Blogg: Språk i utdanning

Språk i utdanning

God språkutvikling er ein føresetnad for all læring, og opplæringa i skulen skal gje kunnskap både om og gjennom språk. Det finst eit stort engasjement i det norske samfunnet knytt til språk og språklæring i skulen. Tema som engasjerer, er til dømes sidemål, leseopplæring eller minoritetsspråk og kva kompetanse andrespråksinnlærarar bør nå for å fungere i samfunnet.

I denne bloggen deler vi forskingsbasert kunnskap om desse og mange andre tema. Vi som skriv her, tilhøyrer forskingsprogrammet Språk, kommunikasjon og læring ved Høgskulen på Vestlandet. Vi skriv om språk i vid tyding i ein utdanningsrelevant samanheng. Bloggen vil dekkje utdanningsfeltet frå barnehagen til høgare utdanning, og emna vil handle om alt frå teiknsetjing til teiknspråk, frå talespråk til litterært språk, frå språkstrid til språkglede og mykje, mykje meir.

Kontakt:

Kjersti Maria Rongen Breivega

Øystein Alexander Vangsnes

Powered by Labrador CMS