Mi og di historie

Vi legg bak oss eit underleg år der dei fleste har seinka tempoet. På fleire vis har det ført oss nærare ei fortid vi ikkje burde gløyme.

Har du, som meg, ein familiestad du jamleg vender tilbake til fordi ei bestemor eller ein bestefar vaks opp der? Ein stad der du lever enklare – og med færre moderne hjelpemiddel enn i ditt vanlege hus? Kanskje har du reist nokre fleire turar nettopp i år, og opplevd eit ope landskap forma gjennom lang tids skånsam bruk.

Har du tenkt på at det gjer deg til ein del av ei større forteljing? Eg tenker på forteljinga om eit fattig jordbrukssamfunn som på godt og vel hundre år gjekk gjennom ekstrem forvandling.

Enkle kår

Min versjon av familiestaden er det veglause, nordvende og no nedlagde bruket Indre Rødne. Det ligg langt inne i ein arm av Krossfjorden i Ryfylke. Hit reiser eg kvar sommar for å bu trongt med ein haug med slektningar. Til liks med meg tykkjer dei det er stas å fiske sin eigen middag, vaske opp med vatn vi har varma på vedomnen i stova og sjølv prøve å vøle gamle hus. Kanskje fordi vi lever så greitt til vanleg, trivst vi med den enkle standarden. Likevel er det godt å komme heim att til dusj og vaskemaskin.

Eksempel på favorittstad for ein gjennomsnittsnordmann. Her er det fritt fram for å svinge motorsaga viss ein er misnøgd med utsikta. Standarden er elles enkel: null dusj eller varmtvatn i springen, og ingen bilveg. Tilgangen på mygg, klegg og knott, derimot, er upåklageleg. Foto: Inger Auestad

Dyr på båsen

Tre av fire nordmenn bur i dag i tettbygde strøk, som Sogndal, Stavanger eller Svorkmo, men for nokre generasjonar tilbake budde folk flest på bygda, og vilkåra dei levde under, var strenge. Slik var det òg for oldeforeldra mine, som kom flyttande til Indre Rødne i 1884, til eit lite bruk med gamle hus, uthoggen skog, skrinne bøar og sol berre seks månader i året.

Bildet frå 1905 syner ein alvorleg liten familie i ein bratt bakke framfor hus og løe. Som småbønder flest, berga dei dyra gjennom vinteren med høy frå innmarka og lauv og bork frå utmarka. Fjøsen romma berre nokre sauer og eit par kyr – garden var for liten til eigen hest.

Bruket på Indre Rødne rundt 1905: Hanne og Sven til høgre, saman med tre av fem born. Eldste dotter var låghalt, og ho stelte for foreldra og ein ufør yngre bror heile livet sitt. Dei andre reiste ut – ein son heilt til Dakota i USA.

Sommarstid beita dyra i skogen eller på heimestølen. Då fekk gras og blomstrar vekse i fred i innmarka før det vart slått og tørka på tynne hesjer – det var naudsynt i det fuktige fjordklimaet.

I dag er dei tradisjonelle, blomsterrike slåttengene i sterk tilbakegang i heile landet, og blomstrar, insekt og sopp knytt til desse vakre og sårbare naturtypane utgjer ein fjerdedel av dei trua artane i Noreg.

Den livsviktige skogen

I dag er liene langs dei fleste Vestlandsfjordane skogkledde, men i 1905 var dei mange stadar omtrent snaue. Frå 1600-talet vart Vestlandsskogane hogde ut i fleire vender, på 1700-talet måtte dei tole kuldeperioden vi kallar «den vesle istida», før eit aukande tal husdyr beita småskogen heilt ned utover 1800-talet. Gamle oldefar Sven hugsa nok godt kor langt det var mellom trea då han kom til bruket sitt, for fram til han døydde i 1941, halvblind og mett av dagar, tviheldt han på at “skogen måtte hegdast”.

Skogen gav ved, vinterfôr og virke til bøndene på Vestlandet, og ulike treslag tente ulike føremål. Min oldefar var ein av mange bøkkarar – tønnemakarar – i indre Ryfylke. Tønnebanda vart gjerne laga av hasselgreiner.

Hassel var ein viktig nyttevekst i tidlegare tider, greinene vart nytta til tønneband og nøttene var næringsrikt tilskot til kosten. Hassel er varmekjær, og eit trufast innslag i tørrare, solvendte deler av vestlandsliene. (Foto: Inger Auestad).

Dei hausta òg hasselnøtter for eksport via Bergen. Med B-vitaminrike nøtter i skipskosten unngjekk sjøfolk mangelsjukdommen beri-beri. Dei ville nøttene er litt mindre, men har søtare smak enn pose-nøttene som du kanskje kjøper inn til jul.

Lauv, bark og greiner frå lind, alm og ask vart til næringsrikt vinterfôr – og stundom mat til menneske òg. Tidleg 1900-tal var framleis almebork i bruk til flatbrødbaking i delar av landet vårt.

Frå sirkulær til lineær økonomi

No ved årsskiftet står vi midt i ein forbruksorgie. Vi har akkurat gjort unna Black Week og sanselaus julehandel, og framfor oss ligg januarsalet. Enorme mengder mat og varer skiftar eigar, og mykje går dessverre rett i søpla.

Slik var det ikkje for dei som drev gard i Noreg rundt år 1900. Handel og vandel gav litt pengar og gjorde det mogleg å kjøpe mellom anna salt, finare stoff, tobakk og medisin – dei få tinga gardbrukarane ikkje kunne lage sjølv.

Men i hovudsak var økonomien sirkulær – bøndene produserte det meste dei trong på garden. Eng og åker vart gjødsla med møkk frå fjøsen, og dyra som produserte møkka, hadde blitt fôra på ressursar frå inn- og utmarka på den same garden.

Dei enkle reiskapane oldeforeldra mine brukte, som spade, plog, sigd, ljå, snidel og øks, har alle røter heilt tilbake til jernalderen. Det betyr at jordbruket, slik det framstod tidleg på 1900-talet, er over 2000 år gammalt.

I løpet av dei 150 åra som har gått sidan Rødne vart busett av forfedrane mine, har Noreg gått gjennom djupe og store endringar: Landbruksmaskinar og kunstgjødsel letta arbeidet og gav kjærkomen auke i produksjonen. Vi byrja med kjøp og sal av varer. Så, for 50 år sidan, fann vi oljen i Nordsjøen – og dermed var ein heilt annan dans i gang.

Kor går vi?

Slåttenger og beitemark i det gamle kulturlandskapet var rike på lågvaksne blomstrar. Eit eksempel er jordnøtt, ein karakterart i nedbørrike, milde delar av Vestlandet. (Foto: Krzysztof Golik, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons).

Små bruk i bratte vestlandslier kan ikkje lenger brødfø folk, og mange stader er dei opne bøane for lengst attgrodde og husa borte. Men når slåtten stoppar opp og bruk og gardar forsvinn, blir òg viktige leveområde for dyr og planter borte. Det same blir eit landskap som kan ta pusten frå den mest blaserte turist. Sist, men ikkje minst tapar vi mykje av identiteten vår.

Armoda som prega det norske jordbrukssamfunnet før moderniseringa, er det ingen som vil ha att. Men landskapet som fortel vår felles historie, det som forma oss som bur her – har vi råd til å miste det?

Powered by Labrador CMS