(Foto: Shutterstock)

Kunsten å gjera seg overflødig

Den allmektige Gjert Ingebrigtsen blir sikkert årets trenar under Idrettsgalla 2019. Heldigvis finst det andre trenarideal.

Ei mor eg kjenner til, tok ungane sine med på skismørjekurs for langrennsski. Ho ville at ungane skulle læra seg sjølve den kunsten. Ein trenar eg ein gong hadde, lærte meg å laga treningsprogrammet sjølv. Han ville at eg skulle vita å kjenna min eigen kropp. Kor mykje meir verdt er ikkje denne mora enn alle skifedrane som står i boden sin kvar helg for å hjelpa ungane sine til god glid i langrenna dei skal gå? Kor mykje meir forlokkande filosofi synte ikkje denne trenaren enn mange av dei glimta som Gjert Ingebrigtsen har gjeve av trenarforståinga si?

Lært hjelpeløyse

Vi lever heldigvis i eit fritt land. Staten legg seg ikkje opp i alle ting ein gjer; sjølv barnevernet veit at det er mange måtar å vera forelder på. For ingen kan seia kva som er den aller beste måten. Og det er forståeleg at foreldre vil hjelpa ungane sine med smørjinga av ski.

Det er ikkje alltid så enkelt å legga på ein smurning (så som blått klister), og det er i alle fall ikkje alltid like kjekt. Og ingen forelder har lyst til at sonen eller dottera mister lysta på ski-konkurransar berre fordi skiene var altfor trege – eller heilt utan feste. Så difor står ein far (som oftast er det mannen i huset) gjerne i boden eller garasjen til langt ut på laurdagskvelden, medan resten av familien er inne og kosar seg.

Men di meir hjelpsam ein er, di meir tar ein eit handverk vekk frå ungane. Og di meir ein hjelper, di mindre sjølvstendig blir guten eller jenta. Psykologien kallar det lært hjelpesløyse. Ein kan altså læra ungane andre eigenskapar. Eg har lyst å seia: Meir av slike mødrer!

Far og trenar

Eg ønskjer ikkje å legga meg opp i alt kva Gjert Ingebrigtsen gjer som far. I boka han gav ut i fjor haust (Kunsten å oppdra en verdensmester, Aschehoug), fortel han noko som var ganske rørande. Henrik hadde fått masse pengar i ein bursdag, og gjekk bort og kjøpte ei veldig dyr luve. Faren Gjert forlanga at han skulle levera henne tilbake. Guten tok seg råd til noko ingen andre i familien hadde pengar til. Meir av slik fedrar, er eg freista til å seia.

Også som trenar har Gjert Ingebrigtsen ein imponerande vilje. Når ein av sønene hans treng ei ultralydundersøking eller ein operasjon, er faren som ein klegg på helsevesenet, privat og offentleg, til han får viljen sin. Når Filip som 22-åring ikkje har noko – ikkje pengar, ikkje utdanning, ikkje har ein gong ein fungerande kropp – så klarer faren å overtala han til å prøva eit par år til.

Resultata som Gjert har fått med dei alle tre (!) sønene sine er då også ikkje mindre enn imponerande. Kanskje klarer dei alle å sprenga den magiske grensa på 3.30 på 1500 meter. Det er fart av ei anna verd!

Dyrebar suksess

Så amerikanarane pla seia at ein ikkje skal argumentera mot suksess. At ein ikkje kan det. Men det er akkurat det som er faren (smak på den doble tydinga av ordet!) med Gjert og «Team» Ingebrigtsen. At visse trekk og rollefortolkingar som han røper, blir forstørra og blir eit trenarideal i det idrettsgalne Norge. At han gjer fedrar og mødrer meir til idrettsidiotar enn dei treng – og bør – vera.

Gjert Ingebrigtsen vakar urovekkande mykje over treningsdisiplane sine. Han lovar at han skal få Henrik og Filip tilbake til verdstoppen. Han klarer ikkje å rosa Jakob når han som 16-åring (!) gjennomfører sin eigen plan i eit løp, og han rett og slett kjeftar når Henrik fortel han skal bli far: «Er du helt idiot, eller? Har du tenkt å ødelegge alt vi har bygd opp med å få en unge midt oppi satsningen?»

Som far angrar han på denne utsegna, fortel han i boka. Det er eit forsonleg trekk. Men så kjem det som er så diskutabelt: «Som far var jeg kjempeglad for å bli bestefar igjen. Men som trener mente jeg det var alt annet enn en god og fornuftig beslutning.» Og ein annan stad seier han: «trenere gråter ikke».

Fleire trenarroller

Det verkar som Gjert Ingebrigtsen trur at ein trenar må vera hard. Han er påfallande ofte kjeftande, rå og konfronterande mot born og ungdommar, slik han viser seg fram i tv-seriane på NRK. Han vedgår at det er nærmast sjelesundslitande å vera han fordi han gjerne vil vera mild pappa på den eine sida, men har lova borna å vera nådelaus trenar på den andre.

Eg trur Seksjon for coaching og idrettspsykologi her på Idrettshøgskulen vil kunna peika på andre trenarroller – som er mindre autoritære, mindre granittaktige, og meir gagnlege for eit godt samarbeid på sikt. Det er ikkje synd på Gjert Ingebrigtsen, for å seia det slik.

Sjef for Team Ingebrigtsen er kritisk til alle idrettsfedrar og -mødrer som følgjer ungane sine heilt inn til, ja heilt inn i oppvarmingsøvingane konkurranse før start. Eg kunne ikkje vore meir samd, sjølv om eg sikkert har svikta på dette punktet sjølv. Sin eigen trong til kontroll drøftar eller ser han likevel ikkje. Men dette er det viktige poenget i all pedagogikk, dette er kanskje det vanskelegaste av alt: å gjera seg sjølv overflødig.

Å stå på egne bein

Eg som ikkje er teolog, kan drista meg til denne parallellen: Er det ikkje oppgåva til ein trenar å bli mindre og mindre viktig – etter som elevane lærer meir og meir? Kunna sleppa disiplane når tida er inne? Var det ikkje difor Jesus forsvann til himmelen, eigentleg?

Eg kjenner rett nok til andre toppidrettsutøvarar, olympiske meistrar, til og med, som har fått detaljerte treningsprogram og følgt dei ganske slavisk frå trenaren sin. Men eg kjenner ikkje til nokon annan trenar enn Gjert Ingebrigtsen som blir sinna når utøvaren fortel han eller ho skal bli forelder.

Eg vonar i alle fall ikkje at dei finst. Og viss dei finst, tenkjer at eg at det må vera rolla til kritiske idrettsforskarar til avdelingar som seksjon for kultur og samfunn her på NIH å seia i frå. For det finst ting som er viktigare enn medaljar.

Ungar er ein slik ting. Og kanskje endå meir: sjølvstendige vaksne.

Powered by Labrador CMS