Sentrumstre gir gode nærmiljø og større naturmangfald. Foto: Kyrre Groven.

Kva skal vi med tre i sentrum?

Trea som veks i sentrum står lageleg til for hogg når bilar, bustader og butikkar har bruk for meir plass. Vi gløymer lett at treet det tok ti minutt å felle, brukte 100 år på å bli stort.

Midt i Sogndal står eit vakkert, gammalt pæretre. Det høyrer til bergamott-pærene, som vi sporar vi heilt tilbake til Lille-Asia og romersk tid. Dette ikoniske blikkfanget er det mest fotograferte treet i sentrum. Det tener også som ei staseleg påminning om identiteten til saftbygda Sogndal. Sist, men ikkje minst, er blomstrar, frukt, grov bark og daud ved på treet viktige ressursar for alskens småkryp som også bur i sentrum: bier, maur, spretthalar og nettvinger. Foto: Kyrre Groven.

Hugsar du dei heitaste dagane i sommar? Då parkeringsplassane låg som ørkenar i solsteiken, og berre tanken på ein tur på butikken var strevsam. På slike dagar er det godt å kvile både føtene og hovudet under eit tre, på ei kjøleg grasmatte.

Eit godt sentrum for folk byr på meir enn varer og tenester: vi vil ha skuggefulle kvilestadar, lyden av fuglar og insekt, god lukt og rein luft. Tettstadar med mykje tre leverer på alle desse punkta – i tillegg bind dei jord og vatn når regnet auser ned og trugar med å drukne kjellarar. For hundre år sidan budde dei fleste i Noreg på bygda. I dag bur fire av fem i byar og mindre tettstadar, som t.d. Sogndalsfjøra. Kva skal til for at folk trivst i sentrum, og likar å bruke tid der?

Trea forsvinn

I storbyane har dei skjønt noko viktig: Tre må takast vare på. I København har dei til og med laga ein eigen trepolitikk, med mål om at minst ein femtedel av byen skal vere dekt av trekroner. Kor stort areal trekronene utgjer i mindre, norske tettstader veit vi ikkje, men akkurat for Sogndalsfjøra har studentar og forskarar ved Høgskulen på Vestlandet kartlagt dekninga av tre og grøne flater i dag, og samanlikna med korleis det var for tretti år sidan.

På tretti år har desse flatene krympa frå 40 til 26 prosent. Kvart sjette tre i Sogndal sentrum har blitt hogd. At to av tre frukttre samtidig forsvann og blei erstatta av tuja og gran, bør vere ein tankevekkjar for fruktbygda Sogndal. Her vart hovudgata i si tid kalla opp etter trea vi plukkar dei smakfulle gravensteinsepla frå.

Høgblokk for småkryp

Tre i sentrum er fint ikkje berre for oss menneske, men òg for ein del varmekjære småkryp. Dette har vore vist i store byar, men korleis er stoda i ein halvstor tettstad som Sogndal? Det fann to HVL-studentar ut i nokre augustdagar i 2019, då dei samla inn alt som kraup eller flaug rundt 21 utvalde sentrumstre. Viss vi menneske syns vi bur tett, er det ingen ting imot småkrypa! Heile 1600 såkalla leddyr levde i og under trea dei undersøkte, så her kan vi trygt snakke om tettbygde strøk.

Kven bur i eit typisk sentrumstre i Sogndalsfjøra? Johanne Hovland hjelper Amalie Svendsen og Johannes Nyborg (ikkje med på bildet) med å henge opp insektfeller for å få svar på spørsmålet. Studentane brukte dei fargerike venge-fellene for å lokke og fange flygande insekt. Foto: Kyrre Groven.

Studentane fann sommarfuglar og bier, som gjer ein svær jobb med å frakte blomsterpollen. Dei kom også over ein markkakerlakk, den einaste ville kakerlakken vi har i Noreg, og variantar av dei primitive børstehalane, «friluftsfetterane» til sølvkrea og dei frykta skjeggkrea.

Johannes Lande Nyborg jaktar på småkryp i Sogndal sentrum med utradisjonelle verktøy: paraply og sleiv. Foto: Amalie Svendsen.

Plassering er alt

Det blir sagt at tre ting avgjer kor attraktiv ein bustad er: plassering, plassering og plassering. Der er vi menneske og småkrypa like. Sogndals-småkrypa føretrekte trea langs elvekanten og i sentrumshagane. I tillegg var dei tydeleg meir begeistra for frukttre enn for tre utan blomstrar. Tre i asfaltørken var derimot ein real festbrems for alle bortsett for mest hardføre maur-artane. Kort sagt er småkrypa som oss: dei trivst med tre og gras rundt seg, og slit viss det blir for heitt under føtene.

På varme sommardagar er trea særs viktige for å kjøle ned heite sentrumsgater. Desse bilda, tekne med varmesøkande kamera i den vesle byen Zvolen i Slovakia, illustrerer tydeleg kor stor forskjellen er mellom opne, asfaltdekte plassar som blir intenst gulfarga, og svalande parkar, som får lilla farge. Foto: Magi Pichler, Twitter.

Berre eit tre?

Sjølv om dei fleste nok er glade i sentrumstrea, går det rett som det er gale. Tek vi Sogndal som eit døme, har det skjedd mykje sidan kartlegginga vår for tre år sidan. To fine tre på den lokale tusenårsplassen, Allmenningen, blei hogde sommaren 2021 i samband med ein musikkfestival.

I august 2021 hogg vegvesenet ei rekke høgvaksne sølvpilar ved Billags-tomta. Våren 2022 har dei varsla at dei fine lindetrea i Gravensteinsgata vil forsvinne, når dei mjuke trafikantane no skal få trygg sykkelveg gjennom sentrum. Austbreidda av Sogndalselva, som tidlegare var eit eldorado for insekt og fugl med kratt av selje, gråor og forvilla frukttre, er no rydda for å gje plass til fleire bustader.

I kvart enkelt tilfelle er det lett å tenkje at det ikkje gjer så mykje å hogge eit tre – det er jo «berre eit tre». Og strengt tatt er det ein ganske enkel operasjon: på ti minuttar kan ein legge over ende ein kjempe som kanskje har brukt 100 år på å bli vaksen.

Vi er dessverre ikkje vande med å tenke på trea våre som ein sårbar ressurs, og skjønar gjerne ikkje før etterpå kva vi hadde, og kva vi mista. Det er nemleg ikkje det same om eit tre er stort eller lite. Store tre gir meir skugge, syg opp meir vatn, reinsar meir luft og har mange fleire bustadar for insekt, sopp og fugl – dermed blir dei også viktigare for naturmangfaldet. Som elles i livet, tek det tid å bygge opp gode relasjonar.

På 70-talet vaks Chipko-rørsla fram i indisk Himalaya. Kvinnene i landsbyen med same namn slo ring om store tre som skulle hoggast, noko dei rettmessig frykta ville føre til ras og flaum. I tillegg til å påverke indisk miljølovgjeving, inspirerte dei naturelskarar i mange land til å drive med treklemming. Foto: NA, CC BY-SA 4.0 Wikimedia Commons.

Ver ein venn – plant eit tre

Kanskje skulle også norske tettstadar lage sin eigen politikk for tre, slik ein har gjort i København? Første bod må vere å ta vare på eksisterande tre, spesielt dei mest storvaksne og prektige utgåvene. Så bør ein erstatte alle tre som blir felt, og passe på at trerekkene og dei grøne områda heng saman. Det er også viktig å tenkje på trea i all planlegging, og redusere stress frå stadige byggeprosjekt, salt frå veg, og tette asfaltflater som held regnvatn vekk.

Plantar ein nytt, kan ein verkeleg boltre seg, og til og med velje treslag som folk kjenner att, og kjenner seg att i. For ei fruktbygd som Sogndal vil skikkelege frukttre ha ein sjølvsagt plass. Men det er også andre gode, lokale kandidatar. Eit døme er den vesle sogneasalen, som berre veks nokre få stadar i Indre Sogn. Vi har også ‘Fortuna’-bjørka, med sine snåle, djupt flika blad. Den vart funnen på Skåri i Mørkridsdalen for 50 år sidan og blir berre selt éin stad i Noreg, på den lokale planteskulen. På same måte kan kvar tettstad i Noreg finne sine eigne «signal-tre».

'Fortuna'-bjørka har dekorative, djupt flika blad. Dei minner om blada til 'Ornäs'-bjørka som er mykje brukt i grøntanlegg. Foto: Inger Auestad

Til sist nokre ord til alle dei som reddar verda littegrann kvar dag i sentrumshagane sine, der dei steller blomstrande frukttre og grøne flater. Viss dei ikkje går bananas med sprøytemiddelflaska, eller køyrer greiner og plenklypp rett i brundunken, men heller aksepterer litt ugras og ein kvisthaug i eit hjørne av hagen, er dei med på å skape eit eldorado både for folk, småkryp og fuglar.

Forskingsprosjektet

Surround utforskar vilkår for berekraftig tettstadutvikling. Vi har kartlagt endra arealbruk over 30 år og analyserer drivarar bak endringane.

Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet (MILJØFORSK) og blir leidd av Vestlandsforsking. Høgskulen på Vestlandet har registrert endringar i grøntstruktur i fire tettstader, blant anna Sogndalsfjøra.

Les meir om prosjektet på tettstad.no.

Studentoppgåvene

Fleire studentgrupper ved Høgskulen på Vestlandet har skrive bacheloroppgåve i regi av Surround.

Amalie Svendsen og Johannes Lande Nyborg skreiv i 2020 om leddyr i tre i Sogndalsfjøra.

Henning Stokstad og Emma Gamme skreiv i 2019 om endringar i grøntstruktur i Sogndalsfjøra over 30 år.

Samme år leverte Amanda E. Andersen, Hilde Skadal og Maria Spangen ei oppgåve om arealbruksendringer i Sogndal kommune.

Powered by Labrador CMS