Denne bloggen er ein del av eit forskingsprosjekt på sørsamisk historie og kultur ved Nord universitet, der vi særleg undersøker korleis sørsamisk og ikkje-samisk identitet er skapt, brukt og halde ved like gjennom langvarig og mangesidig sameksistens i Midt-Norge.
Vi som skriv på denne bloggen er forskarar ved Nord universitet. På denne bloggen vil vi gje glimt av forskingsprosjekta våre, og legge fram spørsmål og undersøkingar knytt til emnet.
Prosjektet er tverrfagleg, og innfallsvinklane og emneutvala er historiske, tekstvitskaplege, kulturanalytiske – og aktuelle. Prosjektet er finansiert av Regionalt Forskningsfond Midt-Norge og Nord universitet.