Språkfrykt i osloskolen

Trur ein verkeleg at ein kjem mobbing og baksnakking til livs ved å forby framande språk?(Illustrasjonsfoto: Colourbox)

Her om dagen prata eg med ein lærar på ein osloskule, og eg vart ganske opprørt og forskrekka. Denne læraren jobbar på ein barneskule der så lite som kanskje 10% av elevane er etnisk norske og der nokre klassar ikkje har ein einaste elev utan minoritetsbakgrunn. 

Men det var ikkje det som gjorde meg forskrekka. Læraren fortalde at det på denne skulen er forbod mot å snakka andre språk enn norsk seg i mellom. Unntaket er viss det er ein lærar i lag med dei som kan det aktuelle språket. Då er det ein stillteiande aksept for at det er greitt. Men i utgangspunktet er det berre norsk som skal nyttast. Av elevar så vel som lærarar. Også på gangen og i friminutta. Også når det er leik og moro.

Grunngivinga for denne praksisen, i følgje læraren, er at lærarane skal vita kva som vert sagt i alle situasjonar. Det skal motverke mobbing og baksnakking. Elevane skal ikkje kunne bruka språka sine som eit skjult våpen til å snakka stygt om andre. 

Eg vart som sagt forskrekka. Sjokkert. Rysta. Kor i gjeldande styringsdokument for den norske skulen finst det ein heimel for denne praksisen? Kva pedagogisk forskning støttar opp under noko slikt? Den etnisk norske læraren kunne ikkje gi meg noko svar på det, og hen var heller ikkje noko begeistra for dette pålegget om å slå ned på tilfelle der borna snakka eit anna språk enn norsk. 

For det er eit svært negativt signal overfor dei borna det gjeld. Det tek som utgangspunkt at dersom borna nyttar eit anna språk enn norsk, har dei dårlige hensikter. Dei unndreg seg lærarane og medelevane sin kontroll, og det gjer dei ikkje utan grunn. 

Kva slags språksyn er dette? Kva om elevane vil snakka morsmålet sitt med kvarandre fordi det kjennest naturleg? Kva om dei gjer det fordi det stadfestar eit samband somme elevar i mellom og såleis kjennest trygt og godt? Og trur ein verkeleg at ein kjem mobbing og baksnakking til livs ved å forby framande språk?

Denne praksisen med å forby andre språk enn norsk bidreg ikkje til å styrka den språklege sjølvtilliten til ungane det gjeld. Det har i verste fall den effekten at ungane får eit negativt syn på morsmålet sitt. Dei får eit signal om at det språket har liten verdi. Det høyrer til i heimen og fritida.

Dette er fornorskinga i ny innpakning. Det er den same praksisen som vart nytta på skular for samiske og kvenske born gjennom store delar av 1900-talet. Norsk var det einaste språket som skulle nyttast, og brukte ein samisk eller kvensk, fekk ein mange stader både tilsnakk, kjeft og fysisk avstraffing. (Les meir om fornorskingspolitikken i Samisk skolehistorie, særleg band 4.)

Det er ikkje særleg oppbyggjeleg å forby eit barns morsmål på denne måten. Vi veit at det hadde negativ effekt på mange samiske og kvenske einskildindivid og vi burde ha lært såpass at vi ikkje gjer den same feilen overfor nye grupper med annan språkbakgrunn enn norsk.  (Sjå dette blogginnlegget av Hilde Sollid om kor lite vi har lært av fornorskingspolitikken når det gjeld språkopplæring av minoritetar.)

Den psykologiske effekten er ein ting. Den språklege effekten ein annan. Den får vi ta i neste omgang, og sjølv om den norske skulen i det heile i liten grad støttar opp om tospråkleg utvikling, kan ein i det minste slutta med praksisar som øydelegg for god tospråkleg utvikling. Eg veit ikkje om forbodet mot andre språk gjeld i andre osloskular enn den eine eg fekk høyra om, og kanskje er stoda langt betre andre stader. 

Men inntil vidare legg eg til grunn at skuleleiinga ved den aktuelle skulen ikkje har soge dette heilt av eige bryst, men at det har støtte òg i Utdanningsetaten og eventuelt hjå Byråd for oppvekst og kunnskap. Så, Astrid Søgnen og Tone Tellevik Dahl: Kva seier de til dei opplysningane eg har fått frå denne læraren? Er språkforbodet eit einskildtilfelle eller er det vanleg praksis ved skular med stort innslag av minoritetsspråklege? Viss det er vanleg, korleis godtgjer de det? 

Powered by Labrador CMS