Språkåret 2013 blir sparka i gang i dag!

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Carl Christian Wischmanns portrett av Ivar Aasen frå 1881 (Foto: (Kjelde: Wikimedia Commons))

I dag går startskotet for Språkåret 2013 med ei festførestilling i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Det Norske Teatret står bak førestillinga og kulturminister Hadia Tajik står for den offisielle opninga. Språkåret 2013 er ei nasjonal feiring av språkleg mangfald med eit vell av store og små tilskipingar over heile landet gjennom eit heilt år. Eit av dei sju basisarrangementa i Språkåret 2013 er ei verdskonferanse i Tromsø 6.-8. November.

Bakgrunnen for Språkåret 2013 er dels at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd og dels at det er 100 år sidan Det Norske Teatret hadde si første oppsetjing. Feiringa har altså sitt utspring i det nynorske, men målsetjingane femner langt vidare.  

Språk og samfunn
Språk er den mest definerande eigenskapen ved menneske som art. Det finst ikkje noko samfunn av menneske som ikkje har språk, og det å ikkje ha språk, blir rekna som ei alvorleg funksjonshemming for individet. Prøv og førestill deg at det ikkje fanst språk!

Men språk kjem i mange ulike variantar. Ein reknar med at det i dag finst om lag 7000 ulike språk i verda. Dei aller fleste av desse omfattar i sin tur fleire og til dels svært ulike dialektar.

Det finst tusenvis av språk. (Foto: © Ivar Aasen-tunet)

Kvifor er det slik? Kvifor snakkar vi ikkje alle det same språket? Og kvifor synest nokre samfunn å hanskast betre med fleire språk medan andre ikkje gjer det? Kvifor blir regionale språk løfta fram nokre stader medan minoritetsspråk blir undertrykt andre stader? Korleis blir hjernefunksjonane til born påverka av om dei veks opp med to språk snarare enn berre eitt – eller med to dialektar snarare enn berre ein? Bør framandspråklege born undervisast på majoritetsspråket med eller utan støtte på morsmålet? Knyter det seg helsemessige effektar til språk og språkleg sjølvkjensle? Utgjer språkleg mangfald ei sikkerheitsutfordring i gitte situasjonar? Er grannespråksforståing (t.d. mellom skandinaviske språk) ønskjeleg og bør det i så fall fremjast gjennom politiske åtgjerder? Korleis kan informasjonsteknologi utviklast til både å underletta utfordringar og utnytta mulegheiter som ligg i språkleg mangfald? Korleis må ein ta omsyn til språkleg mangfald ved universell utforming?

Det fleirspråklege Nord-Noreg
Dette er berre nokre av svært mange samfunnsaktuelle spørsmål knytt til språk og språkleg mangfald som vi ønskjer å løfta fram på språkårskonferansen i Tromsø i november. Konferansen er tenkt å bli eit møtepunkt mellom forsking, politikk og forvaltning på området, og i tillegg til det faglege programmet vil det også vera allmennretta tilskipingar i byen, mellom anna i samarbeid med Verdensteatret.

Det er ikkje tilfeldig at konferansen er lagt til Tromsø. Nord-Noreg er historisk sett den mest fleirspråklege delen av landet vårt, og samisk og kvensk er saman med norsk ein viktig del av den immaterielle kulturarven i landsdelen. Men det er fleire og til dels vanskelege utfordringar når det gjeld å halda på, og gjerne styrka, denne språkarven. Det kom tydeleg fram i den opprivande debatten i 2011 om innlemming av Tromsø i forvaltningsområdet for samisk språk, og noko av det same ser vi på ny i samband med forslaget om trespråklege byskilt på innfartsvegane til Tromsø/Romsa/Trommsa. Tilsvarande ser vi at eit einsleg samisk skilt på innfartsvegen til Bodø/Bådåddjo igjen og igjen blir utsett for vandalisering: Mykje tyder på at toleransen for språkleg mangfald er låg i delar av den nordnorske befolkninga.

Trespråkleg skilt på Porsanger bibliotek (Foto: © Øystein A. Vangsnes)

Språk som kulturell frigjering og sosial utjamning
Språkåret 2013 tek altså utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Då Aasen verka, stod språk høgt på den politiske dagsordenen i den unge nasjonen Noreg. Det offisielle språket i landet den gongen var dansk, og Aasens etablering av eit nytt skriftspråk, tufta på dei norske dialektane, var eit radikalt tiltak den gongen: Det handla om språkleg frigjering frå dansk, og det handla også om språkleg utjamning og å flytta det språklege hegemoniet frå eliten til folket. I våre dagar der nynorsk i den nasjonale debatten stort sett handlar om sidemål i skulen og nytteverdien av to målformer, gløymer ein ofte dette aspektet ved Aasens prosjekt.

Aasen kom også til Tromsø. Han var i byen nokre heite julidagar i 1851. Lenger nord reiste han aldri, kanskje fordi det låg ei erkjenning av at norsk var eit minoritetsspråk i resten av landet og at dei norskspråklege som budde i Nord-Troms og Finnmark anten snakka som i Troms eller hadde nybyggjardialektar frå Sør-Noreg.

Orkidéæ i Mosjøen (Foto: © Øystein A. Vangsnes)

Nordnorsk og nynorsk
Landsmålet til Aasen, seinare ‘nynorsk’, fekk då også etter kvart ganske stor utbreiing i Nord-Noreg. Rett etter krigen var nynorsk det mest utbreidde skulemålet i store delar av Nordland, og eg har sjølv møtt mange eldre informantar på dialektinnsamlingsferder der dei siste åra som har hatt nynorsk som opplæringsmål. Også i Troms var det nynorsk mange stader, og til dømes i Tromsøysund kommune, landkommunen rundt Tromsø by, hadde mange skulekrinsar nynorsk som opplæringsmål på 40-talet.

Nynorsk er såleis også ein del av den nordnorske språkarven, noko som kjem tydeleg fram kvar gong nordlendingen Elias Blix sin hyllest til landsdelen, Barndomsminne frå Nordland, blir sunge i høgtidelege samanhengar.

Dei nordnorske språkmangfaldet – nordnorsk dialekt, samisk, kvensk og alle andre språk som blir snakka i landsdelen – fortener i alle fall å bli feira og løfta fram i Språkåret 2013. Det kan vi alle bidra til og kanskje kjem vi ut på den andre sida med styrka toleranse for språkleg mangfald i den nordnorske befolkninga.

Dette stykkjet er publisert som kronikk i Bladet Nordlys i dag 2. januar 2013. Det er berre gjort mindre endringar og lagt til lenkjer og illustrasjonar her.

Powered by Labrador CMS