Ei lita «perlerekke» av norske lauvtreslag, plukka i mars i indre Sogn. Kor mange av dei kjenner du att, og kva for ein av kvistane er plukka frå dagens tre: rogn? Du finn fasit lengst ned på sida! Foto: Kyrre Groven

Rogn i regn – alternative påskeaktivitetar

Etter at koronaen stengte landet, har raske beinstrekk fått ein renessanse. Då kan det vere greitt med ei utfordring som kan gjere turane dine meir interessante: kor mange vanlege norske treslag kjenner du att på denne årstida? Her kjem òg eit lite nærblikk på den vakre rogna.

Det hemmelege våpenet

Treningssenteret er stengt. Fotballkampane avlyste. Utanom Netflix og brødbakst har det norske folket lite å ta seg til om dagen, og mange skal feire låglandspåske. Heldigvis har det norske folket eit hemmeleg våpen mot aukande brakkesjuke – turen! Den kan bli mykje meir spennande med eit lite oppdrag: prøv å kjenne att vanlege norske lauvtreslag FØR dei får blad om våren! Verkar det vanskeleg? Gje det eit forsøk! Høgst sannsynleg kjem du over eit rognetre.

Hardfør og vakker

Rognetreet toler godt kalde vintrar, og er vanleg i heile Noreg. Om sommaren kjenner vi lett att dei finna (oppdelte) blada og dei flotte, kvite blomeskjermane som blir til raude, dekorative fruktklasar om hausten. Dei kan henge på trea langt utover vinteren. Rogn høyrer til i rosefamilien, der vi finn mange tre med frukter du kan ete – både eple, pære, morell og kirsebær.

Slik ser rognetreet ut på seinsommaren! Ikkje så høgt, vid krone, og år om anna: ein rik frukthaust. Foto: Bodil Udstuen (www.udstuen.net).
Rogn frå Ekebergskråningen i Oslo. Her ser vi kjenneteikna vi legg merke til om sommaren og hausten: oppdelte blad med mange småfinner, og glatte, raude bær. Foto: Per H. Salvesen.

Rogna om vinteren

Om vinteren, når blad, blomstrar og bær er vekk, ser rogna ganske annleis ut. Då legg vi merke til at rognetrea ikkje blir så høge (mellom tre og ti meter). I tillegg har dei vid krone og gjerne fleire stammar i lag, noko som (dessverre for rogna) gjer det enkelt for svolten elg og hjort å gnage på greiner og knoppar vinteren gjennom.

Om vinteren manglar rognetreet blad, men den vide krona er godt synleg. Vi ser også at dette gamle, fleirstamma rognetreet er dekka med lav og mose. Foto: Idunn Auestad.

Viss du studerer greiner og knoppar, er rogna ganske grei å kjenne att. Greinene er slette og grå med små porer eller prikkar i borken. Knoppane til rogna er ganske store – dei inneheld jo store blad! Og knoppane er dekka med silkegråe hår, slik du ser på bildet under. Dei liknar i grunnen ikkje på knoppane til nokon andre ville treslag.

Ein rogneknopp, klar til å sprette når varmen kjem. Knoppane er store, blanke og mørkt brunfiolette, med fine, sølvfarga hår som gjev dei ein lys gråfarge. Foto: Inger Auestad

Tru og tradisjon omkring rogna

Rogn har vore svært viktig og hatt mange slags bruk opp gjennom tida. Rognebork og rognebær blei brukt til dyrefôr, og sidan veden var sterk, var han eit godt emne til tollepinnar og knivskaft. Men det var samstundes ein dåm av magi over rogna. Særleg age stod det av såkalla «flogrogn» - rogn som spirer i greinkløfter på større tre. Kanskje du har sett noko slikt sjølv òg? Fenomenet, som er ganske vanleg, kan enkelt forklarast med at fugl som et av rognefruktene, gjerne sit i tre og skit ut frø. Desse kan seinare ta til å spire. Men fasinerande er det likevel!

Ei spretten lita flogrogn som ser ut til å trivast svært godt oppe i ei gammal eik i Glen Mallie, Lochaber i det skotske høglandet. I tillegg til å få rikeleg med lys i høgda, er rogna her i trygg avstand frå svoltne beitedyr. Foto: John MacDonald,

Sjeldne slektningar

Rogn har ei lang rekke nære slektningar, dei såkalla asalane. Dei har alle kvite blomstrar, raude bær og meir eller mindre oppdelte eller finna blad. I Noreg har vi asal-artar som er så sjeldne at dei står på internasjonale raudlister. For å finne dei, må du på ekspedisjon! Men den kjente og kjære rogna finn du kanskje allereie i påska, i ditt eige nærområde? God tur!

Vi kallar fruktene til rogn og asal for bær, men eigentleg er dei små miniatyr-eple! Difor kallar botanikarane dei"bæreple". Hos sølvasal, ein av slektningane til rogn, har bæreplene tydelige korkporer, altså opningar i det ytste cellelaget der korkvev stikk ut. Slike porer finn vi ikke hos rogn. Foto: Per H. Salvesen

Korleis gjekk det med den vesle kvist-kvissen?

Under finn du fasiten. Eit ekstraspørsmål til deg som svarte rett på alt: kva for vanlege norske treslag er IKKJE med på bildet?

Ni vanlege, norske lauvtreslag. I tillegg veks også bøk, spisslønn, lind, svartor, osp, hegg og svarthyll vilt i Noreg. Foto: Kyrre Groven.

Les meir om rogn:

Grundt, H.H., Salvesen, P.H. 2011. Kjenn din Sorbus. Rogn og asal i Norge. Norsk institutt for skog og landskap. Ås, Norge. Funne 23. mars 2020 på http://hdl.handle.net/11250/2594743

Powered by Labrador CMS