Å lese faget med engelske briller handlar ikkje berre om å skifte språk.
Å lese faget med engelske briller handlar ikkje berre om å skifte språk.

Å lese faget med engelske briller

Publisert

Internasjonalisering av høgare utdanning fører ofte med seg ei endring av undervisningsspråket. Målet om auka mobilitet blant forskarar og studentar gjer at ein ofte byter ut norsk med engelsk. Men når ein byter ut språket, set dette krav til språkkompetansen til både førelesarar og studentar. Og det er ikkje berre språket i seg sjølv som vert endra; også brillene, eller referanserammene, som me les og forstår faget gjennom, endrar seg.

Språket som ledd i internasjonaliseringa av høgare utdanning

Stortingsmeldinga (St.meld 16) legg vekt på at internasjonalisering er ein føresetnad for kvalitet og difor bør inngå som ein naturleg del av utdanninga. Det å ta inn engelsk i pensum og på førelesingar er ein måte å introdusere studentar for det globale kunnskapssamfunnet og legge til rette for internasjonalisering. Dei språkpolitiske retningslinjene på Høgskulen på Vestlandet seier til dømes at forsking og undervisning skal halde høgt internasjonalt nivå, og at «på alle nivå vert det venta at studentane skal kunne gjere seg nytte av faglitteratur både på norsk og engelsk». Sjølv om ordlyden varierer, så går dette temaet att i dei fleste språkpolitiske dokumenta ved norske universitet og høgskular.

Men er det berre å byte språk?

Å byte språket i undervisinga er ikkje alltid like enkelt. For studentane kan det vere vanskeleg å plutseleg måtte lese, lytte til eller kommunisere på eit andre- eller tredjespråk. I ei spørjeundersøking eg gjennomførte som ein del av doktorgradsprosjektet mitt, rapporterte fleire studentar ved nordiske universitet at det kunne vere utfordrande når universiteta forventa at bruken av engelsk i pensum og på førelesingar gjekk seg til av seg sjølv. Ein student sa: «Det tas som en selvfølge at alle kan engelsk, det er ikke tilfellet. Det som dessuten går igjen er at professorer ikke tar høyde for at det er mer krevende å lese vitenskapelige tekster på et annet språk enn norsk.»

Fleire av studentane etterlyste ei meir medviten haldning til bruken av dei ulike språka i undervisninga. Nokre tykte det kunne vere vanskeleg å sjå samanhengen mellom språket som ein brukte i undervisninga, og læringsmåla for dei aktuelle faga.

Når språket hemmar deltaking

Men det er ikkje berre studentane som tykkjer at språkbruk i akademia kan vere utfordrande. I ein artikkel frå 2010 syner Hanne Tange til at førelesarar opplevde at endringa i undervisningsspråk frå dansk til engelsk fekk konsekvensar for både mengda av, og kvaliteten på, samhandlinga med studentane. Førelesarane ho intervjua, meinte at nokre nyansar forsvann i det dei omsette frå eit språk til eit anna, og dei hadde ikkje tilgang til same lingvistiske repertoar som på dansk. Dette stemmer godt overeins med dei studentane i undersøkinga mi som opplevde at bruken av engelsk kunne legge ein dempar på deltakinga. Ein student nemnde dette: «Jeg lærer veldig godt på engelsk, men hadde nok dessverre ikke turt å spørre om noe på engelsk i forelesning foran alle.»

Behovet for å forstå dei kulturelle referanserammene

Mange har nok opplevd overgangen frå vidaregåande skule til høgskular eller universitet som ein brå overgang. Medan engelsk på vidaregåande i hovudsak har vore avgrensa til engelsktimane, møter ein det i større eller mindre grad i dei fleste fag i høgare utdanning. Men i kva grad er ein medviten om at faglitteraturen og førelesingane på engelsk ikkje berre fører med seg ei endring i måten førelesarar underviser på, men også kva referanserammer ein brukar for å forstå pensumet ein les?

Overgangen frå norsk til engelsk er nemleg ikkje berre ei rein veksling mellom språk. Bruken av engelsk i utdanninga får òg konsekvensar for referanseramma ein tolkar denne nye kunnskapen på bakgrunn av. Nemnde Hanne Tange har, i ein artikkel saman med Sharon Millar, synt korleis undervisninga på eit internasjonalt masterstudium på eit dansk universitet ikkje berre er dominert av engelskspråklege tekstar, men også av empiri frå USA og Storbritannia. Og når me tek inn pensum som er skrive utifrå ein amerikansk eller britisk kontekst, så er det dei amerikanske eller britiske referanserammene, eller brillene om du vil, me tek utgangspunkt i.

Utdanningsinstitusjonar og førelesarar som ynskjer å internasjonalisere utdanninga gjennom å endre språk, lyt difor legge til rette for å styrke språkkompetansen til førelesarar og studentar. I tillegg bør ein vere medviten om internasjonalisering gjennom innføringa av engelsk pensum skrive med utgangspunkt amerikanske forhold, kan føre til at me les faget gjennom andre briller enn om pensumet tek utgangspunkt i ein norsk kontekst. Tange og Millar fann til dømes at både teoretiske rammeverk og døme vanlegvis vart henta frå ein vestleg kontekst, oftast frå engelskspråklege land. Det var berre i enkelte fag at erfaringar frå den ikkje-vestlege verda vart inkluderte, og då var det berre som enkeltståande døme, ikkje som alternative teoretiske rammeverk til dei etablerte amerikanske eller britiske rammeverka. For å lukkast med internasjonalisering må høgskular og universitet difor leggje til rette for at studentar og førelesarar kan utvikle ein allsidig språkkompetanse og setje dei i stand til å reflektere over kva kulturelle referanserammer faget tek utgangspunkt i.

Kjelder

Bukve, Trude (2019). Language Use in Higher Education: The Student Perspective. Universitetet i Bergen.

Meld. St. 16 (2016–2017). Kultur for kvalitet i høyere utdanning. Oslo: Kunnskapsdepartementet.

Tange, H. (2010). Caught in the Tower of Babel: university lecturers' experiences with internationalisation. Language and Intercultural Communication, 10(2), 137-149.

Tange, H., & Millar, S. (2016). Opening the mind? Geographies of knowledge and curricular practices. Higher Education, 72(5), 573-587.