Fyr opp feittet eller gå i dvale?

Vinteren er her og med den mørket. Ingen klimaendringar kan stoppe den, sola styrer showet her i nord sjølv om snøvinteren blir stadig kortare. Kva skal ein bruke vinteren til, bortsett frå Netflix og sjokolade? Vinterdvale er jo alltids eit alternativ.

eBamsefar et blåbær og andre bær heile hausten til det tyt ut av øyrene på han. Så legg han seg i hiet og sovnar. Skrur temperaturen ned eit par grader, men er klar til action om han blir forstyrra i sin djupe søvn. Bjørnar er det vi kallar varmblodige og er stabilt varme, slik som oss, men kan sove heile vinteren ved å fyre med forbrenningsvarme.

Humlemor, derimot, må ha ein annan strategi for å overleve vinteren. Ho er kaldblodig og har kroppstemperatur som vekslar med miljøet rundt. Humlemor kan ikkje lagre feitt og difor heller ikkje halde varmen oppe gjennom vinteren ved å fyre opp feittet, slik bamsefar gjer.

Humlemor er mor og dronning, men i motsetnad til i The Crown bestemmer ho berre over seg sjølv om vinteren. Resten av kolonien er rett og slett visna hen, medan ho med sin befrukta kropp må sikre overlevinga og neste års ungeflokk ved å finne ein stad å gå i vinterdvale.

Ho forlèt flokken om sommaren; ho stikk rett og slett av. Forsvinningsnummeret er enkelt: Ho finn seg ei hole, eit mini-holrom i buskas, bakken eller bygning. Vel framme, vrir ho brytaren til «pause», går rett og slett i «kvilemodus» og der ligg ho livlaus og ventar på vårvarmen. Det blir sagt at humla sine gøymestadene ofte vender mot nord, så humla unngår å bli lurt av tidleg bar bakke kombinert med sol for tidleg på våren. Det kan i så fall vera ein ganske god strategi for å takle klimaendringar.

Det finst andre måtar å «chille» på også. Kolibriar, dei små fuglane som elskar blomsternektar og nesten ser ut som eit litt for stort insekt (dei er mellom 2 og 6 gram!) med sine raske vengeslag, kan faktisk gå i nattdvale. Dei gjer dette ved å seinke kroppstemperaturen sin frå nesten 40 grader om dagen til rundt 15 grader på natta. Dette fenomenet ser ein ofte etter at kolibriane har trekt til sommarferien sin i Nord-Amerika. Tidleg om sommaren kan det vera lite mat å finne og nettene kan vera kalde. Dei små fuglane sparar massevis av energi når dei kjøler ned kroppen på denne måten. Når det er flust med mat om sommaren, fyrer dei heile natta, held tempen konstant, og brukar opp masse feitt som dei legg på seg att gjennom å supe nektar dagen lang.

Tilbake til humlemor. Om våren viser nemleg humledronninga at ho også er litt varmblodig. Du har kanskje sett humler som flyg kvilelaust langs bakken eller surrar frå blomster til blomster i kirsebærtreet ditt, trass i at det er tidleg på våren, og både nattefrost og kjølige dagar? Humler held varmen på ein fantastisk måte: dei kombinerer stor kropp og god isolasjon - humlepels - med eit "indre kraftverk"! Varmen skapast ved å kople frå vengene og trekke saman muskulaturen for å varme opp kroppen til dei 35 varmegradene ho treng for å flyge. Humla kan då slå oppimot 200 slag i sekundet med vengene sine i flukt, men det krev også at magen er full av nektar. Få andre norske pollinatorar kan dette kunststykket.

Ei markhumle besøker ein blåbærblomst i april. Nektaren i talrike selje eller blåbærblomst gjer at humler kan varme opp kroppen og fly i temperaturar sjølv ned mot frysepunktet som ein av få pollinatorar. Sjekk det til våren!

Kjem du over ei nærast død humle på bakken eller inni huset ditt til våren, så hugs at ho neppe er død – ho har berre tom tank og treng påfyll. Gje humla litt sukkervatn i ei skål, og etter ei kort stund vil ho fly igjen, ut for å samle nektar, pollinere planter og gjere hagen din vakker og grøderik, medan ho bygger sommarens bol.

Når vinterstormane og vintermørket no har invadert landet vårt på ny, er det nok fleire av oss som gjerne skulle hatt vintersøvn eller vinterdvale på repertoaret. Vi får vel heller berre klare oss med middelmåtige tv-seriar og litt sjokolade, og fyre litt i peisen i staden. Ha ein fortsatt god vinter, bamsefar og humlemor!

Powered by Labrador CMS