Illustrasjon: Shutterstock / NTB)

English ftw!

Er norsk på vikande front?

Publisert

Denne teksten vart opphavleg publisert i spalta Språket i Klassekampen onsdag 7. januar 2026 

«Over 20 prosent av befolkningen i Norge har nå innvandrerbakgrunn. Svært mange er ikke norske i kulturell forstand. Norsk språk er på vikende front, erstattet av engelsk.»

Julehelsinga frå Asle Toje til det norske folk i Aftenposten 22. desember har kveikt ein logande debatt om samkjensla og motstandskraften i det norske samfunnet. Språk står sentralt i kronikken til Toje, og sitatet over kan stå som døme på ei av fleire retoriske heilgarderingar i teksten: 

Er det innvandringa si skuld at engelsk får ein stadig sterkare posisjon i samfunnet vårt? Den lesinga er mogleg, men Toje kan nok påstå at samanstillinga er tilfeldig.

Rett før jul kom òg nyheita om at Kunnskapsdepartementet ikkje lèt Oslo kommune halda fram det tiårige forsøket sitt med International Baccalaurate – eller IB-linje – i grunnskulen, altså eit skuletilbod på engelsk etter ein læreplan som er lik for slike skular over heile verda. 

Private IB-linjer finst fleire stader i landet, og sjølv om dei gjerne vert presenterte som eit viktig tilbod for familiar som berre bur i Noreg ein kortare periode, er også mange av elevane born frå norske familiar. Mellom anna valde kronprinsparet å senda borna sine på ein slik skule. 

Tanken om at jamvel «vanlege» norske ungar på til dømes austkantskular som Manglerud skulle kunna få eit slikt tilbod gratis, verka sikkert fin og utjamnande på somme.

Men det er å snu ting på hovudet. Det er å gi etter for eit syn på engelsk som eit viktigare språk enn norsk – i Noreg. Det er å gi slepp på læreplanar som norske myndigheiter har påverknad på. Fellesskulen er eit av dei viktigaste instrumenta me har til å framleis byggja samkjensle i befolkninga, språkleg og kulturelt.

Og lat det vera klart: Det er ikkje innvandringa si skuld at engelsk blir stadig viktigare i Noreg. Det botnar snarare i den digitale revolusjonen der teknologien gjennom kommersielt optimaliserte algoritmar styrer oss, og ikkje minst born og unge, mot engelskspråkleg innhald. 

Etter kvart som me som samfunn blir meir kompetente i engelsk, blir me også meir mottakelege for innhald på det språket, og slik sett er det ein snøball som for lengst har byrja å rulla. I seg sjølv er det ikkje noko gale med det – not until the snowball rolls right over us.

Samlinga rundt norsk – i sine mange former – som den berande og samlande krafta i befolkninga er viktig, og slik Marta Bivand Erdal refererer forskinga si i eit svar til Toje på 1. juledag, fortel norske ungdommar at det nettopp er norsk språk som held oss saman. 

Andre språklege identitetar kan fint eksistera side om side med det, og norsk er ikkje minst ein viktig nøkkel til den nordiske språk- og kulturfellesskapen. Vektleggjing av norsk står definitivt ikkje i vegen for høg kompetanse i engelsk heller.

Ironisk nok er det politiske krefter som vil gi dei marknadsstyrte algoritmane enno meir plass og leggja ned norsk allmennkringkasting. Den norskaste norsken vil dei berre ha til pynt og helst ikkje det ein gong.

Godt nytt språkår til kvar og ein!

Powered by Labrador CMS