No er det Black Friday i skogen! (Foto: Shutterstock)
No er det Black Friday i skogen! (Foto: Shutterstock)

Black Friday i skogen

Viss du trudde at det var handelsstanden som kom på trikset med ekstremtilbod og overflod, tek du feil. I 2019 har det vore bonanza-år i skogen, og mengdene frø og frukt trea har produsert, vil få ringverknader i naturen langt inn i neste år.

Publisert

November er over oss, og handelsstanden tek sats mot Black Friday for å få omsetting på struttande varelager. Men om talet på klokker, jakker og sko som blir vert tilbydd på seinhausten er imponerande, er det småtteri samanlikna med mengda frø dei ulike treslaga pøsar ut denne hausten.

Frø-bonanza i skogen

Du har kanskje lagt merke til at gangen din har vore full av rusk i haust? Eller at mange tre ser underleg lite nakne ut sjølv om alt lauvet er vekk? I haust har det vore frø-bonanza i skogen. Både lønn og ask gått heilt bananas, og tallause frø, fint pakka i høveleg emballasje (også kjent som frukt) har fått greinene til å henge tungt mot bakken. Ikkje nok med det, toppane av grantrea er brune av kongler, lufta er full av bitte små bjørkefrø og greinene på hasselbuskar og heggetre har vore nedleste med nøtter og bær.

Slik ekstremproduksjon av frø – «masting» på fagspråket – er noko som skjer år om anna. Forskarane har grubla mykje på fenomenet, og spørsmåla er mange: Er det særleg smart å lage drøssevis av frø nokre få år? Er trea er nøydde til å spare opp ressursar over år for å greie å lage slike enorme mengder med frø, eller reagerer dei på ein eller annan ytre påverknad?

Sola som skein i fjor

Ein ledetråd er at dette ikkje er eit lokalt fenomen. Ekstremproduksjon av frø skjer gjerne over store område på ein gong. I år er det til dømes kongle-kalas langs heile vestlandskysten, frå Jæren til Molde. Derfor er det ein rørande einigheit om at klima er ein slags ‘brytar’. Planter startar ofte forarbeidet til blomstring minst eitt år i førevegen. Ser vi tilbake til sommaren 2018, var den uvanleg heit. Det kan kanskje forklare at mange treslag slår til med enorme mengder frø i år. Men klima er så mangt, og dessverre for trea er det mykje som kan gå gale sjølv om fjorårssommaren la eit godt grunnlag. Frostnetter i mai? Tøft for blomsterknoppane. Ein klissvåt vekstsesong? Mindre produksjon. Mange kalde sommardagar? Dårleg modning.

Frøa til asketreet ligg inni tørre frukter med stor, fin venge. Det gjer at dei kan fly langt. Prøv sjølv å kaste opp ein neve, og du vil sjå dei sveve i lufta. Jo høgare over bakken du slepper dei, jo lengre flyg dei. (Foto: Idun A. Husabø)
Frøa til asketreet ligg inni tørre frukter med stor, fin venge. Det gjer at dei kan fly langt. Prøv sjølv å kaste opp ein neve, og du vil sjå dei sveve i lufta. Jo høgare over bakken du slepper dei, jo lengre flyg dei. (Foto: Idun A. Husabø)

Alt liv vil vidare

Men kvifor driv trea med slikt? Her må vi nok skjele til evolusjonsteorien. Ikkje berre umælande planter, men alt liv har eitt einaste hovudmål for auget: å få avkom. Ved å lage etterkommarar sikrar ein sitt eige arvemateriale, noko både den bibelske Jakob og Djengis Khan var klar over, med sine tolv og fjorten søner.

Kan det vere slik at trea etter ein tørkesommar anar kommande krise og daud, går i alarmberedskap og overdriv formeiringsforsøka sine i rein blodtåke? Såkalla «kriseblomstring» treng ein slett ikkje gå i skogen for å oppleve; dei fleste av oss har nok frekventert eit pauserom eller felleskjøkken der ein utpint potteplante blomstrar på reine viljen, månader etter at han fekk siste vassdropen.

I haust har bjørketrea vore tettpakka med rakler. Dersom du klemmer på ei slik rakle, får du handa full av små bjørkefrø! (Foto: Giovanni Caudullo - Own work, CC BY 4.0, https://bit.ly/34iSTsB)
I haust har bjørketrea vore tettpakka med rakler. Dersom du klemmer på ei slik rakle, får du handa full av små bjørkefrø! (Foto: Giovanni Caudullo - Own work, CC BY 4.0, https://bit.ly/34iSTsB)

Men det å lage avkom er slett ikkje risikofritt, og sløsing er langt frå rasjonelt. Når vi veit alt dette, verkar trea si åtferd ganske merkeleg. Kvifor, til dømes, slepp ei vanleg, grå ask hundretusenvis av frø ut i haustskogen, når 99 prosent av dei vil rotne eller bli etne opp, i staden for å spire til nye asketre?

Ein metta marknad

Ein teori som har fått mykje støtte, er at dette er ein måte tre kan handtere alle dei svoltne munnane der ute som står klar til å hive i seg det som måtte komme seglande ned av godsaker. Sjølv om det finst eksempel på frø som spirer friskt etter ein tur gjennom ein tarmkanal, er det i mange tilfelle knallhardt rustnings-kapplaup mellom dei som lagar frø, og dei som vil ete dei. I bonanza-åra blir det så mykje frø at marknaden blir metta. Fleire frø kjem seg unna, og får sjansen til å spire i staden for å bli middagsmat.

...og sanneleg er det ikkje venger på bjørkefrøa også! (Foto: Shutterstock)
...og sanneleg er det ikkje venger på bjørkefrøa også! (Foto: Shutterstock)

I skogen skulle vere fest...

For dei mange dyra, fuglane og insekta som lever av frø, er sjølvsagt gleda stor i desse åra. I vinter blir det ei smal sak å finne mat! Hamstrande dyr som ekorn samlar nøtter i tallause forråd. Etter ein haust med overflod av mat overalt, blir gjerne barnekulla av sporv og mus store. Dette påverkar i sin tur heile økosystem: reven finn meir å jakte på, medan bakkerugande fugl må slite med egg-svoltne gnagarar. For oss menneske kan det få direkte følgjer. I USA har ein sett at det blir meir flått etter at eiketrea har hatt toppår.

For dei store barnekulla til mus, ekorn og andre frø-etarar, er dessverre gleda kortvarig. Etter eit toppår tek trea gjerne ein pust i bakken, og lagar få eller ingen frø. Då blir det smalhans og sveltihel på gnagarar og andre, og kulla blir små att, før trea etter nokre år slår til på ny.

Varmare klima – oftare Black Friday?

Om eit stadigare varmare klima vil gjere at toppåra kjem oftare og oftare, er lite sannsynleg. Det ser ut til at trea må legge seg opp ekstra ressursar mellom kvar gong dei legg inn ekstragiret og auser ut frø. Slik er det ikkje hos handelsstanden: der er det ingen kvileår. Og vi let oss rive med av Black Friday-kampanjar, sjokkseljarar og markskrikersk reklame og ter oss som hamstrande ekorn: samlar og kjøper og fyller opp lagera våre til vi heilt misser oversikta over kva vi eigentleg har.

Lese meir?

Kelly, D. & Sork, V. L. 2002. Mast seeding in perennial plants: why, how, where? Annual Review of Ecology and Systematics, 33, 427-447.

Koenig, W. D. & Knops, J. M. H. 2005. The mystery of masting in trees. American Scientist, 93, 340-347.

Pearse, I. S., Koenig, W. D. & Kelly, D. 2016. Mechanisms of mast seeding: resources, weather, cues, and selection. New Phytologist, 212, 546-562.