Wikipedia goes Frida?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Løgn og fanteri
Diskusjonen rundt Store Norske Leksikon (SNL) har gått friskt i det siste. Dei fleste som ytrar seg kjem ikkje unna å kontrastera nasjonalencyklopedien med Wikipedia, og i så godt som alle forsvarstalar for SNL ligg det anten implisitt eller eksplisitt kritikk av Wikipedia. Sylfest Lomheim, direktør i Språkrådet, hadde før påske eit innlegg i Aftenposten der han m.a. påstod at Wikipedia er skrive av «namnlause og ansvarslause».

I ein replikk i går gjekk Trond Trosterud og eg i rette med fleire av usanningane og dei feilaktige skuldingane til Lomheim, og eg møtte dessutan Sylfest til debatt i Dagsnytt 18 seinare på ettermiddagen. (Sjå her.)

Eg skal ikkje bruka så mykje plass på å gjengi diskusjonen. Eg trur Lomheim og mange med han ikkje har sett seg så godt inn i korleis Wikipedia er bygd opp og strukturert, og det inviterer eg alle til å gjera (open loggføring, diskusjonsfane, tal på registrerte brukarar, kvalitetsmerking og det motsette, open struktur, men med både styre og administratorar, osv.). Det er naudsynt for å skjøna kva Wikipedia kan bli, ikkje berre kva det er no.

Den store norske leksikonkrigen
Hovudbodskapen i replikken til Trond og meg er denne: Den reelle leksikonkrigen i Noreg står mellom engelsk og norsk Wikipedia, ikkje mellom Wikipedia og SNL (og allkunne.no). Det er Wikipedia folk brukar! Nettstatistikk viser at Wikipedia ligg på 9. plass av dei mest brukte nettsidene blant norske brukarar – sist vi sjekka, låg SNL på 383. plass. Vi bør ha ein kunnskapsdatabase slik Lomheim fleire seier, ja. Men er det gagn i ein kunnskapsdatabase som få brukar?

Vidare er Noreg og Danmark dei einaste europeiske landa der engelsk Wikipedia blir meir besøkt enn dei nasjonale versjonane.
I denne situasjonen må vi berre stikka fingeren i jorda og spørja oss sjølve: Korleis kan vi gjera norsk Wikipedia betre? Best muleg? For å styrka stillinga til norsk språk i den nye elektroniske kunnskapsrøynda er det dette som er viktig.

Frida-utteljing
Eit muleg svar er å spora fleire fagfolk og vitskapsfolk til innsats. Den einaste måten å få til det på innanfor UH-sektoren er 1) å la formidling gi uttteljing i Frida-systemet og 2) kopla loggføringa av Wikipedia-artiklar direkte mot Frida – vitskapsfolk registrerer seg som brukarar i Wikipedia og får utteljing t.d. pr. ord dei skriv. Teknisk sett skal dette siste ikkje vera noko problem. For å nå den språkpolitiske målsetjinga, skal sjølvsagt berre bidrag på norsk telja. Og bidrag på nynorsk bør like sjølvsagt telja dobbelt.

Dette vil vera å gå lenger enn UiB-forskarane Olav Anders Øvrebø og Torgeir Uberg Nærland gjer i sitt innlegg i september 2008. Men argumentasjonen deira er like gyldig i denne samanhengen.

Først må vi naturleg nok ha ein debatt om forslaget. Det må synka inn. Vi må diskutera overbygning og implementering og korleis t.d. Kunnskapsdepartementet må gå inn med friske belønningsmidlar til aktiviteten osv. Det er greit – køyr debatt! Men løysinga ligg der – det er berre å jobba seg framover i den retninga!

Citizendium
I går etter diskusjonen med Sylfest las eg dette intervjuet med Larry Sanger i Morgenbladet. Sanger er ein av gründerane bak Wikipedia, men har no lansert eit alternativ – Citizendium – som berre tillet registrerte brukarar å skriva og som har eit system der artiklar får eit godkjenningsstempel av ein fagperson (eller fleire?) når dei når eit visst kvalitetsnivå. Etter det blir artiklane framleis redigerte vidare på same måte som i Wikipedia, men dei må altså få eit nytt godkjenningsstempel før den reviderte utgåva får status «approved».

Kanskje er dette løysinga på korleis vi kan få ein god kunnskapsdatabase, ein database som både er dynamisk og som verdset kunnskapen også til vanlege borgarar, ikkje berre erklærte fagfolk, men der det blir ført strengare kontroll.

Kunnskap til folket der folket er!
Problemet er like fullt å få folk til å bruka ein slik database framfor Wikipedia – Wikipedia har no opparbeidd seg ein så sterk stilling i folks medvit at det er vanskeleg å konkurrera. Inntil vidare held eg difor ein knapp på gjera det beste ut av Wikipedia. Og eg trur også at med Frida-utteljing – som netto belønning, ikkje fordeling etter «kakeprinsippet»! – og dermed forhåpentligvis ei kraftig auking av skribentar, og helst administratorar, frå UH-sektoren, vil kvaliteten på Wikipedia raskt bli endå betre.

PS! Sjå elles analysen av Store Norske Leksikon i blogginnlegget til Morten Stene 2. påskedag og særleg lesarkommentarane der.

Powered by Labrador CMS