Kvifor kan ord som snø og granskog få oss til å gråte?

Tarjei Vesaas sitt dikt om snø og granskog traff meg voldsomt i vår. Kan den tyske sosiologen Hartmut Rosa sin teori om resonans forklare reaksjonen min?

Eg er glad i podkast, men det er sjeldan tårene trillar. Eg vel helst bort tema og forteljingar som eg veit kjem til å ha den verknaden. Men i vår var det ein som slapp gjennom sensuren.

Eg hadde allereie fleire gonger gledd meg over å høyre Hans Olav Brenner dele dikt på NRK. Dikt om venskap, henting i barnehagen eller heftig og stille maktkamp på Kiwi. Men då Odd Nordstoga sat der og las om snø og granskog, trefte det noko djupare.

Podkast-konseptet til Brenner er at ein kjent person set seg ned i studio og anten les eit dikt eller blir lest eit dikt for. Etter lesinga har dei ein prat på kanskje eit kvarter om diktet, før det vert lese på nytt.

I episoden med Nordstoga er det artisten sjølv som har med seg eit dikt, og som opnar samtalen med å lese det sjølv. Det er diktet «Snø og granskog», som Tarjei Vesaas gav ut i 1946. Diktet handlar om kva som er «heimsleg», og at det er snø og granskog som er det. Vesaas målar ut bilete på bilete av snøen og trea, og korleis dette knyt han saman med det han kallar heim.

Mot slutten av diktet skriv Vesaas om korleis vi «har i oss ein lovnad om å kome heim. Koma heim, gå borti der, bøyge greiner, — og kjenne så det fer i ein kva det er å vere der ein høyrer til».

Stemma til Nordstoga tjuknar, og skjelv litt, når den har gitt pust til lovnaden om å kome heim, og å få kjenne kva det er å vere der ein høyrer til. Og eg kjenner at dei tårene, som sende nabovarsel allereie då Vinje-dialekta hadde løfta ord som snø og granskog inn i det som betyr noko for meg, dei tårene trillar, og så renn dei. Og heile meg dirrar av lengsel der eg sit på kjøkkenet mitt, i ein forstad utanfor Bergen. Langt borte frå snø og granskog. Eg dirrar av lengsel etter stadane og folka, Vest-Telemark, Nissedal og ein gamal, kjær Bestefar, som no er borte.

Kva er det dei handlar om, desse reaksjonane som Nordstoga og eg har når vi høyrer eller les dette diktet? Kva erfaringar låg bak hos Vesaas, som han kunne formulere med desse orda?

Noko ligg på overflata. Alle tre har vi ei kjensle av å kjenne seg knytt til ein plass kor vi til vanleg ikkje er. Og når ein er lenge borte frå noko ein er glad i, kjem det kanskje nokre tankar om at det har kome heilt bort frå ein, at det er utanfor rekkevidde og borte for alltid. Då er det sterkt å setje ord på ein lovnad om å kome heim, at det ikkje er over.

Det som eg vil prøve på i denne teksten er å bruke den tyske sosiologen Hartmut Rosa sin teori om resonans til å sjå om desse reaksjonane, og banda mellom oss og det heimslege, lar seg forstå meir presist. Det siste året er det fleire og fleire i Noreg som har blitt nysgjerrige på Rosa sine perspektiv, og eg er altså ikkje noko unntak.

I fortsetjinga kjem ei utlegging av Rosa sin teori om moderniteten, akselerasjon og resonans. Eg lovar å kome tilbake til «Snø og granskog» til slutt.

Modernitet, akselerasjon og resonans

Hartmut Rosa er sosiolog av den typen som vil skjøne tida han lever i. Då han gjorde si store analyse av samtida, som han kallar «moderniteten», fann han, at det som meir enn noko anna særprega denne tida, var akselerasjon (Rosa, 2015). Etter kvart som moderniteten stig fram går ting fortare og fortare, teknologisk, i samfunnslivet og i korleis folk lev liva sine.

Denne akselerasjonen har ein verknad på oss, seier Rosa. Den skapar framandgjering, altså gjer den at vi i større og større grad kjenner oss som framande i verda.

I det neste store verket sitt tek Rosa mål av seg til å svare på følgande spørsmål: Kva er det motsette av framandgjering? Og gode fem hundre sider seinare meiner han å ha gjort greie for svaret: Det er resonans.

Rosa vil utvikle eit språk for å seie noko om kvaliteten på korleis menneska forheld seg til verda og kvarandre. Ein ting er å ha færre eller fleire relasjonar, men kva er det som gjer ein relasjon god? Korleis kan det ha seg at menneske som står i ei overflod av relasjonar, likevel kan kjenne seg einsame og tomme?

Dette er det han brukar omgrepet resonans til. Relasjonar kan vere resonante, eller dei kan vere stumme. Og om eit menneske berre har stumme relasjonar, eller at dei stumme relasjonane er for dominerande, fører det til framandgjering.

Rosa har henta omgrepet resonans frå akustikken. Det handlar om at noko vibrerer eller svingar med ein bestemt frekvens, som for eksempel ein stemmegaffel.

Ein relasjonen er resonant, seier Rosa, når den eine i relasjonen vibrerer på ein sånn måte at den andre vert stimulert til sjølv å vibrere – men då med sin eigen frekvens (Rosa, 2019, s. 165). Då oppstår det ein dynamikk der desse to partane begge vibrerer, med kvar sine frekvensar, på ein måte der dei gjensidig forsterkar kvarandre – og påverkar kvarandre. Nøkkelen til omgrepet er at desse to einingane begge svarar på kvarandre, men at kvar gjer det med sin eigen stemme (Rosa, 2019, s. 167). Resonans er noko anna enn eit ekko.

Resonans er heller ikkje ei kjensle for Rosa. Nokon gonger kan det absolutt vere kjensler involvert i resonante erfaringar, men sjølve resonansen er ein relasjonsform – ikkje ei bestemt kjensle (Rosa, 2019, s. 168). Difor kan triste, og nokon gonger vonde, kjensler skape djupe og gode opplevingar av resonans.

Vidare kan resonans berre oppstå når menneske har å gjere med noko som er viktig for dei. Noko ein gjer eller som har noko med ein å gjere fordi det er viktig i seg sjølv, og ikkje som eit instrument til noko anna (Rosa, 2019, 170). Om eg sit og les i ei intellektuelt attråverdig bok i kafeen på Litteraturhuset, og gjer det for å bli sett som ein intellektuell av dei andre som er der, er det noko heilt anna enn om eg les i den same boka heime –fordi eg er interessert i sjølve boka. Dei instrumentale relasjonane våre gjev svakare resonans enn dei med eigenverdi.

Sidan resonans berre kan oppstå når noko responderer med sin eigen stemme, så er det alltid noko usikkert ved den. Ein kan aldri vere sikker på at den andre parten i relasjonen vil svare, og at svaret vil vere på eit slikt vis at det kan oppstå ein slik gjensidig forsterkande dynamikk.

Eit av dei mange døma Rosa gjev på resonans i relasjonar, handlar om det å ha katt. Dei som er glade i kattar, og opne for å ha ein relasjon til ein katt, kan kjenne seg att i den gode erfaringa av at katten responderer på kos med å male. Og ifølge Rosa er det avgjerande at ein som kjæledyreigar ikkje kan tvinge fram malinga. Det hadde ikkje vore det same om det var ein robotkatt som var programmert til å male som respons på kos. Kunnskapen om programmeringa ville tatt bort uvissa som resonansen er avhengig av, og då vert heile opplevinga annleis.

Eit anna poeng er at om det var ein robotkatt ville ikkje reaksjonane lenger handla om noko eg som katteeigar gjorde. Dei hadde vore eit resultat av det som var lagt inn i programvara til roboten. Resonansen i ein relasjon vert nemleg og påverka av om vi forventar at det vi gjer kan ha verknad på den andre, self-efficacy i den engelske omsettinga.

Dette er noko av skilnaden på å sjå ein fotballkamp på tv eller på ein stadion. Mange kan leve seg inn i eit slags fromt sjølvbedrag om at det ein gjer i stova kan påverke spelet, men det er noko heilt anna når ein står som ein av tusen og klappar laget sitt fram til ny innsats etter eit mål imot.

Resonante erfaringar gjer også alltid noko med oss. Både det å ha ein malande katt på fanget, og det å trampeklappe opp humøret på ein gjeng med slitne fotballspelarar, set seg i kroppen. Resonante relasjonar inneber at begge partane i relasjonen vert påverka, og at ein kan bli forvandla. Rosa skriv at for å oppleve resonans må ein vere open for denne forvandlinga, og vere i relasjonen på ein slik måte at noko av eins eige er på spel – og kan endre seg.

Rosa seier altså at resonans er ein type relasjon til verda (Rosa, 2019, s. 174). Det kan oppstå i samspelet mellom to, der den eine responderer på den andre, på ein sånn måte at dei begge forsterkar kvarandre si gjensidige vibrering – med kvar sin stemme.

Den framandgjerande relasjonen, altså det som Rosa set opp som motsatsen til resonans, er i staden ein stum relasjon. Verda svarar ikkje lenger på utspela våre, og vi vert framande for kvarandre.

I Läsarpodden sin sommarspesial om Rosa og hans bøker snakkar Joel Halldorf og Patrick Hagman om ei kvinne som levde åleine under pandemien. Då samfunnet var heilt nedstengt hadde ho ingen av sine eigne rundt seg, og Hagman fortel at det einaste teiknet ho hadde på at ho faktisk var eit levande vesen var at andre menneske gjekk utanom henne på butikken. Det er eit eksempel på ein eksistens der dei stumme relasjonane truar med å ta overhand.

Det siste her, at problemet er at dei stumme relasjonane har teke overhand, er viktig. Rosa er tydeleg på at han ikkje meiner at alle relasjonar eit menneske har skal vere resonante (Rosa, 2019, s. 172). Tvert imot er stumme relasjonar heilt avgjerande for at samfunnsberande institusjonar som vitskap, jus og byråkrati skal kunne fungere. Resonante relasjonar kan difor tenkast som utbrot av resonans i ei verd som stort sett er stum for oss (Rosa, 2019, 185). Krisa i moderniteten er at dei stumme relasjonane truar med å dominere fullstendig, og at menneska står att utan resonans i avgjerande relasjonar – til naturen, til storsamfunnet og til kvarandre.

Resonans og framandgjering i møte med det heimslege

Poenget med denne Rosa-utlegginga er å kunne seie noko om kva som skjer i Vesaas-diktet «Snø og granskog» frå 1946, og kva som skjer med meg og kanskje og Odd Nordstoga når vi les det. Her er diktet i sin heilskap.

Snø og granskog

Av Tarjei Vesaas (1946, s. 9-11).

Tale om heimsleg —
snø og granskog
er heimsleg.

Frå første stund
er det vårt.

Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det plass i oss —
og sidan er det der
heile heile tida.

Meterdjup fonn
kring mørke tre
— det er for oss!

Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det
har vi snø og granskog med.

Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.

Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.

Koma heim,
gå borti der,
bøyge greiner,
— og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.

Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.

Lest med resonans-briller, kretsar diktet omkring relasjonen mellom stemma i diktet og den heimslege naturen: snøen og granskogen. På den eine sida målar Vesaas fram det sterke og permanente i relasjonen. Den var der «frå første stund», og sjølv om ingen kan sjå det, går han alltid rundt med snø og granskog.

Relasjonen er så tett at snø og granskog har «plass i oss» og er «innblanda i vår eigen ande». Her kjem det også fram at stemma i diktet ikkje ser seg sjølv åleine i relasjon med snøen og granskogen, men som ein del av eit «vi» - som i siste linje vert identifisert med dei som har eit «innlandshjarte».

På den andre sida gjer teorien om resonans at vi kan seie at diktet også handlar om kvaliteten på denne relasjonen. Er ikkje noko av nerven i diktet spenninga om denne relasjonen kan ha vorten stum?

Dei tre første strofene slår fast at relasjonen er der, tett, kroppsleg og permanent. Og sidan snø og granskog er heimsleg, kan det seiast å vere ei konkretisering av relasjonen til heimen sjølv.

Men i den fjerde strofa kjem det ei rørsle. «Kvar vi er», skriv Vesaas, «vender vi mot det». Dette tolkar eg som den første rørsla i Rosa sin potensielt resonante erfaring. Den som kan avvisast. Når vi vender oss mot noko, kjem med ei utsegn – gjer ei rørsle mot verda, risikerer vi alltid å oppdage at det ikkje kjem nokon respons. At relasjonen har blitt stum, og at ein er framande for kvarandre.

Stemma i diktet har i seg ein lovnad om å gjere meir enn berre å vende seg mot snøen og granskogen. Ho skal «koma heim». Og her opplever eg at diktet vekslar mellom lovnad, tru og håp.

Det er den som er borte som kan love å kome heim. Avstanden, som låg latent i vendinga om «kvar vi er» i førre strofe, vert konkretisert no. På same måte som stemma i diktet hadde Vesaas erfaring med å vere borte frå heimen, sjølv om snø og granskog er med han.

Og då kan ein undre seg, som eg antyda i innleiinga, om kanskje relasjonen har blitt stum. At ein er blitt som ein framand i møte med det heimslege. Sjølv om han seinare kom tilbake, hadde Vesaas opplevd det å flytte frå Vinje og selje garden med snøen og granskogen.

For stemma i diktet lever håpet, om at når ein kjem heim, og grip tak i det heimslege, så skal det svare i ei resonant erfaring: «og ein kan kjenne så det fer i ein kva det er å vera der ein høyrer til».

Eg har gått og bøygd på greiner i skogar eg er glad i. Det er ikkje alltid det vekkjer den same reaksjonen. Nokon gonger kjenner eg meg berre tom og litt rar, som går og tek på trea. Vi har ikkje nokon garanti for at det å strekkje seg ut mot naturen og det heimslege skal gje nokon respons, men vi kan lengte etter det. Lengte etter at naturen skal vekke noko i oss, og la oss få stå der og resonnere saman, på ein måte som stadfestar at bandet mellom oss er levande og sant. At heimen tek imot oss, og at vi ikkje har tapt den for alltid.

Om Rosa sin analyse av samtida er rett, har vi færre og færre slike resonante relasjonar. Og dei vi har, vert desto meir verdifulle. Difor loddar det djupt når eit dikt spelar på strengar om det heimslege, om å få høyre til på ein stad – sjølv om ein ikkje alltid er der lenger. Og kanskje var det dette som overvelda meg der eg sat og høyrde diktpodkast ved kjøkkenbordet. Lengselen etter, trua på og håpet om at dei resonante strengene til Vest-Telemark, Nissedal – og minnet om den gamle Bestefaren, skal halde fram med å vibrere, heile heile tida.

Kjelder

Rosa, H. (2015). Social acceleration: A new theory of modernity. Columbia University Press.

Rosa, H. (2019). Resonance: A Sociology of Our Relationship to the World. Polity Press.

Vesaas, T. (1946). Kjeldene: dikt. Gyldendal Norsk Forlag. https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2008042404046

Powered by Labrador CMS