Fjellet Bleia ved Sognefjorden med sine spesielle artar, skog og geologi er eit naturreservat like ved inngangen til verdsarvområdet for dei norske fjordane.

Naturvern: eit columbi-egg for å løyse to miljøkriser

«Naturkrisa» har i nokre år kome i skuggen av «Klimakrisa», men no er tap av artar og økosystem igjen i rampelyset. Løysinga på begge krisene kan faktisk ligge i å bevare meir natur. Det kostar litt her og no, men naturen jobbar deretter gratis!

Det internasjonale naturpanelet kom i fjor med ein spesialrapport om tapet av biomangfald på kloden vår. Omlag 1 million artar er på veg til å døy ut. Menneskeheita og våre husdyr veg no minst 10 gangar så mykje som alle ville dyr til saman!

Spesialrapporten påpeiker at vi menneske har påverka tre firedelar av det isfrie landarealet og to tredelar av havet på kloden vår. I praksis betyr det at naturlege økosystem er nesten halvert og at vi har lagt beslag på 40 prosent av landarealet til jordbruk og busetnad. Det har gått spesielt hardt utover våtmarker, gammalskog og korallrev.

Mykje av dette har vi jo visst lenge, men rapporten kopla også tapet av biomangfald direkte mot klimakrisa. Leiaren for naturpanelet, sir Robert Watson, kommenterte illevarslande, men samstundes løysingsorientert:

«Vi kan ikkje løyse problema med menneskapte klimaendringar og tap av biomangfald isolert. Anten finn vi ei løysing for begge deler, eller ingen av dei».

Kvifor sa han det? Her kjem columbi-egget inn, den enkle løysinga på eit komplisert problem.

Naturen har overlegen grøn teknologi

Som kjent forsterkar menneskeskapte utslepp av karbondioksid drivhuseffekten. Utsleppa våre kjem frå to hovudkjelder, der den viktigaste er den du først kjem på: forbrenning av fossilt materiale, altså olje, gass og kol.

Alt dette er jo energirikt organisk materiale, altså karbonprodukt av fotosyntesen, lagra i levande organismar for millionar av år sidan. Fotosyntesen gjer jo det same den dag i dag som den gongen dinosaurane gjekk rundt på kloden. Det er den beste grøne teknologien som nokon gong er oppfunnen! Kvar dag vert det altså lagra litt karbon gjennom at restar av daude dyr, insekt og planter blir brotne ned og fanga opp i naturens karbonsluk. Dette skjer i jorda, i myrar, kulturmark og skog, i vatn og hav. Karbonsyklusen går føre seg rundt oss overalt og er evigvarande!

Dei siste utrekningane av det globale karbonrekneskapet tyder på at så mykje som halvparten av dei ekstra drivhusgassane blir fanga opp att gjennom fotosyntesen og andre naturlege prosessar som utgjer karbonsyklusen. Dei grøne og blå delane av planeten vår har altså bunde mykje av det ekstrakarbonet vi har sleppt ut gjennom fossil forbrenning. Sagt på ein annan måte gjer naturen ein livsviktig jobb for å stabilisere klimaet gjennom sin eigen karbonfangst.

Naturvern i Norge

I dag er ca. 16 prosent av landjorda og 7 prosent av havet verna å kloden vår. Norge har verna ca. 17 prosent av landjorda (det meste er fjell) og 3 prosent av havet. Eit ganske ordinært land globalt sett: kan vi forvente meir av verdas rikaste land? Heldigvis er det mykje godt arbeid i gang og fleire politikarar har no også fått auga opp for at naturvern er eit godt tiltak som oppfyller fleire målsetnadar. Eit columbi-egg, altså!

Nedbygging av natur er også ein del av klimakrisa

Naturens innsats for klimaet vert likevel fånyttes når vi menneske øydelegg denne naturen og forsyner oss grådig av areal som før var myr eller skog. Inngrepa våre får nemleg mesteparten av det lagra karbonet til å forlate bakken og stige til vers. , Naturinngrep endrar livsmiljøet, endrar samspelet og tilfører oksygen som gjer at også naturinngrep er ei slags forbrenning som skapar store utslepp av drivhusgassar.

Sidan den industrielle revolusjonen på 1800-talet, har ein firedel av CO2 -utsleppa nettopp kome frå øydelegging av natur. Når vi bygger ned natur aukar vi altså den nest viktigaste utsleppskjelda som førar til klimaendringar, og vi reduserer naturens evne til å binde det overflødige karbonet. Konsekvensen er at klimaet vårt blir våtare, varmare og villare.

Håp i vill natur: betre karbonsluk enn Mongstad

Det er altså ikkje fjernt å kople naturkrisa og klimakrisa. Det er tvert om innlysande at naturen, og naturens godar og tenester, bør bli ein del av det "grøne skiftet" for å løyse klimautfordringane. Men korleis kan vi gjere dette i praksis?

Skog er ei fleirdimensjonal verd, med liv både over og under bakken. Visste du at skogen her i nord har 60 prosent av karbonet sitt lagra under bakken? Det betyr at vi må unngå hogst i ein vesentleg del av skogområda for å halde karbonet der det er.

For det første må vi bruke kunnskapen om naturens karbonlagringevne. Enkelte naturområde er kanskje meir verdt enn andre når det gjeld evna til å sluke karbon. Myr, våtmarker og skog er dei økosystema som inneheld mest karbon over og under bakken. Myr utgjer berre 3 prosent av landarealet i verda, men lagrar kanskje så mykje som 30 prosent av karbonet på landjorda! Skog har mykje av det resterande landkarbonet lagra i si fleirdimensjonale verd. Barskogen i nord har faktisk meir karbon lagra enn den tropisk regnskogen, men hos oss her i nord ligg 60 prosent av dette under bakken som betyr at vi må forvalte heile økosystemet for å unngå karbonutslepp til atmosfæren. Vatn og hav lagrar òg enorme mengder karbon, i tillegg til å ta opp varme.

Kostar litt, men smakar meir

Og så? Jo, vern naturen for notid og framtida. Naturpanelet føreslo å verne 30 prosent av alle økosystem på land og til vanns for å stoppe tap av biomangfald og binde nok karbon til å bremse klimaendringane. Økonomar følgde opp med å rekne på kost-nytte av ein slik verneprosent og fann ut at dette var svært lønsamt. Kvifor? Ja, det kostar ein del å verne naturen her og no, men jobben den gjer for oss i ettertid er så utruleg billeg i forhold til «månelandingar», «Langskip», eller andre prestisjefylte karbonlagringsprosjekt. Og: alle ekstrakostnadane som vil koma når naturen ikkje kan hjelpe oss. Pengar brukt på vern er altså tente inn att fort. Naturen er billeg arbeidskraft. Difor er fornuftig arealbruk og naturvern eit columbi egg.

Intakt og fungerande natur sikrar oss godar som reint vatn, sunn mat, vern mot flaum og kanskje til og med vern mot nye pandemiar. Storskala CO2-handtering frå naturens side er berre enno ei gratisteneste på den lange lista over naturgodar. Ikkje minst er naturen levestad for alt det finurlege og spennande mangfaldet som også er med å gi våre liv meining! Les meir om samspelet mellom oss og naturen i Vill vest-bloggen: Ingen kan leve åleine i verda.

Myr er blant naturtypane som lagrar mest karbon. Tre prosent av arealet i verda er torvland og myr og kanskje så mykje som 30 prosent av jordkarbonet er lagra der. Vern er det einaste som funkar her, men restaurering av drenert myr kan også hjelpe til.

Kvardagsbruken av natur er viktig!

Det er ikkje berre gjennom verneområde at ein må ta vare på natur og løyse klima og naturkrisa. Den «vanlege» arealbruken utanfor verneområda er minst like viktig for både naturens mangfald og naturens evne til å levere godar til det beste for samfunnet.

Naturens arealar er altså fellesgoder og bør difor regulerast strengt. Kanskje kan skattlegging, gjennom ei arealavgift, motverke den negative trenden med nedbygging av natur? Dersom ein kombinerar dette med støtteordningar som stimulerer til gjenbruk av areal så kan vi kanskje kome i gang med det verkelege «grøne» skiftet snart!

Eller sjekk ut: Dag O. Hessen si bok "Verden på vippepunktet: hvor ille kan det bli" frå 2020, Naturpanelet, IPBES sin rapport "Global assessment report on biodiversity and ecosystem services" (https://ipbes.net/global-assessment) eller NINA sitt temahefte 76 "Karbonlagring i norske økosystem" (https://brage.nina.no/nina-xmlui/handle/11250/2655582) frå 2020 om du vil lære meir.

Powered by Labrador CMS