(Skjermbilde av forsiden til rapporten Trøndelag i tall 2018 - statistikk og fakta)

«Trøndelag i tall» (samisk subtrahert)

«Trøndelag i tall 2018 – statistikk og fakta» frå Trøndelag fylkeskommunes nemner ikkje med eit ord eller einaste siffer samisk kultur, folk eller næringsverksemd. Året 2017 med storfelt markering av sameksistens og festtalar er ettertrykkeleg over. Det er business as usual i Trøndelag.

«Vi skaper historie!» står det i innleiinga – med utheva skrift, sidan dette er den såkalla «visjonen» for fylkeskommunen. Denne sjølvhøgtidelege frasen gøymer ei slags sanning, for historie kan skapast på mange vis, både i sann- og ettertid. For fylkeskommunen er det eit poeng at dette er fyrste statistikken frå eit samanslege Trøndelag. Denne identitetsskapande funksjonen er tydeleg ikkje berre mellom linjene, men også eksplisitt formulert i fylkesrådmannens føreord: «Det er tatt mange valg på hva som er inkludert og ikke». Da er det interessant å sjå kva for ein identitet ein byggjer opp under i det gjenoppstandne, inkluderande Trøndelag. Det er særleg interessant i lys av at Trøndelag fylkeskommune den 13. desember i år underskreiv ei «historisk avtale» med Sametinget, der heile Trøndelag blei befesta som sørsamisk forvaltingsområde.

Publikasjonen hevdar at ein byd fram nakne fakta, «slik fylket ser ut i dag». I røynda er det ein djupt ideologisk tekst, i den forstand at han er skriven og strukturert rundt verdivurderingar av kva som er viktig og ikkje. Og han er politisk i den forstand at teksten i sin tur vil bli lagt til grunn for avgjerder, vurderingar og haldningar hjå lesarane.

Det skal seiast at interessefeltet for statistikken spenner vidt. Mellom mykje anna finn ein her drøftingar av fertilitetsrate, elbiltetthet og tannhelse. Analysen er stort sett nøktern, men likevel positiv i tonen. Til dømes bryt ein imponert ut i ein klassisk trøndersk kombinasjon av vidsyn og beskjedenheit at Trøndelag «tilbyr omtrent alt som er av studieretninger og emner».

Det mest slåande er at dersom ein skal ta fylkeskommunen på ordet, finst ikkje samisk kultur, språk eller verksemd i det samanslegne fylket. Til dømes står omgrepet «jordbruk» sentralt i dokumentet, som det gjer i alle trønderske samanhengar, men reindriftsnæringa reknast ikkje med. Ein nemner i fleng fjørfe, storfe, svin og sau, men ikkje rein, og ein nemner kor mange personar frå Trøndelag som står oppført i fiskarmanntalet, men ikkje kor mange som er knytt til reindrifta. Med ringverknader for busetting og tenesteyting synest det klart at denne næringa er interessant for statistikkens særlege interessefelt som levevilkår, busettingsmønster, bulyst osv. Dei blinde flekkane i statistikken er derfor eigna til å forbause. Sitt ein ikkje med tala i fylkesadministrasjonen heller? Har ein valt å sjå bort frå desse tala når ein skulle formidle dei «viktigaste» for eit publikum? Eller har det berre vori vanskeleg å tilpasse den særeigne næringsverksemda og strukturane i reindrifta til fylkeskommunes tilvande og rigide kolonnar?

Ein nemner at målsettinga for arbeidet til fylkeskommunen er «økt bærekraftig verdiskaping». Ville ikkje reindriftas ressursutnytting av landskapet kunne gje bidrag til dette? I tråd med det identitetsbyggande formålet er ein oppteken av å framheve at «Trøndelag består av livskraftige regioner og distrikter med identitet og særpreg.» I denne samanhengen let ein heilt gylne høve gå frå seg. Kombinasjonen av jordbruk i konvensjonell forstand og reindrifta er særmerkande trekk ved trøndersk næringsverksemd, og det langvarige kulturelle hopehavet kunne likeins heve Trøndelag fram frå i hopen av regionar. Kvifor grip ein ikkje høvet, og viser mangfaldet?

Ekskluderinga gjeng vidare: i avsnittet om «Valgdeltakelse» talar ein omsorgsfullt om at det er «en utfordring at enkelte grupper blir stående utenfor […] i mindre grad blir hørt og deltar i politikken.» I dette avsnittet – om utelating og utanforskap – talar ein berre om Stortingsval, og nemner ikkje Sametingsvalet.

Ein skriv om kommunestruktur og -samanslåingar, men ingenting om at tre av kommunane i Trøndelag er delar av forvaltingsområdet for samiske språk, og at Røros blei ein del av dette nettopp i 2018. Derimot nemner ein at Norsk kulturindeks peikar Røros ut som Noregs beste kulturkommune. Ein kjem attende til dette fleire gonger, men trekker alltid utelukkande fram «stedets historie som bergstad». Den som gjeng til kommunens eigne heimesider, ser at ein der legg vekt på «å bidra til at den samiske kulturen får framtredende rolle i samfunnet», men dette perspektivet forsvinn heilt når Røros blir innrullert i det større Trøndelags teneste.

Døma på utelatingar og forskusla høve veltar fram frå desse sidene. Lakunene står direkte i strid med mange av dei omsyn som publikasjonen sjølv held fram som viktige. Særleg påfallande blir utelatingane i lys av at utbygging av vindkraft har så stor plass i dokumentet. Dokumentet får slik eit preg av å vere eit pågåande usynleggjeringsarbeid. I alle høve er hola urovekkande med tanke på den rolla publikasjonen er tiltenkt som «del av det overordnede kunnskapsgrunnlaget til fylkeskommunen.» Det er også tankevekkande sett opp mot det innleiande målbildet om at «Trøndelag i 2030 skal kjennetegnes av god livskvalitet og mangfold».

Skal ein fylle rolla som sørsamisk forvaltingsområde, har ein lange vegar å gå. Den vegen kan bli smertefull, når den blinde flekken dekker heile synsfeltet.

Powered by Labrador CMS