sidemålsrevolusjonen som ligg i den nye læreplanen! Så får vi vera budde på å fortsetja kampen mot språkleg intoleranse i det politiske Noreg når den måtte komma!

Powered by Labrador CMS