Det skal ikkje store treet til før det kitlar i magen på ein unge! Foto: Jostein R. Sanderud.

Alle treng ein hundremeterskog

Visst skal vi fortette og bygge nytt. Men ein god tettstad må òg halde fast på sine siste lommer med ustrigla natur.

Eg vil slå eit slag for kvardagsnaturen. Ikkje den spektakulære naturen som tek pusten frå deg, og som du i høgda oppsøker ein gong eller to i løpet av sommaren. Eg snakkar om dei grøne lappane rundt om i nabolaget ditt, for eksempel vegkanten som eksploderer i knall rosa engtjøreblom på våren, eller i den bratte hasselkrattskråninga som ekorna er glade i. Er du skikkeleg heldig, har du kanskje ein heil hundremeterskog innan rekkevidde – ein skoglapp som er akkurat så stor at han kan by på gøymsel og klatring i tre.

Gode, grøne bumiljø

Tettstadar med slike grøne lappar er gode å bu i for oss menneske, meiner psykologane. Vi har søkt ly og mat under tre heilt sidan formødrene våre reiste seg på to og byrja å vandre rundt på savannen i ei fjern fortid.

Norske tettstadar ligg gjerne tett på naturen. Men gode bumiljø for folk og dyr er likevel avhengige av at vi tek vare på dei små skogkrullane som står att mellom hus og vegar. Bildet viser Haugen i Sogndal sentrum i haustdrakt. Foto: Inger Auestad

Ein enkel tommelfingerregel for gode bumiljø er den såkalla 3 – 30 – 300-regelen. Den seier at alle bør kunne sjå minst 3 tre frå heimen sin. Minst 30 prosent av tettstaden bør vere dekka av tre. Dessutan bør det næraste friluftsområdet vere maksimum 300 meter unna.

Kampen om dei gode bustadane

Psykisk velvere er viktig, men vi må også ta andre omsyn når vi skal utvikle tettstadane våre. Skal vi la matjorda ligge, spare pengar på ny infrastruktur, og ha kort veg til jobb og skule, bør vi bu tett. Dermed blir det stor rift om plassen i tettstadane, og vi konkurrerer med dei ville naboane våre om å etablere oss og bu på dei grøne lappane.

Dei ville naboane – plantar, dyr, og alt anna som lever ute – vil nemleg det same som oss: dra nytte av det beste jordsmonnet og det beste lokalklimaet. Tettstadane har vakse fram akkurat der forfedrane våre slo seg ned etter at isen smelta vekk. Derfor kan ein skoglapp i tettstaden gje andre og betre vilkår enn skogen rundt tettstaden.

Ekornet er eit av dyra som trivst i hundremeterskogen. Foto: Peter Trimming, CC BY 2.0.

Vi nordmenn føler ofte at vi «vassar i natur», og at vi har god plass. Det er ein illusjon: berre 3% av landarealet vår er dyrka mark, og det meste av Noreg er fjell. Det seier seg sjølv at vi må planlegge godt og på ein berekraftig måte viss vi skal sikre bustader til folk, utan å ta heimane frå planter og dyr, og utan å bygge ned matjorda. Korleis skal vi gjere det?

Å sjå ting med andre auge

Landskapsøkologien hjelper oss å sjå tettstaden med auga til dyra. For dei er tettstaden eit meir eller mindre uleveleg «hav» av hus og vegar. I dette havet ligg hundremeterskogane og andre ubygde, grøne lappar av natur som øyer det går an å overleve på. Vegkantar og hageflekkar blir bruer frå øy til øy.

Det beste er sjølvsagt å unngå å øydelegge dei grøne lappane, og heller ta dei som allereie er øydelagde av hogging, graving og planering. Når vi likevel byggjer ned, byr landskapsøkologien på konkrete råd.

Figur 5. Slik forklarer landskapsøkologane effekten av bygging i skogflekkar. Figuren til venstre viser at sjølv ganske små skogflekkar kan ha nok skugge og beskyttelse for mange planter, dyr, sopp og insekt i kjerna (mørkegrønt), så lenge det finst ein god kant rundt (lysegrønt). Når vi bygger ut, skrumpar kjernemiljøet, og levestadane forsvinn.

Det viktigaste er å spare dei store og ustrigla lappane – dei lokale hundremeterskogane. Kanten på ein slik skog vil ofte vere prega av omgjevnadane, mens kjernen kan ha høge tre som gir gode vilkår for mose, sopp, fuglar, ekorn og mus. Kanten er likevel viktig – den skjermar nemleg den dyrebare kjernen, og byggjer vi her, lagar vi kantsone i det som før var skuggefull skog.

Naturen som leikeplass

Det er ikkje berre dyr og plantar som trivest i ein hundremeterskog. Slike stadar kan vere ein fantastisk leikeplass for ungar, meiner friluftsforskarar ved HVL som studerte korleis ungar i naturbarnehage leiker i skog. Ungane tok seg raskt og godt fram, også i glatt og ulendt terreng, og viste ei imponerande evne til å handtere situasjonane som oppstod i leiken. På den måten utvida naturleiken forståing av seg sjølv og naturen. Meir skog i tettstaden gir meir høve til slik leik.

Det er fint å gøyme seg i hasselkrattet. Foto: Idun A. Husabø.

Naturkrisa – den lokale versjonen

Dei minste innbyggjarane og sentrumsnær natur har med andre ord felles interesser. Men skoglappane er faktisk viktige også i global samanheng. I september kom FN-rapporten om den pågåande naturkrisa. Den slo fast at artar forsvinn frå kloden i eit rasande tempo, og at dette skjer overalt, kvar dag.

Skal vi demme opp for artstapet, er det sjølvsagt viktig å kjempe for regnskogsvern i Amazonas. Men også i vår lokale tettstadplanlegging må vi gjere gode val, og prioritere naturmangfald over økonomisk gevinst. Eit aktuelt eksempel frå Sogndal er planane om bygging av bustadkomplekset Ulvahaug 3, som vil gje kjærkomne leiligheiter midt i bygda.

Eit eksempel frå Sogndal på press på dei siste hundremeterskogane: Dei nye planane for Ulvahaug 3 (teikning til høgre) inneber at skogen på Haugen vil bli bygd ned med blokker. I det opprinnelege utbyggingsområdet (heilt til venstre i flyfotoet), skal det etablerast grasplen og prydtre. Fotomontasje: Flyfoto frå Norgeibilder.no og skjermdump frå a38.no.

Haugen – hundremeterskog eller bustadblokker?

Nyleg presenterte utbyggjarar alternative planar: dei ønskjer å flytte utbygginga til Haugen, som er ein av få skoglappar vi har att i Sogndal sentrum. På Haugen ligg ei velstelt, lita fotball-løkke saman med tregamma til Trudvang skule.

Solveig kosar seg høgt oppe i bjørketreet! Foto: Jostein R. Sanderud.

Skogen her er ingen park, men ei litt uryddig, bratt skråning med høge tre og herlege slengdisser, og god plass til å stikke seg unna og grave i jord og rask. Her herjar skuleungane året rundt, her held trasten fest på hausten, og her finn ekorna mat og skjul.

Planen er å erstatte den skogdekte skråninga med blokker, og deretter så til med plen og plante prydtre i utkanten av området. Dette er sikkert ein god forretningsidé, men sett med auga til dei ville naboane våre, og til ungane, er den ein katastrofe.

Lat oss byggje tett på areala som er sett av til utbyggingsformål, så det blir plass til alle som vil bu i Sogndal! Men lat oss ikkje gjere det i dei siste hundremeterskogane, som er heimen for dyr og planter, og eldorado for våre minste sambygdingar.

Denne teksten stod på trykk i Sogn Avis laurdag 20. november.

Powered by Labrador CMS