Myrforskarane, eller skattejegrane, i sitt rette element – ståande opp til anklane i surklande myrvatn, omgitt av mose og mygg. Foto: Karl-Kristian Muggerud

Den skjulte skatten i myra

Kva skjer når ein ung samfunnsforskar med hjarte for folkeeventyr blir sendt ut i trolske myrar for å jakte på ein skjult skatt? Det kan du lese om i dette gjesteinnlegget frå stipendiat Ingrid Koren, som forlot det trygge skrivebordet sitt for å søke lukka i det mystiske landskapet i Turufjell!

Det var ein gong ein ung skrivebordsforskar som skulle forske på korleis me bruker myr i Noreg. Ho kunne mangt og mykje om planlegging og forvaltning, men ikkje om myr. Difor hadde ho så innmari lyst til å oppleve denne mystiske og fasinerande naturtypen. Ho tok mot til seg og spurde eit knippe erfarne naturforskarar om å følgje med dei på feltarbeid.

Det finst myr over heile kongeriket, men likevel har desse store, blaute naturområda mange løyndomar som ingen forskarar kjenner til. Forskarlauget hadde høyrt rykte om at det skjuler seg ein skatt i dei djupe myrene, ein skatt som kallas karbon. Myrer inneheld store mengder med karbon, eit viktig grunnstoff som har ein nykelrolle i kampen mot klimaendringar.

Det finst myr over heile kongeriket, men likevel har desse store, blaute naturområda mange løyndomar som ingen forskarar kjenner til.

Aukande utslepp av karbon bidrar til at klimaet i kongeriket endrar seg. Regnet som fell i kongeriket blir meir intenst, tørkeperiodane blir både lengre og varmare. Klimaendringar er difor ei stor landeplage for alle kongerike, og aukande utslepp av karbon skapar bekymringar for både folk og fe. Sidan myr inneheld naturlege lagre av karbon, trenger forskarar kunnskap om kor mykje karbon som faktisk finnas i dei vassjuke myrane. Og for å finne ut kor mykje karbon myra inneheld, må forskarane hente ut prøvar frå myra, såkalla torvprøver.

Myr er ein blaut naturtype! Foto: Ingrid Knutsdotter Koren.

Ein tidleg august morgon i det Herrens år 2022 la eit følgje på tre erfarne naturforskarar og ein grøn skrivebordsforskar ut på ei lang ferd inn i den norske fjellheimen, for å finne svaret på gåta om kor mykje karbon som skjuler seg i myrene på Turufjell ved Flå i Hallingdal. Desse fjella er rike på myrar og skogsterreng. Her har mang ein kakse sett opp hytte, og køen av nye hytteeigarar som vil gjere liknande, er lang.

Utstyrt med kart over myrane labba forskarane seg frem i landskapet. Men nøyaktig kor store myrane i Turufjell faktisk er, det visste ingen! Og utan slik kunnskap, er det umogleg å vite kor stor karbonskatten i myra faktisk er.

Den grøne skrivebordsforskaren var ved godt mot, men langt utanfor komfortsona si. Reiskapane ho vanlegvis bruker – PC, bøker og skrivesaker – var no bytta ut med underlege måleinstrument, ein supernøyaktig GPS, eit langt torvspyd, ein sagliknande torvkuttar og noko dei kalla eit russarbor, i tillegg til meir velkjende effektar som plastposar og kjøleboksar. Det trygge skrivebordet var erstatta med vassjuk myr og millionar av mygg.

I tillegg hadde ho høyrt rykte om at både tussar og troll, og andre mannvonde vesen heldt til i dei mørke, djupe Turufjellsmyrene og jakta på alle som var ute og vandra der. Men i forskarlauget var det korkje tid eller rom for jammer, så skrivebordsforskaren tok seg saman, greip reiskapen sin og subba ut i myra. Sanneleg surkla det godt kring anklane! På stadene forskarane hadde peika ut, henta ho og dei andre forskarane opp bitar av torva, etter strenge reglar. Så blei kvar torvbit kutta opp, lagt i plastikkposar og lagra i kjøleboks.

Med russerboret kan ein ta torvprøvar mange meter nede i myra (høgre). Torvkuttaren på si side, er eit grei reiskap når ein skal ta ut prøvar frå dei øvste delane av myra (venstre). Foto: Karl-Kristian Muggerud.

Då dei hadde sanka torvprøvar ei tid, ville forskarane undersøke om karta over Turufjell var så nøyaktige at ein kunne stole på dei, når ein skulle jakte på karbonskatten i myra. Forskingsleiaren hadde på førehand omsorgsfullt plukka ut ein haug tilfeldig utvalde punkt på kartet, i områder der myra møter skog eller anna natur. Dei fire forskarane leitte seg fram til, og tok prøvar i desse punkta. Til si overrasking oppdaga dei at sjølv om kartet synte myrterreng, så var myra enkelte gongar bygd ut – og all torv borte. Andre gonger viste «myra» på kartet seg å vere dekka av tett skog, og då kunne sjølv ikkje den skarpaste forskar makte å få tak i torvbitane dei var ute etter.

Forskarane møtte på mange utfordringar – for det meste busk og kratt, eller menneskelege inngrep i terrenget – i jakta på undersøkingspunkta forskingsleiaren hadde plukka ut. Foto: Ingrid Knutsdotter Koren

I tre dagar vandra dei fryktlause forskarane rundt i dei endelause myrane på Turufjell, og ferda slutta ikkje før kjøleboksane bogna av torvprøvar. Undersøkinga av kontrollpunkt tydde på at hytteutbygginga i mange tilfelle hadde skjedd i tidlegare myr, slik at karta ikkje lenger fortel heile sanninga om kor mykje myr det finst igjen på Turufjell.

På laboratoriet held jakta på svaret på gåta om karbonlageret i myra fram. Om svaret viser seg at myra i Turufjell inneheld store mengder karbon, blir det å verne myra og hindre vidare utslepp, ein viktig nykel i kampen mot klimaendringar. Dei naturlege karbonlagera i myra er såleis ein uunnverleg skatt som kongeriket må verne med nebb og klør. Og då kan ikkje kvar ein kakse fortsette å bygge hyttar på myrene i kongeriket.

Og snipp, snapp, snute, så var eventyret ute for den slitne, våte, myrfrelste skrivebordsforskaren, som mange erfaringar og myggstikk rikare kunne vende tilbake til det tørre, trygge skrivebordet sitt. I alle fall for denne gongen!

Om forskingsprosjektet Repeat - REthinking sustainable land use of PEATlands

I Repeat koplar me saman fakta om karbonlagringsevne i myr og korleis ein skal restaurere ødelagt myr, med forståing av myrforvaltning. Målet for prosjektet er å utvikle ny kunnskap om berekraftig planlegging og forvaltning av myr, og formidle dette til samfunnet, til forskinga, og til ålmenta.

Forskarar ved Høgskulen på Vestlandet samarbeidar med forskarar ved Universitetet i Agder, Universitetet i Oslo, NINA og NIBIO, samt forskingsmiljø i Storbritannia. Les meir på prosjektet si eiga heimeside.

Powered by Labrador CMS