The Nordic Atlas of Language Structures Online (NALS)

I dag torsdag 21. november kl. 17.15 skal lanseringa av The Nordic Atlas of Language Structures Online (NALS) feirast i vestibylen på Georg Sverdrups Hus på Blindern, altså Universitetsbiblioteket ved Universitetet i Oslo. Dette skjer under konferansen 15. Møte om norsk språk som vert arrangert i november annakvart år rundt på omgang mellom dei ulike norske universiteta.

Nordic Atlas of Language Structures Online
Nordic Atlas of Language Structures Online

NALS er eit viktig «sluttprodukt» for det omfattande nordiske samarbeidet det siste tiåret om dokumentasjon og utforsking av syntaktisk variasjon i nordiske språk, gjerne kjent som prosjektparaplyen ScanDiaSyn og også kjent gjennom det nordiske spissforskingsnettverket NORMS.

I si noverande form innheld NALS 57 artiklar om ulike morfologiske og syntaktiske fenomen der det er geografisk variasjon i det nordiske språkområdet. Dei fordeler seg over seks hovudemne: 1) Verbfrasen: argumentstruktur og verbpartiklar, 2) Midtfeltet: subjektsplassering, objektveksling, hjelpeverb og tempusmarkering, 3) Venstre- og høgreperiferien: Subjunksjonar, spørsmål, ekstraksjonar m.m., 4) Nominalfrasesyntaks, 5) Verbplassering, 6) Binding og koreferanse.

Døme på kart frå Nordisk syntaksdatabase brukt i NALS
Døme på kart frå Nordisk syntaksdatabase brukt i NALS

Artiklane har ei relativt einskapleg oppbyggjing. Utgangspunktet for kvart fenomen er dataa frå dei spørjeskjemaa som er blitt brukte i ScanDiaSyn-prosjektet og som er samla og tilrettelagde for søking og handsaming i Nordisk syntaksdatabase. Dette er informantvurderingar frå over 200 stader i Norden, som regel med fire informantar på kvar stad. Informantane har vurdert testsetningar på ein skala frå 1 (dårleg) til 5 (god) opp mot eige talemål, og i databasen kan ein generera kart som viser kor dei ulike setningane får høg, middels eller låg skår.

Vidare har forfattarane også sett på kva data som finst om dei ulike fenomena i Nordisk dialektkorpus. Dette er ei samling med transkriberte talemålopptak, langt på veg gjort med dei same informantane som også har vurdert setningane i syntaksdatabasen. Dei som har følgt med på blogginga mi her på forsking.no, vil minnest at eg har rapportert frå ulike turar på datainnsamling rundt omkring i Nord-Noreg (t.d. Sør-Troms, Salten, Hattfjelldal, Aust-Finnmark), og det er nettopp m.a. denne datainnsamlinga som no dannar grunnlaget for dette elektroniske språkatlaset – saman med tilsvarande innsamlingar andre stader i Norden (sjå prosjektbloggen for fleire feltrapportar).

Der det finst andre kjelder, t.d. diskusjon i tidlegare litteratur eller anna eller data frå internettsøk og anna, er dette også gjerne med i artiklane. Det same gjeld for historisk utvikling dersom dette er kjent. Dei teoretiske diskusjonane er ikkje omfattande – vi har valt å halda att på det. Og sjølv om eg kalla NALS eit sluttprodukt ovanfor, er dette atlaset på ingen måte endeleg sluttført. Det er god plass til meir og det er enno mange fenomen i Nordisk syntaksdatabase som enno ikkje har nokon artikkel i NALS. Så arbeidet kjem til å fortsetja!