
Det stille samiske underet i Tromsø/Romsa
På ti år har talet på grunnskuleelevar med samiskopplæring nesten tredobla seg i ishavsbyen.
Denne teksten stod på trykk i spalta Språket i Klassekampen 21. mai 2025
I dag smykkar Tromsø seg med samisk språk og kultur på ulike måtar. Heimebana til TIL har fått namnet Romssa Arena, det samiske flagget vaiar utanfor rådhus og andre bygningar ved viktige anledningar og feiringa av 6. februar har vakse seg stor på få år. Men ein skal ikkje så mange år tilbake i tid før stemninga var annleis.
Etter kommunevalet i Tromsø hausten 2011 var noko av det første dei borgarlege valvinnarane gjorde, å trekka tilbake søknaden om å innlemma kommunen i Forvaltningsområdet for samisk språk. Spørsmålet hadde prega det offentlege ordskiftet heilt sidan det vart sett på dagsordenen eit års tid tidlegare. Sterke negative haldningar til det samiske kom for ein dag både i avisspalter og på politiske møte. Tromsø var då vel ikkje ein samisk by! Skulle det no stå Romsa øvst på alle skilt?!

Alt grumset som kom opp i samband med denne saka, gjekk hardt inn på den samiske befolkninga i byen, og det gjorde sterkt inntrykk på mange andre også. Jamvel den ferske ordføraren frå Høgre, Jens Johan Hjort, vart sterkt berørt av å innsjå kor mykje anti-samisk krefter det fanst i befolkninga og konkluderte med at noko måtte gjerast med det. Hausten 2013 kom ein samarbeidsavtale mellom kommunen og Sametinget på plass.
Sidan har mykje gått i positiv retning. I fjor opna Romssa Sámi Viessu – Samisk Hus etter ein 30 år lang prosess, og omfamninga av samiske kulturuttrykk er merkbar for dei fleste som bur i byen, slik ho også er det nasjonalt i Noreg.
Men ei meir stille anerkjenning av det samiske skjer i skulen. Dei siste ti åra har nemleg talet på grunnskuleelevar med samiskopplæring i Tromsø auka med 186 prosent (frå 104 til 293). Den nasjonale oppgangen er på 28 prosent (frå 1935 til 2510), og medan Tromsøs andel av det nasjonale talet utgjorde 5,3 prosent i 2015, er det 11,7 prosent no. Tromsø har altså fått ein sentral posisjon i det samiske språkarbeidet. Det forpliktar!

Det må liggja mykje godt arbeid bak denne gode utviklinga. Samarbeidsavtalen mellom Tromsø kommune / Romssa suohkan og Sametinget / Sámediggi kan ikkje få all æra. Foreldre har bygd stein på stein i mange tiår for å få på plass samisk barnehage- og skuletilbod, men anerkjenning frå majoritetsbefolkninga hjelper godt på.
Og ser ein nærmare på den store elevtalsoppgangen, er den aller størst blant elevar med lite eller ingen samiskkunnskapar frå før og som ikkje kjem frå samiskspråklege heimar. Denne elevgruppa (samisk 3 for dei innvigde) har auka med 382 prosent og er no den desidert største. Dei får i beste fall to timar med samisk i veka, typisk undervist av ein ambulerande lærar i små grupper medan resten av klassen har anna undervisning.
Eit slikt opplegg er ikkje robust og gir ikkje åleine sterk samiskkompetanse for borna det gjeld. Skal ein verkeleg få sving på det samiske språkrevitaliseringsarbeidet gjennom skulen, bør ein tilby ein språkbadsmodell der samisk er hovudspråket i opplæringa.
Det temaet får me ta meir om ein annan gong.