Moltene er myras gull. Foto: Inger Auestad.

Dei makelause myrene

Kva er din favoritt-naturtype? Myr? Ikkje det, nei? For mange er myr flate, trelause vidder av våt og tung torvjord kombinert med innpåslitne småkryp. Men dette er ikkje heile historia om myrlandskapet.

Til deg, du hei og bleike myr med bukkeblad
Der hegre stig og heilo flyg, eg gjev mitt kvad"

Arne Garborg

For 125 år sidan skreiv Arne Garborg si kjærleikserklæring til myrlandskapet. Han vaks opp på flate Jæren der flittige bønder «potla og grov» og prøvde å auke avlingane med å rydde stein frå morenemark og grøfte såkalla vassjuk mark.

Har du vore på Jæren, i Trøndelag, på Finnmarksvidda eller berre ein tur på fjellet – ein av dei mange stadane i Noreg der det er mykje myr? Myr finst der nedbøren er større enn fordampinga – kort sagt der det bøttar ned året gjennom, samstundes som somrane sjeldan er varme.

Kitty Kielland var ein pioner i si skildring av det jærske myrlandskapet. Arne Garborg meinte at Kielland skapte svart torvmyr om til rein poesi. I dette bildet ser vi "torvbeen" der bøndene stakk torv som vart tørka og nytta til brensel. Kitty Kielland: Jæren, 1901, Nasjonalmuseet. https://bit.ly/343ad5t

Eit slikt overskot av nedbør gjer at grunnvasspegelen vert liggande heilt oppe i dagen. Torvmosen veks godt, men mangel på luft og eit surt miljø gjer at nedbrytinga går seint. Dermed hopar daud mose seg langsamt opp og vert omdanna til jordtypen vi kallar torv. Visste du at det tek minst 1000 år å danne myr som er ein meter djup?

Litt nedi myra er torvmosen og dei andre plantene gått i oppløysing, og ser meir ut som brun graut. Denne grauten er rik på karbonforbindelsar og held godt på vatn. Foto: Kyrre Groven

Torv er eigentleg ein "graut" av daude, blaute planterestar som fyller alle forseinkingar og holrom i landskapet. Myrlandskap ser gjerne flate og opne ut, men under overflata kan landskapet vere kupert og myrene vere alt frå 30 cm djupe, terrengdekkande teppe, til ti meter djupe basseng! Ved hjelp av georadar – eller jordspyd – kan vi avdekke dette «undermyriske» landskapet.

How deep is your peat? Det sjekkar masterstudent i Climate Change Management ved Høgskulen på Vestlandet, Karl-Kristian Muggerud ut i Skrimfjella. Rettleiar Knut Rydgren er tydeleg nøgd med innsatsen med det gode, gamle jordspydet. Det supplerer målingar med meir moderne utstyr, som georadar. Data skal i neste omgang samanliknast med satelittbaserte estimat. Foto: Inger Auestad

Dessverre har vi førebels lite konkret kunnskap om kor djupe ulike myrer er, så det er vanskeleg å vite kor mykje torv og kor store myrflater vi har i Noreg. I 2016 estimerte Anders Bryn og kollegaer arealet til 28 000 km2; om lag 9% av Noregs areal, eller dobbelt så stort som Møre og Romsdal fylke. Det er tre gonger så mykje som verds-gjennomsnittet, så Noreg er ein ekte myr-nasjon!

Natur for spesielt interesserte?

Som Arne Garborg er eg òg frå Jæren, og eg har gjort meg erfaringar med myr. På varme sommardagar kan det vere ein sann prøvelse å vere i myra! Ein fottur i trønderske kystfjell (der eg har hytte) på ein av dei sjeldne, varme sommardagane, minner om ein sær variant av såkalla «hot yoga», sidan dei fleste bakkar er kledde med fuktig, dampande myrvegetasjon.

I tillegg huser myra hopevis av småkryp, som ikkje går av vegen for å setje snabelen i ein sveitt turgåar. Akkurat det syns ikkje ein gong den mest idealistiske naturelskar er greitt. (I eit treningsperspektiv kan det rike insektlivet vere ein fordel – ein held dampen oppe for å komme seg raskt opp på fjellet…)

Frå gammalt av var myra forbunden med fare – her kunne ein drukne, om ein gjekk feil. For landbruksføremål var ho heller ikkje noko særleg. Ho er dårleg skogsmark, og grasproduksjonen er gjerne låg, med mindre ein senker vasstanden gjennom grøfting.

Legg ein til at myra verken er fargerik og innbydande, skjønar ein kvifor ho vert kalla Askepott av ein informant i ein skotsk studie av folks haldningar til myr.

Askepott-myten finst i alle kulturar - i Noreg finn vi eventyret om Kari Trestakk, som var så fattig at ho ikkje hadde råd til skikkelege klede. Både Kari og myra er unnselege, men begge viser seg å ha dei aller beste kvalitetane. Teodor Kittelsen, 1915. Foto: Wikimedia Commons https://bit.ly/3gRBldc

Myra gjer deg ei teneste

Men sameleis som Askepott, som var meir av ei prinsesse enn dei utspjåka søstrene sine, har myrene mykje å by på om ein tek seg bryet med å sjå etter! Pollen og trestubbar som er konserverte i myr, speglar klima og vegetasjon i tidlegare tider.

Myrene kan by på mat for fugl og bærplukkarar, og husar sjeldne planter som er spesialistar på å leve i fuktig, næringsfattig natur. Dei hemmar brann, og fungerer i tillegg som gigantiske svampar i landskapet; dei reinsar vatn, tek i mot styrtregn og hindrar flaum.

Forstørringa av eit torvmoseblad (t.v.) viser kvifor torvmosane gjer myrene til gigantiske svampar: blada består av masse “tome celler”, og kan derfor suge opp til 20 gonger si eiga vekt! Bladene sit på små greiner i tette knytte i toppen, slik vi ser i hos denne skartorvmosen (t.h). Foto forstørra torvmoseblad: Svein Gunnar Råen, foto skartorvmose: Kjell Ivar Flatberg, begge CC-BY-SA-4.0

I tillegg er myrene suverene karbonbindarar. Å la dei ligge i fred kan difor hjelpe oss i kampen mot menneskeskapte klimaendringar. Som NRK seier det i ein video om myr: Dette kan vere den viktigaste klimaløysinga du aldri har høyrt om. Myrjord, eller torv, er faktisk den mest effektive karbonbindaren av alle jordtypar.

Dei daude planterestane som vert konserverte i sur, våt myr, inneheld masse karbon som torvmosane tok opp frå lufta medan dei var levande. Myrene i nordleg (boreal) sone er faktisk rekna til å halde på tre gonger så mykje karbon som all tropisk regnskog.

Men viss ein grøftar myra, slik at det er mogleg å dyrke gras eller plante skog i ho, kjem torva i kontakt med luft. Då startar nedbryting av dei daude planterestane tilbake til vatn og CO2– det vil seie at karbonlageret vert tømt tilbake i lufta att.

Dermed bidreg grøfting av myr til global oppvarming – for Noreg sin del har NTNU anslått det til minst 10% av dei totale CO2-utsleppa våre (men tala er usikre, fordi vi veit så lite om kor mykje myr som er grøfta).

Utslepp av CO2 er ein av grunnane til at vi har forbode grøfting for landbruk i Noreg. Grøfting for produksjon av fornybar energi eller bygging av hyttebyar, derimot, er av ukjente årsaker framleis lov.

Om myr og minne

Om hausten kjem myra meir til sin rett. Dei store viddene gir utsyn og ro i sjela. Når du plukker molter kan du slå på reptilhjernen – plukke, gå, plukke, gå.

Molteplukking er ein populær aktivitet på myr. Feinschmeckerane i myra tek det heile eit steg lenger: dei føretrekk dei meir eksklusive tranebæra, og synest nok i sitt stille sinn at molteplukkarane er litt banale. Foto: Knut Rydgren

Kanskje skal vi sjå nok ein gong til Arne Garborg. Sigbjørn Reime skriv at Garborg drog frå Jæren «med heimstaden langt opp i halsen». Men etter som tida gjekk, vart han meir og meir glad i den vide horisonten, og i Knudaheibrev i 1904 skreiv han:

«Desse heiane og myrane med fjella i aust og havet i vest, det er det einaste av land som rett kjem meg ved i verda. Andre stader kan vera vene. Dette kan vera vent eller stygt. Men det er mitt. Og sistpå vert det vent. Jamvel det som visst er stygt her, – eg veit ingen stad noko som i grunnen er venare. Der må vera ein visdom i dette.»

Ja, kan hende er det ein visdom i dette – i at vi må late myrene vere i fred, så dei kan binde karbon, samle opp vatn, gje rom for planteliv og mat og ly til fugl og insekt og bær til turfolket.

Og sist, men ikkje minst: fred i sjela til alle oss som kjenner ei eiga ro når auget kan kvile på ei stille myrflate.

Les meir

... om dei verdifulle myrene:

Sabima (2020) Myr. Henta frå: https://www.sabima.no/trua-natur/myr

Kyrkjeeide, M. O., J. Bartlett, G. M. Rusch, H. Sandvik, and J. Nordén. 2020. Karbonlagring i norske økosystemer: Norsk institutt for naturforskning (NINA). Henta frå: https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2655582

... om Arne Garborg:

Sigbjørn Reime (2011). Frå hals til hjarta. Arne Garborg og det jærske. I: Sjå Jæren 2011. Jærmuseet. S. 7- 23. Henta frå: https://bit.ly/2VTHjCM

Sitata frå Haugtussa og Knudaheibrev er modernisert av Sigbjørn Reime.

Powered by Labrador CMS