Språkleg intoleranse

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Når ein ser bort frå hendingane i Egypt, var forrige uke frå mitt perspektiv prega av mykje språkleg intoleranse:

Det lulesamiske vegskiltet i Bodø vart raskt tilgrisa. Foto: Knut Rindahl/NRK

(i) I Bodø står sinna i kok etter at eit vegskilt med lulesamisk namn på byen (Bådåddjo) vart sett opp under det norske – Avisa Nordland strøymer over av ilske og hatefulle innlegg om saka, og skiltet er allereie blitt tilgrisa.

(ii) Parallelt med dette er det i Tromsø ei oppheta stemning rundt spørsmålet om Tromsø kommune skal gå inn i det samiske språkforvaltningsområdet, noko som m.a. vil medføra meir skilting på nordsamisk og utvida rettar til opplæring på samisk for dei som ønskjer det. Ein underskriftskampanje mot tiltaket er starta og har raskt fått inn over 2.000 underskrifter.

(iii) På ein ungdomsskule i Elverum har ein rektor valt å kjøpa inn historiebøker på nynorsk med den argumentasjonen at elevane då får ekstra drahjelp i sidemålet også utanfor norsktimane. Reaksjonane mot tiltaket let sjølvsagt ikkje venta på seg.

(iv) Ein AP-komité leia av Jonas Gahr Støre har som eit av mange tiltak til betre integrering føreslege å innskrenka retten til morsmålsopplæring.

Det siste punktet er kanskje ikkje eit direkte utslag av språkleg intoleranse, men det kan godskrivast den same mangelen på verdsetjing av språkleg og kulturelt mangfald som også kjem til overflata i dei andre sakene. I tillegg er det mykje anna grums i desse spørsmåla, og kvar av dei er meir enn nok som emne for eigne blogginnlegg. Eg skal avstå i første omgong.

Men kva er det eigentleg med dette landet vårt? Vi språkforskarar opplever stadig vekk utanlandske kollegaer som dreg fram Noreg som paradeeksempelet på eit land med utstrakt språkleg toleranse. Her er det dialektmangfald i det offentlege og attpåtil to skriftlege kodar for det same språket. 

Samisk skilt på Tromsø bibliotek. Foto: Øystein A. Vangsnes

Sanninga er nok at vi ikkje er så mykje betre enn andre folk – kanskje er vi på visse felt verre. Korleis greier bodøværingar å føla hat og sinne for at ein må sjå eit byskilt på språket til urbefolkninga i regionen? Kvifor kan ikkje tromsøværingar anerkjenna at kommunen deira omfattar samiske, nyleg fornorska bygder som Ullsfjord og Lakselvbukt (m.fl.) og elles har mange tilflytta samar frå landsdelen som ønskjer at deira trua språk også skal kunna vera samfunnsberande? Kvifor er nynorsk blitt eit hatobjekt i den norske skulen og kvifor ser ikkje arge foreldre og elevar at ein kan bruka eitt fag (her historie) til å oppnå læring i eit anna (her norsk)? Kvifor tek ikkje Arbeidarpartiet inn over seg forsking som viser at morsmålsopplæring gir betre meistring både i majoritetsspråket og i andre fag og at tospråklege statsistisk sett har kognitive fordelar framfor einspråklege?

Det er mange spørsmål, og ein stakkars lingvist blir matt av tanken på å svara på dei alle. I tillegg melder skammen seg.

Powered by Labrador CMS