Språkleg ekspedisjon

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eg er ny gjestebloggar på forskning.no, men har i fleire år vore ein av hovudbidragsytarane til prosjektbloggen til det fellesnordiske samarbeidet Nordisk dialektsyntaks – ScanDiaSyn.

Som det første innlegget mitt her vil eg bidra med eit “ferdabrev” frå ein tur til Sør-Troms for eit par veker sidan. Det er henta frå prosjektbloggen og gir eit innblikk i delar av forskingsverksemda mi.

Ferdabrev

Endeleg vart det tur til Sør-Troms! I løpet av det siste året har to planlagde ekspedisjonar vorte spolerte av sjukdom blant oss feltarbeidarane, så dette byrja å bli pinleg i forhold til dei rekrutterte informantane. Men no frå sundag til tysdag møtte eg opp i Kvæfjord og Lavangen utstyrt med kamera, mikrofonar og ferdig innspelt spørjeskjema.

Denne gongen gjorde eg innsamlinga åleine. Sidan eg berre hadde to informantar pr. dag, gjekk det heilt greitt. Den første økta hadde eg sundag kveld på Borkenes Omsorg og Aktivitetssenter i bueininga til ei eldre og klår dame godt oppe i 80-åra. Den omlag 20 år yngre sonen hennar hadde fått henne med på dette og han stilte sjølv opp som informant. Opptaka og dei andre undersøkjingane gjekk fint, og mykje av samtalane dreidde seg om liv og levnet på Kveøya, heimplassen deira, i tidlegare tider. Ferjetider la ramma for økta – sonen måtte komma seg heim. Om eit par år vil det ikkje vera ein aktuell situasjon lenger – arbeidet med brua ut til dei om lag 120 innbyggjarane er godt i gang.

Neste dag møtte eg dei to yngre informantane frå kommunen. Dei var begge frå Refsnes lenger inne i fjorden. Møtet skjedde på den vidaregående skulen på Borkenes, og både opptak og gjennomgang av spørjeskjema gjekk som smurt. Reint impresjonistisk tykte eg at eg kunne merka kor nær eg var Vesterålen når eg høyrde på informantane tala, kanskje særleg den eldre kvinna. Her var det a-presens og alveolare, frikative r-ar, men likevel ikkje e/eg, meg osv. som i senjamålsområdet. Vel, impresjonistiske observasjonar er no ikkje så mykje verdt – vidare studiar av opptaka får visa…

Kveøya i Kvæfjord i snødrev og mørketid. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Eg vil elles seia det var stor grad av samsvar i svara til alle dei fire informantane, men nokre få interessante skilnader beit eg meg no likevel merke i. I høve til mi eiga pågåande forsking var det påfallande at medan alle fire godtok Korsn bil har du?, dvs. med type-lesing for ‘korsn bil’, godtok berre dei to yngste Korsn bil e din?, dvs. med eksemplar-lesing for ‘korsn bil’ – dei to eldre ville der ha Kafføren bil er din? (altså ‘Kva for ein bil er din?’).

(Det passar perfekt inn i påstandane mine i ein artikkel om emnet i siste nummer av NJL, nemleg at type-lesinga for adnominal ‘korleis’ er den primære og at den så kan bli utvida til også å omfatta eksemplar-lesinga.)

Vidare reagerte både dei to yngste og mannen i 60-åra på setninga Kem trur du som har gjort det? medan den 80-årige dama godtok denne utan å blunka: Alle dei tre første gjenkjente uttrykksmåten, men graderte setninga som midt på treet. (Ingen av informantane godtok forresten brot på *that-trace-effekten: Alle avviste Kem trur du at __ har gjort det?.)

Eit tilsvarande mønster kom fram i bruken av ‘så/som’ istadenfor ‘enn’ i samanlikningssetningar: Berre den eldre dama godtok Han Jon e større så han Per, dei to mennene tykte setninga var tvilsam medan den yngre jenta avviste henne heilt. Dei to yngre godtok no elles Vil du ha en tel is? medan dei to eldre avviste det tvert.

Ein annan interessant detalj er at dei unge har supinumformer av sterke verb som endar på -n som i Ho har kommen hit kvær dag medan dei eldre ikkje godtok dette og ville ha komme istaden. Tilsvarande har vi no observert andre stader i Nord-Noreg også. Alle fire godtok elles utropssetninga Ka bila de va her! men avviste splitting som i Ka de va bila her!, det siste altså til forskjell frå svensk.

Kafé i i Harstad. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Midt i økta med dei unge på Borkenes hadde eg eit telefonintervju på direkten med Innlandet Nærradio/Salangen-Nyheter.com. Dei hadde fanga opp pressemeldinga eg sende ut eit par dagar tidlegare (truleg takk vera at Kommunikasjonsavdelinga la meldinga ut på nettsidene til UiT). Det var ein ganske artig samtale. Men då hadde eg faktisk allereie tidlegare på dagen gjort avtale med NRK Troms om å stilla opp på eit intervju i morgonsendinga neste morgon. Journalisten fekk oversendt nokre av testsetningane frå spørjeskjemaet, så då han ringde meg på hotellrommet i Harstad kvart over sju, hadde eg gurgla stemma og snakka litt høgt med meg sjølv så eg var klar til å ha ein samtale rundt korleis vi går fram med spørjeskjemaet. Det trur eg vart informativt og vellukka – de kan avgjera sjølve ved å høyra her.

Tjeldsund bru. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Etter frukost sette eg meg så i bilen med kurs mot Lavangen, først i regn på det snødekte landskapet i Harstad og Tjeldsundet, deretter i sludd gjennom Skånland og Evenes og så i snøvær over Gratangsfjellet. Frå Fossbakken og nedover Spansdalen møtte eg mildværet att. I Lavangen hadde eg avtale med to eldre informantar og hadde fått låna lokalet til Frivillighetssentralen i bygda. Også her gjekk opptak og spørjeundersøkinga som smurt. Samtalen mellom dei to inneheldt ikkje mykje dautid og dauprat og eg fekk fanga opp nokre gode historiar. Lavangen ligg jo i senjamålsområdet med ‘e/eg, meg, deg’ osv., lågning av [e] til [æ] i mange ord (/dæ/ for ‘det’ og [mæ] for ‘med’), og ikkje minst mulegheit for “svarabahktivokal” på adjektiva (en fine glunt). Eg lærte meg elles eit nytt uttrykk: “mæ kvært” (‘med kvart’) som tyder ‘av og til’. Det vart fortalt om ein doktor som var ny i bygda og som ikkje forstod kva pasientane meinte då dei svarte “mæ kvært” på spørsmål om dei hadde vondt. Det kan eg godt forstå!

I Lavangen har vi førebels berre data frå dei to eldre informantane – dei to yngre informantane frå Lavangen studerer i Tromsø, så dei skal vi møta her i nær framtid. Samanlikningar mellom dei yngre og eldre må såleis venta, men eg kan i alle fall melda inn nokre raske observasjonar om dei eldre. For det første fekk eg her same tilbakemelding som i Kvæfjord når det gjaldt Korsn bil har du? vs. Korsn bil e din?. Begge avviste det siste og ville heller seia Kefferen bil e din? og meinte at det der “korsn” var noko dei yngre dreiv på med! Interessant nok meinte dei også at ein alternativt kunne seia Kalass bil e din? (altså “ka slags” då, får ein tru). Elles avviste dei også tvert Kan eg få en tel is? og døma med subjektsgap etter at (Kem du trur at har gjort dæ?). Sterke supinumformer på -n hadde dei heller ikkje.

Eg tykte elles det var spesielt interessant å høyra om spørjeorda deira, bl.a. at dei hadde ke som ein variant av ka og då også kefferen og keffer. Begge hugsa at dei eldre sa karhelst for ‘kor(hen)’ og også korleisn for ‘korleis’. Skikkelege vestlandsvariantar, med andre ord! Eg fekk dessutan opplyst at den opprinnelege uttalen av bygda Tennevollen var /’tenevøln/, dvs. med ø-lyd for ein gammal o med kvist!

Etter at eg var ferdig med informantane, stakk eg innom Elling Ellingsen som har samla ei ordliste frå Lavangen på ca. 2800 ord og dessutan skrive ein grammatikkskisse for dialekten. Dette materialet skal vi få nytta oss av slik vi vil, og planen min er i alle fall på ein eller annan måte å få lagt det ut på denne nettstaden for nordnorske dialektar som Gunnar Hrafn og eg i det stille har byrja å utvikla. Elling og kona serverte kaffe og brødmat som smakte meg fortreffeleg i fråveret av ein skikkeleg middag, og vi prata om både språk og historie i det gamle Astafjord-distriktet. Svært lærerikt for min del.

Spansdalen/Ruŋgu – ei samisk bygd i Lavangen. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Så var det å komma seg opp Spansdalen att og heimover til Tromsø på E6 gjennom Indre Troms. Det hadde vore artig og gjort undersøkjingar også i nettopp Spansdalen, denne markasamiske bygda i Lavangen kommune, med utgangspunkt i det arbeidet som vart gjort av Thomas Hoel på 1980-talet (referert til m.a. i Hilde Sollid si doktoravhandling og i denne Nordlyd-artikkelen frå 2007 om så som ho har skrive saman med Kristin M. Eide). Men det får bli ein annan gong.

Powered by Labrador CMS