Naturvariasjonen i Vill vest sine heimtraktar er stor, og ei kjelde til god helse både for natur og folk. Helse er tema for Forskingsdagane 2024.

Natur ved god helse

Vi kan hauste bær, frukt og sopp som gale i år. Men kva vil framtida bringe?

Publisert

Det går mot rekordhaust for bær og frukt i vestlandske skogar og heiar. Fruktdyrkarane melder også om rekordhaust. Ingen svikt i fruktbarheiten i naturen altså. Økosystema kan rett og slett ha dratt fordel av ein varm vår og ein kjøleg sommar. Kanskje naturen her vi bur rett og slett er ved god helse?

Familien vår er ivrige sankarar, og vi veit at vi ikkje er åleine om det. Bær- og sopplukking står høgt på agendaen utover seinsommaren og hausten. Blåbær må så klart plukkast til dessert og til sylting. Sopp til middag og tørking. Aller viktigast er likevel krekling til safting!

Kjemisk krigføring

Krekling er ein skikkeleg tøffing. Den veks godt på tørre og vêrharde stadar, og kan lett slå ut andre vekstar. Kreklingen gjer nemleg mykje for å legge under seg nye territorium. Den slår til og med ut motstandarane sine med kjemiske krigføring. Planta kan skilje ut stoffar som gjer at andre plantar spirar og veks dårleg i nabolaget.

I nord opplever dei visstnok ein skikkeleg kreklingekspansjon. NRK kunne før i år melde at dei fryktar for beitene til reinen. Kreklinglyngen er nemleg dårleg mat for både tamme og ville beitedyr, i motsetnad til bæra.

Det bognar av bær i skogen i år. Krekling med bær finn du helst i lysningar i skogen. Med sitt harde skal held bæra seg godt ut over hausten.

Mor Aase's kreklingsaft

Mos bæra med stavmiksar, 1-2 liter i slengen, ha i ei større bøtte.

Tilset 4 dl vatn og 10 g sitronsyre per kg bær

Lat safta stå kaldt i to dagar (ikkje kjøleskap)

Sil safta (i silklede)

Røyr ut ca. 400 g sukker per liter saft

Hell safta på reine flasker

Tips: Tilset gjerne konserveringsmiddelet Atamon for å unngå gjæring og mygling! Er du god på reinhald av utstyr, kan du klare deg utan Atamon, sidan krekling har mykje naturleg konserveringsmiddel.

Kongebæret krekling

Kreklingbæret er nemleg blant dei mest smaksrike og sunnaste i skogen. Bæra kan ein bruke til saft (sjå oppskrift i boks) eller til vin. For 1000 år sidan, nasjonaliserte kong Sverre norsk vinproduksjon ved å kaste ut tyske vinhandlarar. Vinen til kongen vart ikkje laga av vindruer, men av krekling.

Korleis vikingane plukka krekling veit vi ikkje – bærplukkar hadde dei neppe. Men billeg arbeidskraft hadde dei, og kanskje var det unge trellar som sat på huk i skogbrynet i dåtidas skogar her på Kaupanger og nappa dei svartblå bæra av lyngen og opp i korger som dei så bar på ryggen ned til storgarden?

I år var det ekstra mykje krekling å finne på hogstflater, opningar i skogen eller over skoggrensa. Med min effektive dobbeltplukkar, ein reiskap eg verkeleg unnar alle sankarar å skaffe seg, brukte eg berre ein effektiv time på å plukke 30 liter. Kongebæret krekling blei forresten plukka ved ein lokal «insta spot», den såkalla «Kronprins Haralds plass» (også kalla kongeplassen på Instagram).

Plukker krekling, vere i lag med familien, få servert sopplunsj av konemor, og nyte naturen. Ein nydeleg og helsebringande dag for ungar og vaksne.

I år suste humla

Kreklingen er smart. Denne livskraftige vinnarveksten har innretta seg slik at han ikkje treng insekt for å bli pollinert og danne frukt med frø. Kreklingen tek stort sett til takke med vinden. Andre lyngplanter, slik som blåbær og tyttebær, er mykje meir avhengige av å få besøk av humler og andre bier som landar på blomane deira for å smake søte dropar og proteinrikt pollen. Slik lukkast desse plantene med å danne frukt – altså bær – og vi sankarane får god fangst.

Hugsar du tilbake til mai i år? Vi sveitta i bunaden og kunne bade i fjorden før nasjonaldagen. Den fantastiske våren gav godt med blomstring og gode flygeforhold for biene med sitt doble par venger. Biebestandane vaks difor godt på blomstermat dei fann så rikeleg av. I denne perioden var eg saman med mine økologikollegaer mange turar opp og ned Storehaugfjellet. Hadde du fått auge på oss i aksjon ville du nok ha tenkt på oss som ein flokk naturnerdar. Det er vi, og stolte av det!

Det vi studerar på desse turane, er livet rundt blåbær- og tyttebærplanta. Vi tel og målar blomstring, bær og humler. Det har vi gjort gjennom åtte samvitsfulle år stort sett i solskin. Over åra har vi observert tre og eit halvt tusen blomsterbesøkande insekt. I år registrerte vi faktisk dei nest høgaste tala for humler og andre villbier i løpet av dei kanskje tusen timane vi har farta langs fjellsida.

Gode nyheiter, tenker du no, for du har jo høyrt at insekta er i fare, og dermed vi? Insektlivet der er kanskje enno eit godt teikn på at helsa til livsmiljøa på land har vore fortreffeleg i år?

Bakom lurar farane

Men det er alltid ein slange, eller ti, i paradis. Insektovervaking austanfor langfjella, viser ein kraftig nedgang av desse flygande småkrypa dei siste fire åra (tala frå i år er ikkje publiserte enno). Dessutan kan gode vekstvilkår for planter også gje gode forhold for andre organismar vi ikkje alltid er så glade i. Størst problem skapar den typen framande artar som litt populært kallast «invaderande aliens».

Den vi med hage fryktar mest, brunsneglen, har fått ein oppblomstring i år etter nokre litt stille år. Sjølv har eg funne det første individet i vårt nabolag nokon gong, her ein mørk kveld. No blir det nok fast patruljering med saks for å klippa dei stakkars sniglane i to og hindre ein full invasjon.

Aller mest bekymra er eg for almesjuka. Vi har eit fantastisk tuntre på garden, med ei imponerande trekrone som dekker halve hustaket vårt. No har almesjuka også fått ei oppblomstring her i vest. Sjukdomen fører til at dei stolte almetrea som er så viktig for mange småkryp, mosar og lav, visnar og til slutt døyr. Sjukdommen blei innført ved eit uhell, slik det ofte skjer, og gjorde seg gjeldande austpå på 80- og 90-talet. Ein sopp er opphav til sjuka, og soppen blir spreidd av biller.

Visstnok er årleg fjerning av daude greiner og brenning av kvist det einaste som kanskje kan halde sjukdommen i sjakk. Ofte må ein fjerne heile tre, og det kan bli trist for mange eigarar av ruvande tuntre. Parkvesen rundt om i verda nyttar i tillegg årleg vaksinering for å trigge almetrea sitt immunsystem.

Tuntreet vårt, ei alm, er framleis ved god helse, men vi fryktar almesjuka. Framfor står rogna smekkfull av raude bær. 2024 er eit godt bærår.

Det beste botemiddelet

Det er sjeldan ein kvikkfiks for problembarn som den hata brunsneglen eller den frykta almesjuka. Klimaendringar er komne for å bli. Det same er spreiing av aliens i Pei globalisert verd.

Om vi greier å ta vare på naturen og stanse nedbygginga. Om vi i staden restaurerer edellauvskogar, våtmarker og blomsterenger. Om vi viser respekt for naturen si eiga helse, og ikkje berre vår eiga. Då kan eg, som forskar, legge handa på hjartet og seie at sjansen er god for at det vil kunne gå godt, både for den ville og tamme naturen i framtida. Sjølv om helsa til mange livsmiljø rundt omkring i verda ikkje så god så må vi håpe at vi neste år også vil kunne ha god naturhelse, og mykje bær, her i det ville vesten.

Powered by Labrador CMS