Blåbærbonanza, slik vi drøymer om den! Slike år kjem heldigvis ganske ofte og mange stader i vårt vidstrekte, varierte land her mot nord. (Foto. S. J. Hegland)
Blåbærbonanza, slik vi drøymer om den! Slike år kjem heldigvis ganske ofte og mange stader i vårt vidstrekte, varierte land her mot nord. (Foto. S. J. Hegland)

Kva skal til for (ikkje) å få blåbærbonanza?

Storarta blåbærår kjem av godt sexliv med hjelp frå vibrerande gjester. Katastrofeår skuldast frostskadar og klimatrøbbel.

Ein ting er sikkert: I Norge finn ein alltid blåbær ein eller annan stad. Blåbærplanta er den vanlegaste av alle dei ville bærplantene våre, og veks både i skog og ope lende, i lågland og høgt til fjells. All denne naturvariasjonen gjer det samstundes umogeleg å komme med eit nasjonalt blåbærvarsel. Men likevel er nokre blåbærår betre enn andre, og enkelte år heilt katastrofale! At det er slik, heng saman med blåbærplantene sitt nokså avanserte sexliv.

Under ei dyne av snø

Grunnlaget for eit godt sexliv vert lagt om vinteren- eller kanskje alt året før. Gode bærår kan nemleg tære litt på ressursane og føre til dårlegare blomstring år etter. Eller motsett: eit dårleg bær- og fruktår kan bli følgt av eit ekstra godt år.

Dette skjedde mange stader i 2020 etter botnsesongen 2019. Alle som har frukttre kjenner til fenomenet. I økologien kallar vi det "ressursallokeringsprinsippet", som peikar på at både ville planter og dyr berre har ei viss mengd ressursar tilgjengeleg. Desse må dei fordele på vekst, blomstring, frø- og fruktproduksjon, og til slutt overleving. Mykje blomstring og mange bær gir altså mindre til vekst, helse og forsvar, og motsett. Men sidan årets blåbærhaust mange stader også er ganske super, er ikkje fjoråret nok til å forklare at vi kan fråtse i saftige blåbær no.

Snødekke er nemleg viktig. For at vårens sexliv skal bli greitt for herr og fru Blåbær (begge kjønn på ei plante, i ein blomst), trengst ei dyne av snø. Blåbærplanta er tilpassa eit liv med snødekke om vinteren, så utan vernet frå snø, kan ho få frostskadar som minskar blomstringa. Sist eg såg resultatet av dette, var på ein fjelltur i Jotunheimen. Etter å ha klyve knappe 500 meter opp i dalsida frå Utladalen, der mange av blåbærplantene var frostskada og heilt tomme for bær, flata terrenget ut. Og vips, så bugna det av bær, både blåbær, blokkebær og molter. På flata hadde nok snøen blitt liggande som ei beskyttande dyne mot den kalde vinteren.

Den viktige bløminga

Blomstringa betyr alt for bærhausten. Dersom vinteren ikkje tek knekken på knoppane, ligg mykje til rette for ein blå haust. Blåbær er ei av dei få ville blomsterplantene som fyller den tidlege våren med fargar og lukter frå titusenvis av blomster.

Men blomstring om våren er risikabelt, og her kan sexlivet til planta få seg ein knekk. Jokeren er nattefrosten. Det nemnte katastrofeåret 2019 var eit resultat av nattefrostens dødlege stikk. Den gang var det tidleg blomstring under ein varm vår. Nattefrosten kom likevel og tok livet av blomstrane. Då er håpet om eit godt sexliv sett på vent for planta. Men faktisk, der snøen låg lenger det året og blomstringa kom seinare så blei det kanonbra med bær.

Frostskadar på blomster er eit kjent fenomen i fjellstrøk og mot nord. Men det skjer også i varmare lågland, no sist rapportert om som grunnlag for ein svak vindruehaust i Frankrike. Kort vinter med tidlegare blomstring, som har blitt meir vanleg gjennom klimaendringane, kan gi hyppigare frostskadar. På sju år har vi observert to slike sesongar blotta for blåbær i våre forskingsfelt. Blåbærplanta sjølv, som er fleirårig, lever derimot godt med desse svingingane. Ho ladar opp til neste års bløming med å vekse litt ekstra og ventar på betre tider med eit meir spenstig sexliv.

Humlene trumfar dei fleste andre insekt med ferda si frå blomster til blomster. Med sine vibrerande og hårete kroppar er dei livsviktige for blåbærhausten. (Foto. S.J. Hegland)
Humlene trumfar dei fleste andre insekt med ferda si frå blomster til blomster. Med sine vibrerande og hårete kroppar er dei livsviktige for blåbærhausten. (Foto. S.J. Hegland)

Blomster og bia

Til slutt handlar jo alt om blomster og bier! Dei fleste plantar får finare og større frukter med god pollinering frå insekt. Blåbær er absolutt ei slik plante. Blomstringa må skje til rett tid. Det er livsviktig at ho stemmer med humledronningane si oppvakning frå vinterdvalen. Humlene har nemleg ei heilt spesiell evne som gagnar blåbæret: ho flyr med sin vibrerande, kraftige kropp frå blomst til blomst og dreg med seg blomsterstøv. Sex og gode vibrasjonar gir altså bonanza i skogen og i år der timinga klaffar, er bærhausten så godt som i boks.

Fordi blåbæra er rike på blomar, er dei superviktige både for humledronningane og humlebolets første arbeidarar, som svirrar rundt på kjølege vårdagar i april og mai med lite anna mat til råde. Også andre bier, slik som den fjellsandbia og enkelte sommarfuglar, er òg å sjå på blåbærblomane. Fjellsandbia heiter faktisk blåbærbie - Billberry bee - på engelsk, og berghumla heiter Bilberry bumblebee.

Kva er den gode blåbærplassen?

Skal ein spå om blåbærhausten, er det dei elendige åra som er enklast å forutsjå. Men vi kan prøve å peike ut dei gode blåbærplassane på førehand også. Vern mot frost er altså eitt av kriteria, og eit anna er gode forhold for humler. Du finn blåbæra der det er lite til middels med næring i jordsmonnet. Eg plukkar gjerne på små hogstflater der det har vakse furu, men lysopen skog av furu, gran eller bjørk – eller over fjellgrensa – kan også fungere.

Eg likar blåbær, men eg er ein utolmodig plukkar. Difor er eg blitt god til å finne meg favorittstadar og plukke mykje og fort. Mine blåbærplassar i den varme og tørre delen av indre Sogn ligg gjerne i aust- eller vestvende lier, ein stad mellom 200 og 600 meter over fjorden. Der det blir varmt nok under blomstringa, men ikkje for tørt under vekstsesongen.

Årets fangst var ikkje verst; fleire plukkekompisar har rapportert om det same andre stadar. August er den blå månaden framfor nokon, kom deg ut og finn ditt eige blåbær-paradis!

Det tok litt over ein halvtime å fylle denne 10-litersbøtta på Kaupanger i Sogn. Det er vel eit teikn på blåbærbonanza? (Foto: S. J. Hegland)
Det tok litt over ein halvtime å fylle denne 10-litersbøtta på Kaupanger i Sogn. Det er vel eit teikn på blåbærbonanza? (Foto: S. J. Hegland)
Powered by Labrador CMS