Blogg: Vill vest

Om Vill vest:

Kva skjer ute i naturen akkurat no? Det har vi lyst å fortelje om i bloggen vår! Vi er økologar ved Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Naturen er laboratoriet vårt, undervisningsrommet til studentane våre og ei utømmeleg kjelde til gode opplevingar og begeistring over smått og stort.

Vi forskar på og underviser i mangfaldet av planter og dyr i skogen, i enga, på fjellet og i fjorden og det kjem bloggen til å bere preg av.

Instituttet vårt i Sogndal har elles fagfolk som kan mykje om alt frå geologi, geografi og fornybar energi til kulturminne og astrofysikk. Dei kan òg kome til å skrive her.

Kontakt: inger.auestad@hvl.no og stein.joar.hegland@hvl.no

Powered by Labrador CMS