Rogna gir saftige måltid til hjort og andre beitedyr, men det betyr at dei ofte slit med å kome seg opp og ut i vaksenlivet.

Kompisplanter: Skogens støttekontakt

Kampen for overleving. Konkurranse som drivande faktor. Slik blir samspelet i naturen ofte presentert for oss av vitskap og media. Mon tru om ikkje bildet er litt meir nyansert?

Samspelet mellom alt det levande er grunnlaget for den utrulege rikdommen og mangfaldet vi finn i skogen, fjella og sjøen, alle økosystema. Samspelet er tufta på at alle organismar må ha energi og byggematerial. Planter, dyr, sopp og mikroliv må skaffe mat, men også unngå å bli mat. Økologien, mitt fagfelt, handlar i stor grad om dette samspelet.

Gode og dårlege relasjonar

Samspelet, eller det økologar kallar interaksjonar mellom organismar, har vi funne ein fiffig måte å klassifisera på som +/+, -/+ og -/-. Nei, det har ingenting med matte å gjera, det handlar eigentleg om relasjonar!

Eit pluss-pluss samspel er noko som gir fordel for begge involverte partar, den såkalla mutualismen. For eksempel ei humle som surrar i blomsterenga mi, besøker ein kløverblomst og pollinerer denne. Humla får nektar som næring og sikrar planta eit sexliv som betaling. Begge har glede av samspelet. Eg også!

Minus-pluss samspelet derimot har oftast ein opplagt vinnar. Det er sauen eller hjorten som gneg på ei rogn, bladlusa som syg safta ut av ein rosebusk, eller reven som sluker eit lemen. Dei er, nett som oss menneske, konsumentar som utnyttar ressursar.

Minus-minus samspelet er konkurransen. Når to plantar skal suge vatn eller hente næring frå same del av blomsterenga gir det mindre ressursar til begge. For å unngå konkurranse har artar ofte mange tilpassingar, si eiga nisje.

Støttekontakten

Men det finst fleire variantar av samspel i naturen. Planter treng ikkje alltid konkurrera, dei kan også ha fordel av kvarandre. Det er på tide å introdusere plantene sin støttekontakt, «pleieplante», som det heiter på engelsk, eller kanskje “kompisplante” på norsk.

Slike kompisplanter hjelper andre planter med å overleve beiting, tørkestress, frost eller andre farar som ofte tek knekken på ei ungplante. Kompisplantene gjer det kanskje ikkje heilt frivillig, men det funkar for dei som får starthjelp i livet. Før trudde ein at kompisplanter berre fanst i spesielt røffe økosystem, slik som ørken og høgfjell, men no veit vi at slike fordelaktig samspel skjer overalt og heile tida. Kompisplante-effekten er nemleg forbløffande vanleg og viktig.

Rogn til fuglefråtsing og likør

La oss ta turen ut i barskogen, gjerne til kyst- eller fjellskogen, der skogbrukets påverknad ofte er minst synleg. Der finn vi mangfaldig skog med mange treslag, og tre av ulike aldrar og størrelsar, med mange samspel mellom organismane som bur i denne tredimensjonale verden.

I slike skogar finn vi også store beitedyr, elg og hjort eller sau og kyr. Dei er blant konsumentane i økosystemet, og gnafsar og gneg i seg gras, urter, buskas og småtre. Gras og andre lågtveksande planter har utvikla seg til å tole eller unnvike beiting. Trea derimot toler i liten grad beitegnag, men prøver å veksa over hovudet på dei store dyra. Men blir dei hardt beita så blir det verande i tre-puberteten, får ikkje blomstra og sett frukt, og blir ståande og sture i skogens mørke.

Rogn finn vi nesten overalt, i kantar og lysningar. Om våren er ho eit dekka bord for insekta med sin talrike kvite blomar, og om hausten leverer ho oransje bærklasar til trost, sidensvans og andre av naturens bæromanar. Bæra smakar forresten mindre beiskt og er søtare vinterstid når dei har fått litt frost. (Ein kunnskap eg som student ivrig nytta i likørproduksjon med rogn + lab-sprit).

Rogna er treet som i gode år produserer mest bær av alle våre treslag. Kjent som god fuglemat.

Norsk regnskog på Svanøy som laboratorium

Synd for rogna at dei fleste store beitedyr også elskar å gnafse på den! Rogna smakar såpass saftig at den ofte slit med å få innpass blant dei vaksne i skogssamfunnet. Eg har sjølv forska på rogn i regnskogen på den vestlandske perla Svanøy. I tjue år har eg telt og målt rogna si vekst i furuskog på øya der hjort og sau lever sine gode liv. Rogna på Svanøy kjem seg sjeldan opp og ut i livet før den blir nedbeita. Den rekk altså ikkje høgt nok til å kunne blomstre i all sin prakt, og spreie gleder til alle dei andre som lever i skogen.

Finst det ei løysing for det attraktive rognebærtreet? Første del av løysinga heiter trost. Trosten tek med seg bæra frå dei vaksne trea som kanskje har overlevd oppi ein bratt skrent, fordøyer og skit ut att frøa saman med gjødsel som aukar spiringssjansen. Spiren veks seg raskt litt større, til ei lita rogneplante på kanskje 20 cm. Men så fort den stikk toppskotet over den beskyttande blåbærlyngen, så er den borte i eit hjortejafs. Neste del av løysinga er fuglar som flyg på do i buskar. Kanskje “fuglebuskaset” kan vera ei kompisplante og skape gode oppvekstvilkår?

Kompisplante-effekten. Den nålete og tørre einerbuska gir ly for eit saftig rognetre som må veksa seg høg for overleve hjort, sau og andre beitedyr.

Observere og eksperimentere!

Einerbusken viser seg å vera eit slikt buskas og potensiell kompisplante. Einer, også kalla sprake, er nålete, gjerne litt buskete i fjellet og på kysten. Den har ei superhard stamme full av anti-beitestoff som gjer den lite populær blant beitedyra. Ei perfekt kompisplante for den attraktive rogna! Funkar dette kompis-samspelet i skogen? Finn dei saman, rogna og eineren?

Naturvitskapen sin viktigaste metode for ny kunnskap er den potente miksen av observasjonar og eksperiment. På Svanøy såg eg at rogneplantene ofte vaks inni einerbuskas. Men kom dette av like miljøkrav for spring og vekst, eller av at rogna overlevde betre inne i buskaset når skogen vart beita? Det må eksperiment til for å kunne etablere slike faktiske samanhengar i naturen, og elles.

Kva gjorde vi? Vi fekk tak i åtti rogneplanter hos den lokale planteskulen og planta halvparten inne i einerbuskas og den andre halvparten utanfor som ein referanse. Eit naturvitskapleg felteksperiment. Vi målte deretter plantane sitt vel og vekst i fem år. Vår forventning om at kompisplanta ga rogneplanta vern mot beitedyr og dermed vesentleg betre levevilkår blei bekrefta. (For den særskilt interesserte: les den vitskaplege artikkelen som blei publisert i eit internasjonalt tidsskrift om skogøkologi- og forvaltning).

Den mangfaldige skogen som rollemodell

Kunnskapen om kompisplanter i barskogen gir gode argument for at framtidas skogbruk bør satse meir på mangfald. For at slike kompis-samspel skal kunne utfalde seg, må vi ha skogar med mange ulike artar – altså tre og buskar i ulike aldrar og sjikt. I ein rein produksjonsskog, der ein ofte manglar både lyng og busksjikt, vil eit beitedyr som elg eller hjort gnafse på alt det dei finn, gjerne både små og store tre, til skogeigaren sin store fortviling. Hadde det vore betre utval i matfatet, og i tillegg ein kompis-busk her og der, kunne både skogeigaren og økosystemet ha levd betre i samspel med dei ville og tamme beitedyra. Kompisplante-effekten kan vere med på å sikre mangfaldige skogar slik at fuglane får bærkosen sin og eg drammen min!

Powered by Labrador CMS