Kvitkrull har ei lang historie som julepynt. No dukkar denne laven opp i stadig nye samanhengar.

Kvitkrull – frå ujålete julepynt til trendy tavler

Kva har favorittdekorasjonane til utallige julenostalgikarar til felles med siste skrik på interørfronten? Meir enn du skulle tru!

Ein gong i haust oppdaterte Facebook-vennen min Svein statusen sin med følgjande kommentar: «La naturen få komme inn! Elsker min fantastiske mosevegg på kjøkkenet […] #naturlig #mose #grønthjem ....»

Under kunne ein sjå ei svær tavle fylt med noko irrgrønt som ved nærare augnesyn viste seg å vere eit teppe av den finaste kvitkrull. I skogen og på vidda er kvitkrull – som namnet seier – ganske kvit. Den kan minne om eit luftig, lite blomkålhovud, og er ein del av dietten til dei ville, norske slektningane til julenissens trufaste hjelpar, Rudolf.

Facebook-oppdateringa der Svein delte bilde av den flotte mosetavla si.

På veggen til Svein hadde kvitkrullen fått ein real «makeover» med ein spretten grønfarge som fekk det til å koke i kommentarfeltet under bildet – for tavla var jo både frisk og vital, og plasserte seg høgt på ønskelista til mange i vennekretsen hans. Alle ville «la naturen få komme inn».

Ikkje plante, ikkje mose – men sopp!

Biologen, på si side, sat med litt blanda kjensler. Vel var tavla flott, men ho var jo ikkje full av #mose! Kvitkrull er ein lav, og viss ein skal vere pinleg korrekt, er det ikkje ein gong ei plante vi har med å gjere, men ein sopp. Den opphavlege soppen har, i løpet av nokre millionar års evolusjon, vore så heldig å fange opp nokre spreidde grønalgar. Resultatet av dette partnarskapet kallar vi lav. Begge partane har glede av samarbeidet (eller symbiosen): algane forsyner soppen med sukker, og soppen gir vatn og mineral tilbake til algane.

Frå gammalt av hadde ein ikkje denne detaljerte kunnskapen, så folk flest nøydde seg med «mose» som eit godt og dekkande namn på alt grønaktig og kortvakse. Det er denne tradisjonen produsentane av mosetavlene fører vidare når dei bruker namnet som er vanleg i Østerdalen, der haustinga skjer, nemleg reinmose.

Sidan det er fleire soppceller enn algeceller i lav, blir lav rekna som sopp og ikkje som plante. Dermed står faktisk laven (som heng på Sveins mosevegg) nærare mennesket enn plantene i biologisk forstand: Både vi og soppen er avhengige av energi frå det vi et (eller syg ut av omgjevnadane våre), medan dei fantastiske plantene fangar og bind solenergi til sukkeret dei dannar gjennom fotosyntesen.

Hausting av kvitkrull (eller reinmose) var i mange år ei viktig attåtnæring i norske bygdelag. I dag kjem plukkarane frå andre delar av Europa og haustar 600 000 kg råstoff i løpet av fire hektiske sommarmånader! Frå fabrikken i Rendalen (som er ein av to i heile verda, den andre ligg i Finland) vert det eksportert kvitkrull til heile verda – og til den vesle norske mosetavleprodusenten.

For dei interiørinteresserte er det truleg hipp som happ kva ein eigentleg kallar det, så lenge tavlene ser flotte ut. Kan hende får enkelte hakeslepp når dei får vite at dei såkalla mosetavlene eigentleg er laga av ein sopp som samarbeider med algar. Moseveggen på Grønland består altså av det same materialet som trauste gravkransar og juledekorasjonar – det er berre finishen som skil dei.

Slik har vi vore vant med å sjå kvitkrull: fint dandert på gravkransar. At same råstoffet no heng på veggane til interiørinteresserte både i inn- og utland, er kanskje meir overraskande. Foto: Shutterstock

Men kanskje er det dette som skal til for at kvitkrull skal bli rehabilitert som noko meir enn reinsdyrfôr og julepynt? Responsen på Facebook-innlegget tilseier at lav kan stagge både stress og sut når han får rette innramminga.

Luftreinsar eller berre humørspreiar?

At tavlene skal vere effektive luftreinsarar (slik produsenten hevdar) trur eg likevel ein skal ta med ei klype salt. Den stakkars kvitkrullen er tørka så godt og grundig at han er daud som ei sild. I tillegg er han kledd med eit tynt plastbelegg, og til slutt jazza opp med ein frisk sprayfarge. Det er med andre ord tvilsamt om det finst så mange opne porar å puste med når tavla har nådd hipsterveggen. Men dersom skuldrane senkar seg og hjarta gler seg ved synet av det grøne, er kanskje effekten på nivå med luftreinsing?

Vil du likevel ha både rein luft og eit lågare stressnivå, kan det hende at du skal rive deg laus frå julegodteriet og sofaen og ta deg tid til ein tur ut. Der kan du oppleve kvitkrullen i sitt rette element. Du finn han over heile landet, gjerne i tørr furuskog, eller på rabbar i lågfjell og kystlynghei. God tur, og god jul!

Er du ein av dei mange som gjerne pyntar til jul med det du finn ute i naturen? Du er ikkje åleine.
Powered by Labrador CMS