Bildet er fra et vulkanutbrudd på Island (Fagradalsfjall) i 2021.

Det gys på Reykjanesskagen!

Til alt hell synest goset som no er i gang på Island ikkje å truga hus og bygd med det første.

«Það er byrjað að gjósa! Það er komið gos á Reykjanesskaga! Það gýs!»

Desse setningane og variantar av dei flyg nok ekstra mykje mellom islandske munnar no som eit nytt spektakulært vulkanutbrot har byrja på Reykjanes-skagen, ja, eller -halvøya som det stort sett vert omsett med til norsk, trass i at landskapsnemninga skage finst i hopetal rundt omkring i Noregs land. 

Her finn me verbet gjósa og substantivet gos, og verbbøyinga er slik: gjósa – gýs – gaus – (hefur) gosið. Dette sterke verbet tyder ‘å strøyma, velta fram’, og det vert særleg nytta når det er lava som veltar fram, altså når det er vulkanutbrot, gos eller eldgos om ein vil vera meir spesifikk. Av perfektum partisippforma ser ein at substantivet er avleidd av same rot som verbet. Og eit anna verdskjent islandsk ord avleidd av denne rota er geysir, som jo er ei sprutande varm kjelde.

På norsk har me faktisk også dette verbet, nemleg gysa/gyse. Det er berre det at det har fått den meir spesifikke tydinga ‘grøssa, skjelva’, og det vert bøygd svakt, slik: (å) gysa/gyse – gyser – gyste – (har) gyst. Eller, det vil seia, på nynorsk finst også den sterkt bøygde varianten – gysa – gys – gaus – (har) gose – med den same grunntydinga som på islandsk (og på norrønt), altså ‘strøyma, vella’ (og også ‘driva’ og ‘blåsa’). 

Så på nynorsk går det i prinsippet an å seia «No gys det på Reykjanesskagen!».

Sjølv om gos i utgangspunktet tyder ‘vulkanutbrot’, vert det også nytta om drykken ‘brus’. Ein litt halvmorsom vits eg vart presentert for ikkje lenge etter at eg hadde byrja å læra meg islandsk på midten av 90-talet, var om ei hending frå Heimaey i Vestmannaeyjar i januar 1973 der den lokale kjøpmannen vart vekt tidleg på morgonen av at nokon banka på døra og ropte: «Það er komið gos!». 

Ja, var no det noko å vekkja meg for, at det var komme brus til butikken, tenkte kjøpmannen. Men det var altså ikkje brus, men vulkanutbrot som var komme, eit utbrot som varte i over eit halvt år og slukte delar av bygda og lenge truga med å øydeleggja hamna.

Til alt hell synest goset som no er i gang på Island ikkje å truga hus og bygd med det første.

Powered by Labrador CMS