Synleggjering av samisk på biblioteket til Kongsbakken videregåande skule i Tromsø. (Foto: Øystein A. Vangsnes)

Norskfaget: Språkleg mangfald

Som annonsert i forrige veke vil eg i tre innlegg utdjupa kvifor eg meiner skissa til ny læreplan i norsk legg mykje vekt på sentrum og lite på periferi, og det første av dei skal handla om språkleg mangfald. Det kjem til å handla om både det historiske språkmangfaldet vårt og det moderne, om samisk og dei andre historiske minoritetsspråka våre, om nabospråk og om nye minoritetsspråk og fleirspråklegheit.

Språkleg mangfald er eitt av seks kjerneelement ein har definert for norskfaget. Kjerneelementet er formulert slik: «Elevene skal ha kunnskap om dagens språksituasjon i Norge og utforske dens historiske bakgrunn. De skal ha innsikt i sammenhengen mellom språk, kultur og identitet og kunne forstå egen og andres språklige situasjon i Norge.» Denne formuleringa rommar både språkhistoriske perspektiv, dialektmangfaldet vårt, den spesielle norske språkstoda med to nasjonale skriftspråk samt det moderne språklege mangfaldet som har vakse fram med innvandring i nyare tid. Slik sett er det litt krevjande å sortera i dei ulike læringsmåla som er føreslegne, og i denne teksten skal eg altså særleg fokusera på forholdet mellom norsk og andre språk.

Utdanningslova og fleirspråklege klasserom

Først eit lite bakteppe. Den norske skulen er i utgangspunktet ikkje rigga for å stimulera språkleg mangfald og fleirspråklegheit. I utdanningslova (§2-8) er andre språkkompetansar enn norsk (og samisk) berre tematisert som eit spesialpedagogisk emne: Elevar har rett på støtte (morsmålsopplæring eller tospråkleg fagopplæring) berre i den grad norskkompetansen deira er for dårleg til at dei kan følgja ordinær undervisning. Denne gruppa elevar utgjorde i 2016 7,2 % ifølgje Statistisk sentralbyrå, og er altså på ingen måte ubetydeleg. Lova tek derimot ikkje tak i språkkompetansen til to- og fleirspråklege born med høg kompetanse i norsk, og i den graden ho føreskriv tospråkleg opplæring, er det etter det ein på fagspråket kallar ein subtraktiv overgangsmodell der det fremste målet er å utvikla norsk som læringsspråk, ikkje å ta vare på og utvikla språkkompetansar borna kjem inn i skulen med.

Dette står i ganske stor kontrast med at fleirspråklegheit i mange samanhengar vert trekt fram som ein positiv ressurs, også i skulesamanheng, og det står også – i alle fall potensielt – i kontrast med at språkleg mangfald no er definert som sentralt for norskfaget. Men sjølv om utdanningslova ikkje fremjar eit positivt fleirspråklegheitssyn, betyr ikkje det at læreplanane ikkje kan tematisera andre språkkompetansar enn den norske slik ein no legg opp til (noko for øvrig undersøkinga Rom for språk frå 2015 viser at det i liten grad vert gjort i norske klasserom).

Tidlegare start og meir konkrete læringsmål

Eg meiner likevel at læreplanskissa er for lite ambisiøs på dette området, og ho er også for lite konkret. I dei fleste norske klasserom i dag er det born som sit på ein annan språkkompetanse enn norsk og det er enno fleire born som veit om at det finst andre språk enn norsk. Likevel møter me møter ‘språkleg mangfald’ først etter 4. trinn der eit av læringsmåla er å «anerkjenne og utforske klasserommets språklige mangfold». Eg meiner det ikkje er nokon grunn til å venta til 3. og 4. trinn med å snakka om språkleg mangfald: Allereie etter 2. klassetrinn kunne ein t.d. «samtale om språklig mangfold».

Etter 7. trinn møter me temaet ved at elevane skal «utforske språklig mangfold i nærmiljøet og samtale om språklige forskjeller og likheter» og også ved at dei skal «utforske og reflektere over sammenhengen mellom språk og identitet». Her bør ein vera meir konkrete, og i innspelet mitt har eg føreslege at ein legg til følgjande læringsmål:

• kjenne til utbredelsen av og noen kjennetegn ved de samiske språkene, kvensk, romani og romanes

• kjenne til norsk tegnspråk og situasjonen for døve og hørselshemmede i Norge

Kjennskapen til samisk er ei sak i seg sjølv som eg straks kjem tilbake til, men den konkrete opplistinga av språk eg gir her, byggjer på at dette er dei historiske minoritetsspråka Noreg offisielt har anerkjent gjennom Den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk og som me såleis har eit særleg ansvar for. Det skulle såleis berre mangla at det ikkje viser att i læreplanverket. Norsk teiknspråk er eit anna minoritetsspråk det er viktig at elevane får kjennskap til og då samtidig også situasjonen for brukarane av det.

Eg meiner òg at kjennskap til nabospråka våre framleis bør vera eit uttrykt læringsmål på barneskulenivå. Me står i dag i fare for å mista det nordiske språkfellesskapet, og eg støttar mellom anna Foreningen Norden i deira kritikk av dei manglande nordiske perspektiva i læreplanskissa. Dei generelle læringsmåla om språkleg mangfald kan opna for at arbeid med nabospråk vert trekt inn, men etter 7. trinn bør det stå meir eksplisitt, og ei smidig løysing kunne vera at det noverande «språkmangfaldsmålet» vert bygd ut slik som i den kursiverte delen av følgjande formulering:

• utforske språklig mangfold i nærmiljøet og samtale om språklige forskjeller og likheter mellom norske dialekter og mellom de nordiske språkene

Etter 10. trinn skal elevane «utforske og reflektere over språklig mangfold i Norge». Etter det møter me ikkje termen, men temaet er med gjennom meir spesifikke formuleringar. Det verkar altså som at ein har tenkt at ein skal gå frå det nære til det meir fjerne i tråd med Vygotskijs tankar om den proksimale utviklingssonen (som eg ser lærarstudentane mine stadig skriv om, men som eg aldri har sett meg skikkeleg inn i sjølv). Isolert sett er det ikkje noko gale med dette, men eg meiner det underkjenner at også dei minste borna i skulen har føresetnader for å arbeida med fleirspråklegheit og språkleg mangfald: Mange er som sagt sjølv fleirspråklege og dei fleste har erfaringar med andre språk på ulike måtar.

(Foto: Øystein A. Vangsnes)

Samisk og språk versus samfunn

Så var det samisk. I innspelsrunden vart det heilt eksplisitt spurt om samisk på følgjande måte: «Alle elever skal ha kunnskap om Norges urfolk samer, samisk historie, språk, kultur, rettigheter og samfunnsliv. Synes du samisk innhold er ivaretatt i læreplanskissen?» Svaret er heilt klart nei. Frå 7. hovudtrinn i læreplanen står det i læringsmåla at ein skal lesa tekstar i omsetjing frå samisk og reflektera over form og innhald i dei. Og sjølv om slik lesing sjølvsagt kan gi noko innblikk i samiske forhold, er det ingen garanti for det, og det gir definitivt ikkje noko innblikk i samisk språk.

Først på vg1 studiespesialisering og vg2 yrkesfag kjem det inn eksplisitte læringsmål som samisk språk ved at elevane skal «sammenligne særtrekk i norsk med samisk og andre språk og utforske hvordan språklige møter skaper språkendring». Dette er altfor seint. Det blir særs vanskeleg for lærarane å følgja opp dette læringsmålet dersom elevane aldri har vore borti noko om samisk språk tidlegare, og eg meiner det bør inn konkrete læringsmål om samiske språk etter 7. trinn slik som nemnt ovanfor.

Fornorskinga er heller ikkje tematisert i læreplanen, altså den assimilasjonspolitikken som vart ført overfor samar og kvenar frå siste halvdel av 1800-talet og offisielt fram til 1959, men i praksis enno lenger enn det. I det heile kjem ein i læreplanskissa i liten grad inn på samspelet mellom språk og samfunn og at språk i mange samanhengar blir eit symbol for kulturelle og etniske konfliktar med konsekvensar for både folkehelse og demokrati, som er to tverrfaglege tema som skal visa att i alle læreplanar.

Eit av dei fremste grepa i fornorskinga av den samiske og kvenske befolkninga, var å ta frå dei språka sine, og tapet av språket er noko av det mest smertefulle ein får høyra om av dei som opplevde fornorskinga anten sjølv direkte eller indirekte gjennom foreldre eller besteforeldre. Og når no nye generasjonar ønskjer å ta språket tilbake – som den fremste kulturmarkøren – møter det folkeleg motstand i majoritetsbefolkninga og i varierande grad også strukturell motstand frå styresmaktene, og språk blir med det ein arena for kulturkamp som rører ved demokrati, såvel som folkehelse og livsmeistring. (Ketil Lenert Hansen ved UiT har i si forsking funne at 35 % av den samiske befolkninga rapporterer å ha opplevd diskriminering mot 3,5 % av den norske majoritetsbefolkninga; fleire opplever det utanfor forvaltningsområdet for samisk språk enn innanfor, og innanfor forvaltningsområdet opplever dei som ikkje kan samisk, meir diskriminering enn dei som har språket.)

Ein høgare himmel for språkleg mangfald

Historia om fornorskinga og om dei kulturkonfliktane som kan oppstå i møte mellom ulike språksamfunn og -grupper, viser at språk rører ved mykje meir enn reine ferdigheiter. Parallellar frå fornorskinga kan trekkast til korleis majoritetssamfunnet behandlar nye minoritetar (sjå t.d. denne teksten av Hilde Sollid eller min eigen om språkfrykt i osloskulen), og det at språk ofte står sentralt i kulturkonfliktar, er også den norske språkstriden eit døme på.

Det er kanskje noko slikt læreplanskissa prøver å nærma seg i avsnitt 1.3 om verdigrunnlaget når det står: «I norskfaget står kulturelt og språklig mangfold i et spenningsforhold til nasjonal kulturarv. Dette spenningsforholdet skaper felles referanserammer, samtidig som det gir rom for ulike perspektiver, uttrykksformer og ideer.» Det er likevel uklart kva for spenningsforhold ein siktar til her. Meiner ein til dømes at det er eit spenningsforhold i å både ta vare på dialektar og nynorsk og å samtidig tematisera det språklege mangfaldet som har komme med moderne innvandring til særleg dei større byane? Somme vil i så fall meina at det slett ikkje ligg noko spenningsforhold i det – snarare tvert imot. Her trengst det med andre ord klargjering frå læreplangruppa!

Og ein stad dei samfunnsmessige aspekta ved språkmøte og språkleg mangfald i alle fall bør tematiserast, er i avsnitt 1.4 som handlar om dei tre tverrfaglege temaa som alle læreplanar skal ha med: bærekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap. Slik det er no, har desse skildringane noko veldig instrumentelt over seg og rører i liten grad ved dei spørsmåla eg har peikt på her.

Det er med andre ord heilt klart eit potensial for å leggja eit meir heilskapleg perspektiv på temaet språkleg mangfald enn det som kjem til uttrykk i den skissa som no ligg føre. Får ein til det, vil ein også løfta periferi-dimensjonen i læreplanen, noko som er viktig for å læra majoriteten/majoritetane til å sjå og betre forstå dei språklege og kulturelle minoritetane i samfunnet vårt.

Powered by Labrador CMS