Trur medlemmane i Bifrost at det blir torevêr fordi ein kraftkar med raudt skjegg køyrer med bukkar over himmelen og slår i lufta med hammaren sin? Det gjer neppe nokon, skriv Eldar Heide.

Kva er religion?
Tankar etter førjulsblot hos nyheidningar

Nyleg var eg til stades ved førjulsblotet til det riksdekkande Åsatrufellesskapet Bifrost. Åsatru er ein levande religion i Noreg i dag, som i ein del andre land, og medlemmene kallar seg he(i)dningar. Men trur dei verkeleg på Tor og Odin? Og er det same religionen som det var i førkristen tid?

Nei, det er det sjølvsagt ikkje. Det hevdar heidningane heller ikkje, men seier dei er «inspirerte av» den førkristne religionen, og set saman element frå den gamle religionen, med sideblikk til levande naturreligionar og andre «nyheidenske erfaringar» til ein religion som høver livet i dagens samfunn.

Dermed er dei på linje med andre nyreligiøse rørsler, og dette trur eg dei fleste av oss kan forstå – jamvel om det buttar imot den førestillinga vi har om at religionar skal ha mangehundreårig tradisjon fram til vår tid for å vera ekte.

Bifrost vart grunnlagt i 1996, og før det var det berre nokre enkeltpersonar som var inne på slike tankar, frå slutten av 1960-talet og framover.

Kva trur dei så? – lurer vi på.

Trur dei det blir torevêr fordi ein kraftkar med raudt skjegg køyrer med bukkar over himmelen og slår i lufta med hammaren sin? Det gjer neppe nokon, og kvifor skulle dei det? Det kristne gudsbiletet er òg påverka av naturvitskapleg kunnskap.

Kor mange kristne trur på ein aldrande mann med langt skjegg som sit oppe i himmelen ein stad? Ikkje så få kristne trur på ein gud som skapte universet og naturlovene og så trekte seg tilbake. Men ein slik gud finn vi ikkje i Bibelen.

Vanskelegare for oss er det kanskje at nyheidningane «utfordrar omgrepet tru», slik høvdingen i Bifrost sa til meg under eit intervju eg gjorde. Dei legg vekta på handling – det avgjerande er om ein tek del i rituala – og bryr seg mindre om kva som rører seg i hovudet på kvar enkelt.

«Ideen tru er protestantisk kristen», sa ein av dei, og la til: «Vi har meir felles med katolikkane». Han siktar til at protestantisk kristendom er spesiell med å leggja så stor vekt på personleg tru og personleg gudsforhold, medan katolikkane legg større vekt på praksis.

Mange katolikkar går til sundagsmesse, skrifte og andre sentrale ritar utan å tru så veldig i protestantisk forstand. Likevel dreg ingen i tvil at dei er kristne.

Ei slik haldning til religion ser vi òg i omgrepet forn siðr, ‘gammal sed’, som folk i Norden etter kristninga brukte om den gamle religionen. Omgrepet tyder på at katolikkane i Norden i høgmellomalderen såg både på sin religion og den gamle som eit system av skikkar, heller enn eit spørsmål om personleg tru.

Dette kjem til uttrykk i ei historie om Håkon den gode i den eldste kongesoga vi har, Ågrip. Håkon var oppfostra i England, og då han kom att til fødelandet og vart konge, prøvde han å kristne nordmennene. Han fekk omvendt ein del, for han var godt likt, seier soga. Men mange gjorde motstand og kravde at han blota, slik kongen skulle etter gammal tradisjon.

Sentralt i desse blota stod ofring av hestar, og gilde der forsamlinga åt kjøtet av hestane. Dette ville ikkje Håkon, men for å unngå opprør, strekte han seg til å vera til stades på slike blot og til å bite i ei hestelever sveipt i ein duk.

Det interessante er at bøndene skal ha godteke dette, endå det låg i dagen at kongen ikkje delte trua deira. Plikta var å ta del i kulten, og då kongen gjorde det, var det greitt. Kva han trudde, var underordna, så det la ikkje bøndene seg opp i.

Ikkje så få kristne trur på ein gud som skapte universet og naturlovene og så trekte seg tilbake. Men ein slik gud finn vi ikkje i Bibelen

Utfordringa av omgrepet tru kan vi sjå i samanheng med ei sterk retning i religionsvitskapen dei seinare tiåra: Ein kritiserer både gudsomgrepet og det meste av religionsvitskapleg terminologi for å vera generaliserte ut frå (den protestantiske) kristendomen. Dermed høver dei dårleg som reiskap for analyse av religionar og kulturar elles i verda, meiner ein.

Denne kritikken går utan tvil for langt, men han kom ikkje utan grunn. Kulturbakgrunnen gjev oss og religionsvitskapen visse briller som det er vanskeleg å ta av. Ordet åsatru er eit døme på det. Nordisk førkristen religion var ikkje fyrst og fremst ei tru, men eit system av skikkar.

Likevel, då granskinga av denne religionen kom i gang på 1800-talet, konstruerte svensk- og danskspråklege forskarar ordet asatro ut frå sin protestantisk-kristne idé om at religion er eit spørsmål om tru.

Når dette er sagt, bør vi likevel spørja: Kvifor var det viktig for bøndene at kong Håkon tok del i blotet? -Fordi dei trudde at gudane fanst og kunne påverke liv og samfunn blant oss menneske, slik at det var om å gjera å halde seg inne med dei.

Hadde ingen av dei trudd dette, ville det ikkje spela noka rolle om kongen tok del i kulten eller ikkje. Dei fleste religionsdefinisjonar har samspel med overnaturlege skapningar som kjernepunkt. Dersom rituala til nyheidningane er samspel med makter («makter») som ingen av dei trur på – er det då religion? Må ganske mange av dei tru i protestantisk forstand for at rituala ikkje skal vera tom form?

Dette kan vi snu på endå ein gong, og seia: Jaha, men katolikkane som ikkje trur i protestantisk forstand – er dei religiøse berre dersom mange andre i kyrkjelyden trur på den måten? Kjem deira religiøsitet an på korleis andre trur? Det vil neppe nokon hevde. Vi kan òg innvende at buddhismen, som opplagt for alle er religion, i klassisk form kan kallast ateistisk.

Så er det heller ikkje slik at nyheidningane typisk ikkje trur på maktene dei ofrar til. Typisk er heller at dei trur det finst eit mylder av makter, jamvel om dei ofte ikkje svarar til sjablongane vi møter i kjeldene til norrøn mytologi.

Folk som ikkje trur i protestantisk forstand, slike som nyheidningane – kva er det som lokkar dei til religiøse samfunn? I pionertida på 1980-talet var åsatrumiljøet prega av protest mot kristendomen. Kanskje var det hovudpoenget den gongen, slik at miljøet var ateistisk meir enn religiøst. Men det har endra seg. No fekk eg høyre frå folk som var med på 80-talet at dei på eit vis hadde falle til ro i ein verkeleg religion som hadde fellesskap rundt ritual som kjerne.

Desse rituala var oftast i friluft, fekk eg høyre; dei fleste i miljøet hadde eit nært forhold til naturen. Vi kan nok snakke om eit slag naturmystikk kombinert med sverming for historie og dei djupaste røtene i eigen kultur (utan at dette inneber sjåvinisme; dei norske åsatrumiljøa eg kjenner, avviser kontant diskriminering av alle slag).

Samtidig fekk eg inntrykk av at fellesskapen var det viktigaste. Dette er litt paradoksalt, sidan miljøet er prega av individualisme og har klåre anarkistiske trekk. Men mennesket treng fellesskap, vakkert uttrykt i Håvamål 47:

«Ung var eg fordom, og einsaman fór, vegvill då eg vart. Rik eg tyktest når eg råka einkvan; mann er manns gaman.» (Fordom: ‘for lenge sidan’. Gaman: ‘glede, lyst, moro’.)

Mennesket har òg ein trong til ritual, og rituala rører oss sterkare dess lengre tradisjon dei har. Vi ser at katolisismen trekker til seg både protestantar og gudlause, og humanetikarane har lagt ned ein stor innsats i å skapa ritual rundt milsteinane i livet, trass i at dei avviser alt snakk om overnaturlege makter. Tilfellet åsatru viser at religion kan ha fellesskap rundt ritual som hovudpoeng og likevel vera religion.

----

Vil du høyre intervjuet med Bifrost-leiaren, så finn du det på dei fleste podkastplattformer, som episode 17 av podkasten «Tru og meining i gammal tid». På Spotify ligg det her. Korleis Bifrost presenterer seg sjølv, kan du sjå her.

Powered by Labrador CMS