Havørna er prakteksempelet på dyr som kjem tilbake og som viser at det nyttar å verne artane og naturen. .

Fabelaktige historier om dyr som kjem tilbake

Naturen har ein forbløffande evne til å slå tilbake og reparera seg sjølv. I ei tid med klima- og naturkrise, og til og med litt økosorg, kan ein hente litt oppmuntring frå naturen si imponerande toleevne.

Vi menneske brukar landskapa rundt oss stadig meir intensivt. Vi bygger ned natur, drenerer myr og våtmark, haustar for mykje av havet, og vi lagar naturfjerne skogar og høgg naturskogen. Vi splittar og delar. På toppen av det heile kjem aukande forureining og kjappe klimaendringar.

Alt dette har ført til tap av leveområde og kraftig nedgang for mange av verdas ville dyr og planter. Desse naturtapa har vore godt dokumenterte lenge, både internasjonalt og nasjonalt. No har NRK og Bård Tufte Johansen bidrege til at dei fleste nordmenn også har fått auga opp for det som skjer.

Likevel, det finst mange positive, neste fabelaktige, historier om levande natur som kjem tilbake, men som vi kanskje må lære oss å setja pris på.

Flygande suksess

Eg er nede ved havet, store fuglar sirklar på himmelen, dei dekker nesten sola. Er det kongen? Nei, det er dronninga: havørna, den største rovfuglen vi har.

Havørna vert ofte kalla «ei flygande dør» med sitt breie og jamne vingespenn.

Mange sjøfugl har fått seg ein knekk grunna overfiske, forureining og varmare hav, og det er grunn til uro over tilstanden langs kysten. Men om vi zoomar litt ut og tek eit lengre tidsperspektiv, kan vi likevel ana ein suksess langs vår lange kyst: Havørna er tilbake.

At havørna vender tilbake, vert faktisk rekna som ein av våre største naturvernsuksessar. På 70-talet var nesten alle europeiske havørnpar norske. Dei var ganske få, og vi fann dei nesten berre langt mot nord. No har den norske bestanden mangedobla seg og vi finn dei heilt ned til Oslofjorden. Dessutan er havørna atter ein gong å finne i fleire europeiske kystland, mykje takka norsk innsats. Norske havørnar har nemleg blitt eksportert til Skottland, Irland og Spania og havørna klarar seg bra der den vert utplassert.

Havørna klarar seg betre enn på fleire hundre år i norsk natur, og i andre europeiske kystland.

Barometer på naturens tilstand

Rovfuglar ragar på toppen av næringskjeda. Dersom dei er fråverande, kjem det oftast av ulovleg jakt eller at byttedyra deira er for få. Slit dei med helsa, er det forureining eller klimaendringar som oftast har skulda. Desse store fuglane fungerer slik sett som eit barometer på naturen sin tilstand.

Vandrefalken er ein annan flygande rovfuglsuksess, ein skikkeleg comeback-kid. Falken fekk trøbbel med tynne eggeskal då landbruket pøste på med DDT og andre sprøytemiddel. Det var ein av artane som blei kjent gjennom «Den tause våren», den kjende boka av Rachel Carson. Kanskje så få som ti par var att i Norge på 1960-70 talet. DDT-bruken er heldigvis historie i vår del av verda og no er det kanskje så mange som 1000 vandrefalkepar som hekkar i landet vårt.

Naturbarometeret varslar altså ikkje berre storm, og inst i verdas lengste fjord, der eg bur, er det i dag større sjanse for å få auge på nettopp havørn og vandrefalk enn då eg var gutunge. Det same gjeld kongeørn, niese og spekkhoggar.

Ein leiken symjar

I ungdommen var det også sjeldan eg kunne sjå den glatthåra, superraske symjaren oteren i fjordlandskapet. I vaksen alder har eg nesten «svømt med ein oter», eller fleire gonger hatt oter symjande rett under brygger eller nær svaberg der eg skulle til å stupe uti. Det brusar litt i blodet etter slike nærnaturopplevingar.

Oteren, eit mårdyr, var lenge på raudlista grunna skotpremiar, bifangst ved fiske og miljøgifter. No er den gledeleg nok rekna som livskraftig og tatt ut av den frykta lista over truga artar. Den blir også rekna for å vera ein nøkkelart i akvatiske miljø, og kan danka ut den frykta framandarten mink, som har teke knekken på mange sjøfuglar.

Europa blir villare

Frå kjøkenvindauget ser eg ut i vår eigen ville hage. Ein hjortebukk brølar, kollene beitar i enga, og nokre bambiaktige kalvar ligg roleg i graset og tygg drøv.

Store delar av Europa har, trass mykje meir nedbygging av natur, også opplevd ei sakte, men sikker forvilling av naturen dei siste tiåra. Bever, hjort, elg, villsvin og til og med nokre store rovdyr, er igjen blitt vanlege i mange delar av Europa. Vi har hatt mykje av den same utviklinga her i landet, sjølv om vi enno held mange rovdyr og villsvina på ei (svensk) armlengds avstand.

Villsvinet utfordrar no naturforvaltninga i Noreg; skal vi kjempe i mot eller akseptera. Arten er blitt det mest vanlege av alle dei ville klauvdyra i Europa, framfor rådyret og hjorten på topplista. I dag finst det tusenvis av ville svin i svenske skogar.

I Norge står villsvinet derimot på framandartlista, og er difor offisielt uønskt. Landbruksministeren har gått så langt som å sei at villsvinet skal utryddast. Vi får sjå korleis det går! Naturen slår ofte tilbake, og svinet let seg neppe stoppe verken av usynlege landegrenser eller hissige politikarar

Villsvinpurke med ungeflokk. I Sverige er det levedyktige bestandar, i Norge er dei uønskt.

Den vetle, store økosystemingeniøren

Ein annan hårete, vasstrukken, kar er beveren. Denne gnagaren, var også nesten utrydda i Norge og dei knapt 100 beverane som visstnok overlevde på Sørlandet har gitt opphav til at beverdemningar no igjen er meir vanlege i store delar av Sør- og Midt Norge. Til og med Vestlandet har nokre få registreringar av bever på Artskart! Norsk bever til Europa er også ein eksportsuksess. Vi kan gjerne kjenne på litt naturstoltheit om det hjelper oss å ta vare på fleire artar og livsmiljø.P

Beveren er kjend som ein økosystemingeniør. Kva betyr det? Jo, gjennom sin påverknad på økosystema, kan beveren endre sjølve arkitekturen i landskapa rundt oss. Utruleg, ikkje sant? Ein enkelt bever kan både drepe eit heilt tre med gnaginga si og endre retningar på ein bekk gjennom dei berømte demningane sine.

Tilbakekomsten til alle desse dyra i naturen vår gir håp. Vi har trass alt ikkje gjort det så lett for dei. Kan vi bruke denne ibuande naturkrafta – denne evna til å slå tilbake – som motivasjon til å ta eit krafttak for alt det levande i naturen som berre treng at vi tilbyr dei litt meir spelerom?

«Naturen er lite hevngjerrig. Berre gi den plass så kjem den tilbake» Vigdis Vandvik, professor i økologi og medlem av det internasjonale Naturpanelet

Les meir: Om hjortedyr-suksessen i Vill vest-bloggen på forsking.no: «VillP suksesshistorie: Hjorten var nesten utrydda i Noreg, no er den skogens konge»

(Ein versjon av dette innlegget stod på trykk i Bergens Tidende 20. februar i år)

Powered by Labrador CMS