Eit hårete mål for samisk språk?

Kan me sjå føre oss at det i 2040 vil kunna vera 100 000 personar i Noreg som kan snakka samisk på eit visst nivå? Talet i dag er truleg ein stad mellom 15 000 og 20 000. På New Zealand har maoriane sett seg som mål at det om tjue år skal vera ein million menneske som meistrar maori-språket. Det er 6,6 gonger fleire enn dagens 150 000 talarar.

Publisert

Maori og UiB

Den første setninga sit framleis som spikra sjølv no tretti år seinare: «Ko Pānia ināianei he papa kōhatu e whā māero pea te tawhiti atu ki waho o Hukarere.» (‘Dagens Pānia er eit skjer om lag fire mil utanfor Hukarere-neset.’) Eg var student på lingvistikk grunnfag ved Universitetet i Bergen, og det ikkje-indoeuropeiske språket som vart undervist dette studieåret – ein obligatorisk del av opplæringa – var maori, språket til den polynesiske urbefolkninga på New Zealand. Eller Aotearoa, ‘landet med den lange kvite skya’, som maoriane sjølve kallar landet sitt.

Teksten me analyserte på lingvistikk grunnfag for å komma djupare inn i grammatikken og strukturen i maori, var legenda om havfrua Pānia. Lite visste eg då at eg tretti år seinare, i desember 2019, skulle reisa til andre sida av jordkloten som vitskapsmann, ikkje for å fordjupa meg i maori, men for å læra meir om den kampen maoriane har kjempa og stadig kjempar for å ta tilbake og gjenreisa språket sitt. For til liks med veldig mange andre urfolksspråk er også maori rekna som truga. Fram til andre verdskrigen var maori førstespråket for dei aller fleste maoriar, men av den knappe millionen menneske som i dag identifiserer seg som maori, er det berre om lag 150 000 som har høg kompetanse i (‘maori-språket’) som dei sjølve kallar språket.

Det gir ein ganske direkte parallell til situasjonen for samisk. Sjølv om tala er veldig usikre, går eitt anslag ut på at det i Skandinavia og Nord-Kalotten er ein stad mellom 140 000 og 200 000 personar med samisk identitet samtidig som det berre er ein stad mellom 20 000 og 30 000 av desse som har ein viss kompetanse i eit av dei samiske språka.

Truga språk og språkleg revitalisering

Det største trugsmålet for både maori og samisk har vore manglande overlevering av språket til neste generasjon, det vil seia at foreldre og andre vaksne gjennom direkte og indirekte press har slutta å snakka språket til borna og at urfolksspråket heller ikkje har vore nytta i opplæring og utdanning. Dette kjenner me etter kvart godt til frå fornorskingspolitikken, og i Aotearoa var dette komme så langt at det på 1970-talet nesten ikkje fanst lokalsamfunn lenger der dei vaksne snakka maori med ungane. Ein hadde fått ein foreldregenerasjon som sjølv berre brukte engelsk, og i skulen var det òg berre engelsk som gjaldt.

Då byrja alarmklokkene å ringja. På initiativ frå maori-leiarar sette ein i gang ei språkreir-rørsle (Kōhanga Reo) for dei minste borna der ein i lokalsamfunna etablerte språkbadsbarnehagar tufta på maori språk og kultur. Frå det første språkreiret vart oppretta i 1982, var det få år seinare over 300 av dei. Språkreira vart sidan følgt opp med etableringa av stadig fleire maori-baserte grunnskular med anten einspråklege skuleløp på maori eller tospråklege med både maori og engelsk brukt som opplæringsspråk.

Før europearane kom til New Zealand var maoriane organiserte i stammar – iwi’ar – og desse strukturane eksisterer framleis og spelar ei viktig rolle både i det moderne samfunnslivet og for identiteten til maoriane. Det er viktig for dei kva stamme dei tilhøyrer, og det vert lagt vekt på at alle skal kjenna si eiga slektshistorie (whakapapa), og som del av det, dei landområda stammen er knytt til, definert gjennom fjell, elvar og andre landemerke.

Auckland-universitetets <i>marae</i>, midtpunkt og heilag stad i ein tradsjonell maori-landsby
Auckland-universitetets marae, midtpunkt og heilag stad i ein tradsjonell maori-landsby

Kontroll over utdanninga

Ein viktig grunn til at det let seg gjera å etablera ganske mange skular og klassar med maori som opplæringsspråk, er at det newzealandske skulesystemet sidan 1970-talet har vore særs desentralisert. New Public Management fekk då stor innpass i offentleg forvaltning i den tidlegare britiske kolonistaten. Skulane vert framleis drivne av eigne lokale styre (Board of Trustees) og læreplanar og undervisningsopplegg vert i stor grad utforma lokalt på skulane etter nokre ganske generelle overordna retningslinjer. Dette står i skarp kontrast til det norske regimet der grunnskulane med få unntak vert drivne av kommunane og der opplæringa må følgja sentralt fastsette læreplanar utforma av Kunnskapsdepartementet gjennom Utdanningsdirektoratet.

<i>Whare nui</i>, eit maori forsamlingshus, på Auckland-universitetets marae, midtpunktet i ein tradisjonell maori-landsby
Whare nui, eit maori forsamlingshus, på Auckland-universitetets marae, midtpunktet i ein tradisjonell maori-landsby

Ein kan ha ulike meiningar om det newzealandske systemet på generelt grunnlag er betre enn det norske, men i alle fall har det betydd at maoriane gjennom dei eksisterande stammestrukturane kunne oppretta eigne skular. Og dette har vore redninga for maori-språket. I løpet av dei siste 30-40 åra har det vokse fram ein ny generasjon av maori-talarar som har lært språket gjennom skulen. Fråværet av maori i heimane har vorte kompensert av eit språkbadsbasert utdanningssystem som har gjort elevane til kompetente brukarar av maori.

Viss me ser til vårt eige samfunn og situasjonen for samisk, er det lett å sjå at noko tilsvarande er langt vanskelegare å få til både fordi utdanning i så stor grad er sentralstyrt av norske styresmakter og fordi det ikkje finst noka eksisterande parallell samisk samfunnsordning på lag med maorianes stammesystem som kan gå i bresjen for ei språkbadsrørsle på utdanningsfeltet. Det samiske siida-systemet er redusert til eit lausleg arbeidsfellesskap innanfor reindrifta. Det norske Sametinget, som har eksistert sidan 1989, har verken makt eller økonomiske musklar til å etablera samiskspråklege skular rundt om der det måtte vera grunnlag for det.

Viss ein til dømes skulle ønskja å oppretta ein samisk skule i Tromsø, som har om lag 9 % av den totale populasjonen av samiskelevar i Noreg, er ein såleis heilt avhengig av at Tromsø kommune ser det som føremålstenleg og set av dei nødvendige ressursane til det, i konkurranse med alle andre lovpålagde oppgåver og gode formål. Alternativet at ein velståande ideell organisasjon eller privatperson løyver det som trengst og søkjer om oppretting av ein privat samisk skule, er teoretisk mogleg men lite sannsynleg.

Og jamvel om det sentralstyrte norske utdanningssystemet har ein generell samisk læreplan og læreplanar både for samisk som førstespråk og samisk som andrespråk, finst det ingen modell for språkbadsskular, det vil seia eit opplæringsløp som har som mål at elevar som ikkje allereie er samiskspråklege, kan bli det gjennom utdanningssystemet, slik tilfellet altså er på Aotearoa/New Zealand og slik det også er for skotsk-gælisk i Skottland og walisisk i Wales og for andre utsette og truga språksamfunn.

Representantar frå Ngāti Whātua Ōrākei-stammen ved maori-pålen som vart avduka i samband med velsigninga av det nye ingeniør-fakultetet ved Auckland-universitetet
Representantar frå Ngāti Whātua Ōrākei-stammen ved maori-pålen som vart avduka i samband med velsigninga av det nye ingeniør-fakultetet ved Auckland-universitetet

Velsigning av universitetsbygg

Under besøket mitt på New Zealand vart eg invitert til ein seremoni der eit nytt stort bygg for ingeniør-fakultetet på Auckland-universitetet skulle velsignast og innviast i tråd med maori-tradisjonar. Invitasjonen fekk eg av utdanningsforskar og maori Tauwehe Tamati. Stammen Ngāti Whātua Ōrākei, som opphavleg åtte området sentralt i storbyen, stod for seremonien som byrja ved daggry klokka fem ein fredags morgon og som starta med at dei om lag 150 frammøtte i grupper gjekk gjennom etasjane og tok på vegger og dører medan representantar frå stammen messa fram velsigningar. Eit tradisjonelt møte mellom stammen og representantar frå universitetet med utveksling av talar fram og tilbake vart òg gjennomført. Ei gruppe på om lag femti tilsette frå ingeniør-fakultetet framførte dessutan ein kraftfull haka – den tradisjonelle seremoni-dansen som i seinare tid er vorten gjort vidkjend av rubgy-landslaget All Blacks. I gruppa var det folk frå mange ulike nasjonalitetar og rasar, ikkje berre maoriar.

I det heile ber seremonien og andre tiltak for å synleggjera maori-kulturen på universitetet bod om ein ekte vilje på New Zealand til å ta sentrale sider ved eigen urfolkskultur med inn i det moderne opne og mangfaldige samfunnet. Det står i skarp kontrast til den britiske kolonialismen og tankesettet som tidlegare gjennomsyra det newzealandske samfunnet heilt frå britane tok overherredøme gjennom Waitangi-avtalen 6. februar 1940.

Under seremonien fekk eg følgja ein kollega av Tauwehe, Hēmi Dale, også han utdanningsforskar og maori. Her kom maori-setninga frå lingvistikk grunnfag tretti år tidlegare til stor nytte. At ein nordmann på ein nokolunde truverdig måte kunne framføra ei heil setning på språket hans, ga høg skår på respektskalaen, og etter kvart som han introduserte meg for nye folk, måtte eg stadig til pers og seia fram setninga.

Utdanningsforskarane Hēmi Dale og Tauwehe Tamati frå Auckland-universitetet med Øystein A. Vangsnes under velsigninga av det nye ingeniør-fakultetet ved universitetet
Utdanningsforskarane Hēmi Dale og Tauwehe Tamati frå Auckland-universitetet med Øystein A. Vangsnes under velsigninga av det nye ingeniør-fakultetet ved universitetet

Eit hårete mål for Te reo Māori

Men viktigare enn det var at Hēmi ordna meg eit møte med Te Mātāwai (‘Kjelda’) i Wellington nokre dagar seinare. Dette er eit ganske nyoppretta organ som koordinerer alle tiltak knytt til styrking og revitalisering av maori. Hēmi er ein av dei 13 medlemmene i styret der sju er oppnemnde frå ulike stammeklynger, fire av interesseorganisasjonar og samfunnsliv og to av statsråden for utvikling av maori-spørsmål (‘Minister of Māori Development’). Dette organet møter fire gonger i året med den ansvarlege statsråden. Vegen til regjeringsapparatet for alle spørsmål som dreier seg om språkleg revitalisering, er såleis langt kortare enn han har vore tidlegare.

Ria Tomoana, dagleg leiar ved <i>Te Mātāwai</i> (‘Kjelda’), fortel om filosofien og ambisjonane som ligg til grunn for revitaliseringsarbeidet for maori i tida framover
Ria Tomoana, dagleg leiar ved Te Mātāwai (‘Kjelda’), fortel om filosofien og ambisjonane som ligg til grunn for revitaliseringsarbeidet for maori i tida framover

Ei av dei fremste oppgåvene Te Mātāwai legg vekt på i tida framover, er å gjenreisa maori som heimespråk i familiar og lokalsamfunn. For sjølv om ein no har fått nye generasjonar med maori-talarar gjennom utdanningssystemet, er likevel engelsk for dei aller fleste det sterkaste og mest dominerande språket deira, og det krev noko ekstra å ta det i bruk også i dei mest private samanhengane.

Te Mātāwai har dessutan sett fram eit hårete mål: Innan 2040 skal det finnast ein million personar som meistrar maori i viss mon. Det vil altså seia ein auke på 6-7 gonger det ein har i dag, i løpet av dei neste tjue åra. Om ein overfører det målet til samisk i Noreg, vil det innebera at ein skal ha som mål at det i 2040 finst 100 000 personar med ein viss kompetanse i eit samisk her til lands, opp frå dei 15-20 000 me har i dag.

Mange vil seia at eit slikt mål er heilt urealistisk, men maoriane har nok langt betre føresetnader enn samane for å nå det, og den viktigaste årsaken til det, er at maoriane i langt større grad enn den samiske befolkninga har kontroll og makt over spørsmål som rører dei sjølve. Så òg språkstrevet.

I Noreg ventar me framleis på korleis Regjeringa har tenkt å følgja opp NOU 2016: 18 Hjertespråket — Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Også den utgreiinga set opp viktige og ambisiøse mål for samisk som i høgste grad fortener å følgjast opp.

Rawinia Higgins, professor i maori sosiolingvistikk ved Victoria-universitetet i Wellington og leiar av <i>The Māori Language Commission</i>, i Victoria-universitetets <i>whare nui</i>.
Rawinia Higgins, professor i maori sosiolingvistikk ved Victoria-universitetet i Wellington og leiar av The Māori Language Commission, i Victoria-universitetets whare nui.