#TromSlang: Tromsø International Conference on Language Diversity

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Verdskonferanse om språkleg mangfald
I morgon brakar det laus! Då går eit av basisarrangementa i Språkåret 2013 av stabelen: Tromsø International Conference on Language Diversity  – med TromSlang som kortnamn. Dette er den einaste av dei sju basisarrangementa som er ein fagkonferanse  – og som er internasjonalt orientert.

Live stream – strøyming i sanntid!
Og du kan få konferansen med deg kor enn du måtte vera! Det vil seia delar av han. Så sant du har internettilgang. For dei fleste plenarsesjonane på konferansen vil bli strøyma i sanntid over internett. Ei oversikt finn du på framsida av konferanseheimesida – klikk her

Sametingspresident Aili Keskitalo Foto: Sametinget

Sametingspresidenten kjem
Det heile startar kl. 09.30 i morgon onsdag 6. På opninga vert det helsingstalar frå sametingspresident Aili Keskitalo og rektor Anne Husebekk, og det blir eit musikalsk innslag med den unge umesamiske artisten Katarina Barruk. Barruk er ein av få talarar av umesamisk og sjølv aktiv i arbeidet med å revitalisera dette språket. Tenk: Ein gong i tida vart umesamisk snakka også i Noreg, nærmare bestemt i Rana på sørsida av Saltfjellet. Om du ikkje har tenkt på det før, er Umskardet og Umbukta kjende namn i det umesamiske området på norsk side av grensa – liksom Ume älv og Umeå er det på svensk side.

Tett program
Etter opninga går det slag i slag dei neste tre dagane. Programmet byr på seks inviterte hovudføredrag, sju verkstader, nærmare 40 ordinære seksjonsføredrag og ein paneldebatt. Deltakarane kjem frå heile verda og føredraga er relatert til ei rekkje ulike språksituasjonar rundt om på kloden. Tematisk spenner føredraga frå språkrevitalisering og fleirspråklege klasserom til språkteknologi og kognitiv utvikling hjå tospråklege.  

Sidearrangement
Sidearrangement blir det også. Allereie rett etter siste føredrag i morgon onsdag opnar UB i Tromsø utstillinga «I am language», og seinare på kvelden tek ordførar Jens Johan Hjort imot konferansedeltakarane på Rådhuset. Torsdag kveld blir det filmvisning på Verdensteatret i serien ‘Språk og film’, denne gongen tilrettelagd for det internasjonale publikummet. Utstillingsopninga og filmvisninga er opne for alle interesserte. Og på laurdag 9. er det elles eit føredrag på Tromsø bibliotek og byarkiv om nynorsk og esperanto i regi av Tromsø esperantoklubb.

Paneldebatt om ‘språkleg mangfald og utdanning’
Tidlegare på torsdagen,. kl. 15.00, blir det elles, som ein del av programmet, paneldebatt om temaet ‘språkleg mangfald og utdanning’. Vi har prøvd hardt og lengje å få rikspolitikarar til å stilla på debatten  – ja, på opninga òg – men i møtet med ny regjering og framleggjing av tilleggsbudsjett skulle det visa seg å verta håplaust å dra slike folk ut av Oslo-gryta. (Eit interessant spørsmål er om det hadde lukkast uansett – det skal vi nok testa ut ein annan gong.)

Men i panelet har vi i alle fall fått sametingsråd Silje Karine Muotka og språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen til å stilla. Og Sigve Gramstad som er medlem av ekspertkomiteen for Europarådets charter for region- og minoritetsspråk. Og i tillegg til dei stiller tre internasjonalt vidgjetne forskarar som deltek på konferansen: Raphael Berthele, Elana Shohamy og Antonella Sorace. 

Delta på Twitter
Og politikarane nedi Oslo kan jo følgja det heile på nett om dei vil. Slik som du. Og delta kan du og dei også i viss mon via Twitter – då er det berre å bruka emneknaggen #TromSlang. Om vi får nokre gode spørsmål og reaksjonar, tek vi dei inn i debatten  –som blir leia av dekan Sonni Olsen ved Fakultetet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. (Neidå, lange institusjonsnamn skjemmer ingen, og dette reduserer vi enkelt til «HSL-fak ved UiT» i kvardagen!)

No dreg det seg til! Om ei lita stund skal eg henta ein «keynote speaker» på flyplassen, og i kveld blir det registrering og konferanseoppvarming på Verdensteatret Kafé og Filmhus. Vel møtt frå cyberspace til dykk der ute også!  

(Foto: © UiT Noregs arktiske universitet)

Powered by Labrador CMS