Sámegiella Oslos ja Háštás

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I går hadde eg eit innlegg i Aftenposten om samisk i Oslo. Det var ein kommentar til ein artikkel i forrige veke der finansbyråd i Oslo kommune, Kristin Vinje frå Høgre, uttalte at: «Vi har ett språk: bokmål. Det er flott med mange kulturer og en fargerik by, men å satse mer på samisk er ingen god idé». Ein faksimile av artikkelen kan de sjå her. Det er altså finansbyråden som også har ansvaret for språkspørsmåli Oslo kommune. 

Eg skal ikkje gjengi kommentaren min her, sjølv om den er aldri så kort. Den ligg på nett og de kan lesa den der. Kommentaren følgjer opp det forrige blogginnlegget mitt der eg peikar på talet på born som mottek morsmålsopplæring på samisk, truleg er altfor lågt til å halde oppe det totale talet på samisktalande slik det er no. Det er knapt om saligheita i Aftenpostens debattsider, og den bodskapen eg måtte baka inn mellom linjene, var følgjande.

Dersom Oslo er den kommunen i landet som har flest samar – noko det frå tid til annan blir hevda – så er det rimeleg å tru at det også er den kommunen som har flest samiske born. I så fall skulle ein då forventa at talet på born som får opplæring i samisk i Oslo-skulen skulle likna på dei ein finn i Indre Finnmark. Men det gjer dei sjølvsagt ikkje: I 2008 var det i følgje SSB totalt 10 elevar som hadde nordsamisk som førstespråk i Oslo-skulen – totalt for alle trinn! Det var 11 som hadde såkalt nordsamisk som andrespråk 2. Det er låge tal og i alle fall ikkje tal som mætsjar det ein kan tru er det totale talet på samar i hovudstaden. (De kan søka opp tala frå denne sida hjå Statistisk sentralbyrå.)

Spørsmålet om samisk har no altså nådd Oslo kommune – det er ikkje berre i Tromsø, Alta og Bodø at samisk språk trengjer seg på i urbane strøk. Og i forrige veke fekk også Harstad smaka på samiskspørsmålet i form av skilting av bynamnet på samisk. Reaksjonen frå ordførar Helge Eriksen (H) var å seia at «Harstad har da ikke samisk navn». Til akkurat den utsegna kan ein replisera: Har Kautokeino, Karasjok og Tana norske namn? (Altså GuovdageaidnuKárášjohka, og Deatnu?) Det nordsamiske Háštá er interessant nok ein svært ortofon attgiving av måten både nordlendingar og samar uttalar namnet, så det skulle vel vera meir passande enn noko anna.

Eg kjenner ei frå Harstad som har hatt opplæring på nordsamisk i grunnskulen og opp igjennom vidaregåande skule. Ho seier det var ein kamp og mykje slit – stor utskifting av lærarar og mykje eigenstudering med lydkurs på jenterommet. Det enklaste hadde vore å lata vera. Det krev ein stor innsats og vilje frå eleven og foreldra, og det er det det handlar om i mange tilfelle: Skal ein stå på krava eller berre følgja på i hovudstraumen der lite eller ingenting er tilrettelagt? 

 

Powered by Labrador CMS