Det er ikkje berre vi menneske som set til sides ein penning eller to i banken! Plantene har òg sin måte å legge til sides til ein annan gong. Foto: Shutterstock.

Sikkert som frø i banken

Kor vert det av alle frøa som tre, buskar og blomar pumpar ut i naturen om hausten? Dei hamnar i den underjordiske frøbanken, sjølvsagt!

«Spar når du har, så har du når du tar» var ein av lærdommane eg fekk prenta inn i oppveksten. Ein skulle alltid ha litt att til ein annan gong. Kanskje er du òg ein av dei som trufast pumpar pengar inn på BSU eller har ein konto som du kallar «ferie»?

Tek du ein kikk ut av vindauget om hausten, verkar det pietistiske ordtaket svært fjernt: Når vinteren nærmar seg, peprar tre og blomstrar landskapet med feite, fine frø. Bjørka slepper ut myriadar av brune, papirtynne skivar, dei ville rosene struttar av nyper fulle med hårete frø, og på hasselbuskane sit hasselnøttene i tette knytte.

Løvetannfrø har vi alle eit forhold til! Frøet sin fine fallskjerm (som eigentleg er danna av begerblada til løvetannen) gjer at dei kan fyke langt av garde. Dei kan også overleve fleire år i jorda. Løvetann spreier seg elles effektivt dersom bitar av rota blir flytta på. Foto: Pixnio

Det er elles ikkje måte på kor mykje jål plantene tek seg råd til å utstyre frøa sine med: frukter fulle av krokar, venger, fine fargar eller saftig kjøt, alt for å sikre stor og effektiv spreiing.

Men ikkje la deg lure.

Bak overfloda har også plantene sine måtar å legge til sides ein penning på. Rett nok spreier dei frøa sine for alle vindar, men etter det hamnar mange frø i djup dvale i jorda – og slik kan dei ligge i årevis.

Frøa greier seg best om dei ligg tørt, eller kaldt – då kan vi få super-resultat. I Israel har forskarar lukkast med å spire eit 2000 år gammalt daddelfrø. Og med moderne teknikkar har russiske forskarar greidd å dyrke fram levande blomstrar frå materiale henta ut av 32 000 år gamle sibirske frø.

Klematis er ein populær klatreplante i hagen, ikkje minst om vinteren. Når blomsteren visnar, lagar den 10-12 frø som den pakkar inn, eitt og eitt, i ei flott frukt med lang, hårete hale. Halane gjer at vinden lettare får tak og kan frakte frøa av garde. Klematisfrø lever stort sett berre eit år, og desse plantane lagar ikkje nokon frøbank av betydning. Likevel finn vi forvilla eksemplar av alpeklematis, den mest robuste arten, i skog og kratt austpå. Det skuldast nok den effektive spreiinga. Foto: Pxfuel.com

Frø kan med andre ord vere solide greier, og lageret av frø i jorda, eller det fagfolk kallar frøbanken, er plantene sin måte å fordele risiko på. Om vinteren ligg dei fleste frøa musestille i bakken og berre held ut, for på denne tida er det kaldt, mørkt og alt vatn har frose til is. Mange frø toler godt låge temperaturar, faktisk er det slik at ein del av dei ikkje vil spire før dei har vore skikkeleg nedkjølte.

Så kjem våren! Bakken er passeleg fuktig, sola varmar og kanskje har eit dyr eller eit menneske sparka opp jorda så det kjem lys til? Då slår frøet over frå dvalemodus til full fres, og dei frøa som har vore heldige og landa i god jord (i staden for steingrunn, som Matteus skriv om i Bibelen) kan vekse og bli store planter.

Korleis det går med frøa som hamna i jorda, varierer likevel mykje. Den israelske daddelpalmen investerer mykje i ekstremt langlevde frø. Det gjer dessverre òg dei typiske ugrasartane vi strever med i hagane våre – meldestokk lever eit kort og hektisk liv oppå bakken, men lagar frø som lett kan overleve i 50 år i jorda.

Fine, svarte frø frå meldestokk, ein berykta ugrasplante i dei tusen hagar og åkrar. Innafor det buklete, blanke frøskalet ligg eit lite plantefoster omgitt av opplagsnæring. Viss jorda blir rota opp, er ikkje desse frøa seine med å spire. Foto: Stefan.lefnaer, CC BY-SA 4.0 via Wikimedia Commons

Mange av artane i slåttenger og andre truga kulturmarker kjem derimot opp att frå same rot år etter år, medan frøa deira døyr i løpet av eit år. Det betyr at dersom vi vil ha tilbake ein art som blåklokke i ei eng som er gått ut av bruk, må vi så inn nye blåklokkefrø.

Plantane sin evne til å spare i frøbank og «investere» når det ligg til rette for det, er opplagt viktig i møte med tøffare tider og endra arealbruk. Men kor mykje frøbanken har å seie for overlevinga deira når ubrukte enger gror att og temperaturen stig, nedbøren aukar og dei skikkeleg kalde vintrane blir stadig sjeldnare, veit vi ikkje sikkert.

Nettopp dette kunnskapsholet har forskarar prøvd å fylle i ei fersk, felleseuropeisk undersøking av frøbanken og vegetasjon i enger, kratt og skogar frå nord til sør og frå milde, fuktige kyststrøk til kalde og tørre innlandsstrøk. Skog og kratt i Trøndelag og enger på Vestlandet var med i studien, og eg bidrog med data frå tre enger i Lærdal.

Når forskarar skal studere kva frø som skjuler seg i ein jordprøve, breier ein den som eit tynt lag oppå potter med jord. Pottene må kjølast ned, slik at frøa trur dei har vore gjennom ein vinter, før vatning, lys og varme set fart i spiringa. Den kan ta mange månader. Små mengder jord kan gje stor spiring – i mitt tilfelle over 11 000 frøplanter per kvadratmeter. Foto: Kyrre Groven.

I undersøkinga samanlikna vi plantemangfaldet på varme stader med mangfaldet under kjølegare temperaturforhold. Vi jobba altså ut frå ein tanke om at dei varme og tilgrodde stadene kunne gjenspegle framtidas forhold, med varmare klima og meir skog og kratt.

Det vi såg, var at dei varmaste veksestadane, med milde vintrar, heilt tydeleg hadde færrast artar både oppå og under jordoverflata. Framtidas klima vil med andre ord gje færre artar, men interessant nok var denne tendensen mindre tydeleg i frøbanken enn oppå bakken. Det er tydeleg at frøbanken ikkje vert så raskt påverka av arealbruk og klima som plantene oppå bakken, men faktisk har sin eigen rytme.

Denne fine oppsummeringa, publisert i Plant Science Research Weekly, gjev eit oversyn over ideane bak den europeiske frøbankstudien, og kva vi fann ut.

Kva utslag dette kan gje er vanskeleg å seie sikkert. Vi har eigentleg liten innsikt i livet nedi jorda, på same måte som vi ikkje veit så mykje om kva som går føre seg i djuphavet, eller i andre miljø det er vanskeleg å observere. Vi har nok ikkje dekning for å sjå frøbanken som ein kvikk-fiks for plantemangfaldet når klimaet og arealbruken endrar seg.

Noreg har ansvar for verdas største sikkerheitslager for frø; Svalbard Globale Frøhvelv. Frø frå meir enn 4000 ulike nyttevekster blir lagra her, som ei forsikring for framtidig matproduksjon. Kor lenge dei ulike artane beheld spireevna, har vist seg å variere mykje, så heilt vasstett er ikkje denne løysinga. Foto: Subiet, CC BY-SA 4 via Wikimedia Commons

Men meir kunnskap om korleis plantane oppå bakken speler saman med frølageret nedi jorda, er viktig for å ta vare på truga kulturmarker og andre verdifulle naturtypar. Mykje taler for at plantene si superspareordning, som sikrar at dei kan leggje til sides frø i oppgangstider, òg kan vere god å ha i trongare tider.

Powered by Labrador CMS