Dersom ein blir bitt av hoggorm, bør ein halde seg mest mogeleg i ro, barn må bærast ut av terrenget, og ein bør ringe legevakt for råd.

Hoggormsafari er best om våren - og her finn du dei

Vi har ein giftslangeart i Norge, men må vi vera redd den?

Publisert

Den mytiske og mystiske hoggormen har alltid fasinert meg. I ungdommen dreiv eg med skogplanting på våren og hoggormen kunne ofte ligge rett ved der eg sette ned ei lita furu i bakken.  No forskar eg på samspelet mellom dyr og planter i det same skogsterrenget og treff stadig vekk på denne lange og vakre slangen.

Hoggormsafari er spennande, men du må gå varleg, vite om plassane, og sjå godt etter. Hoggormen ser nemleg godt, og med det indre øyret sitt kan den oppfatte den minste vibrasjon i bakken. Difor oppdagar vi ikkje dei fleste hoggormar.

Solbading etter ein lang vinter

Ein klar, men litt kjølig vårdag er perfekt for hoggormsafari. Då ligg ormane gjerne i sola for å varme seg og beveger seg minst mogeleg. Hoggormen er som alle andre krypdyr vekselvarm. Det vil seie at dei ikkje kan lage sin eigen varme slik som oss pattedyr, men må varme seg opp gjennom solvarme, direkte eller frå miljøet rundt slangen. Den beste tida å oppdage ormane er gjerne formiddagen før dei blir oppvarma og meir aktive.

Kor finn du så hoggorm? 

Om vinteren går hoggormen i dvale, gjerne djupt nede i steinrøyser eller jordhol der det er frostfritt. Hiet er gjerne i ei tørr, litt steinete, sørvendt li med tynt vegetasjonsdekke. Det er på bakken ved desse hia ein gjerne finn hoggormen når den solar seg ein vårdag. Når varmen stig utover våren flyttar hoggormen seg gjerne til litt frodigare areal med godt skjul og god tilgang på ormemat som frosk, mus og fugleungar.

I sørvendt røysmark eller ved gamle murar kan du ofte kan finne hoggorm på våren. Her har den gjerne hatt vinterhi og kan varme seg godt.

Norgesmeistar i gøymsel

Det er ikkje like lett å finne hoggorm om sommaren. Dei oppsøker ikkje folk, er ikkje aggressive, og vil helst leve livet sitt utan å treffe på eit einaste menneske. Dei er gode i gøymsel, har god kamuflasje og ligg ofte heilt i ro. Nyfikne hundar som snusar rundt i marka har nok høgast risiko for å bli bitt. 

Hoggormen vil uansett helst ikkje bite folk og risikera noko. Dersom ein kjem for nære så kan ei vera uheldig. Tørrbitt, utan gift, er ganske vanleg fordi gifta er kostbar for hoggormen. Dersom ein blir bitt, bør ein halde seg mest mogeleg i ro, barn må bærast ut av terrenget, og ein bør ringe legevakt for råd.

Hannane kjem gjerne først ut av hiet og er ofte noko mørkare og kortare enn hoene. Farger kan også vera avhengig av alder og kor langt mot nord hoggormen lever (sjå variasjon i fargar på foto hos artsdatabanken.no). Mørk farge er jo best for solfanging. Paring skjer oftast nært vinterbolet i april-mai. Først må ormane kvitte seg med eit hudlag, dei skiftar nemleg ham. Så er dei er klar for å forplanta seg.

Vårleg flørt og slangedans

I paringstida kan hannar slåst om gunsten til hoene. Under eit feltarbeid, der eg var ute og telte bier og blomster, såg eg ein gong ein vakker og spennande slangedans som eg aldri før eller sidan har sett. Det var to hannar som slanga seg rundt kvarandre opp i lufta slik at det såg ut som dei dansa. Dansen var eigentleg ein slags brytekamp der premien var paring med ho som venta i buskane!

Hoggormen er kjent for å ta seg god tid i akta og paringa kan gjerne ta eit par timar. Etter paringa reiser hannen til nye jaktmarker, medan hoa er meir stasjonær. Etter 3–4 månadar føder ho. Krypdyr legg jo egg, men hos hoggormen klekker desse inne i hoggormkroppen rett før fødselen. 

På seinsommaren føder ho gjerne opptil 20 ungar. Desse kan gjerne vera litt meir raudlege i fargen. Pass på, dei er nemleg fødd med gift og kan bita. Ikkje har dei lært seg å dosere gifta, heller.

Kanskje skal ein ikkje vere redd hoggormen, men respekt for den bør ein ha.

Vegar som trussel

Om hausten vender ormane tilbake til hiet. I denne perioden kan også sjansen for å sjå hoggorm vera betre. Ein del vil kanskje ha sett påkøyrde og flatklemte hoggormar som har oppsøkt mørk og soloppvarma asfalt, slik eg har sett mange av på flyplassvegen i mitt heimeområde. 

Heldigvis er ikkje hoggormen trua i Norge, men mange stader i Europa, slik som England og Tyskland, slit både hoggormen og andre krypdyr. I mange land har intensivt landbruk og infrastruktur krympa og delt opp leveområda til hoggormen med færre hiplassar og jaktområde som resultat.

Les meir om selja som insektmagnet i Vill vest-bloggen.

Når selja blomstrar, er sjansen for å treffe på hoggorm god. Under min hoggormsafari fann eg eit yrande liv i denne selja der stor humleflue.

 

Ulike humleartar (markhumle) og sommarfuglar mfl fann rikhaldig med mat.
Powered by Labrador CMS