«Norge er et kristent land. [….] Jeg tenker at det er fint at vi lærer om hvor vi kommer fra og bakgrunnen vår,» skreiv ein ungdomsskuleelev da hen vart spurd om kvifor ein skal lære om kristendom.

Kvifor skal vi lære om kristendom?

Som del av eit skriveforskingsprosjekt ved ein ungdomsskule på Vestlandet skreiv 9. klassingar refleksjonlogg dei siste 10 minutta av kvar KRLE-time. Intensjonen med loggskrivinga var å fremje sjølvstendig fagleg refleksjon og ikkje berre reproduksjon av lærestoff. Elevane skreiv ikkje fritt, dei fekk alltid eit skriveoppdrag frå læraren. Det aller første skriveoppdraget var formulert slik: «Hvorfor skal vi lære om kristendom?»

Kulturarv og verdsreligion

På dette skriveoppdraget svarte elevane stadfestande. Absolutt ingen elevar uttrykte motvilje mot å lære om kristendom. Typiske argument for at vi skal lære om kristendom var at (1) Noreg er eit kristent land, (2) at vi feirar kristne høgtider, (3) at kristendommen er ein viktig del av historia vår og (4) at kristendommen er ein verdsreligion:

«Norge er et kristent land. [….] Jeg tenker at det er fint at vi lærer om hvor vi kommer fra og bakgrunnen vår. »

«Jeg tror vi skal lære om kristendommen så vi kan lære mer om historien til verden og Norge. Så vi kan lære om hvordan kristendommen har påvirket verden. »

I desse to første elevsitata vert det resonnert innanfor ei allmennkulturell forståingsramme. Det er også det vanlegaste i dette materialet. Av dei totalt 36 elevane som svarte på skriveoppdraget, posisjonerte 21 seg livssynsmessig nøytralt, 11 som tydeleg ikkje-kristne og fire som kristne, slik som denne eleven:

«Vi skal lære om kristendom for å vite hva vi tror/ikke tror på og hvorfor vi tror som vi gjør. For å vite hva vi feirer og hvorfor vi feirer det. Mange skal konfirmere seg og da er det viktig å vite hvorfor vi gjør det og fårstår hva det vil si og hva det innebærer å være kristen.»

Religionen kristendom eller faget KRLE?

Medan det i sitata over heilt tydeleg vert uttrykt tankar om kvifor vi skal lære om religionen kristendom, er det eit slåande trekk ved mange av elevsvara at dei dei ikkje berre handlar om religionen kristendom, men også om skulefaget Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE):

«Å lære om andres tro kan kansje hjelpe oss å lære oss hvordan vi skal oppføre oss sammen med andre mennesker både ikketroende og troende.»

Her er det ikkje lenger tydeleg religionen kristendom som er i fokus, men religion og livssyn generelt. Då eg såg gjennom alle dei 36 refleksjonsloggane med dette for auget, fann eg at heile 21 elevar skreiv både om religionen og faget, 14 skreiv berre om religionen kristendom medan éin elev berre skreiv om faget KRLE. Sjølv om skriveoppdraget handla om religionen kristendom, valde altså mange elevar å trekke inn faget KRLE, og det kan synast som om religionen og faget flyt litt saman for dei.

Dei kristne er «dei andre»

I mange av refleksjonsloggtekstane er respekt og forståing for andre religionar og kulturar eksplisitt nemnt, og «dei andre» er tydeleg t.d. muslimar, jødar eller buddhistar. Men etter kvart som eg nærlas loggtekstane, såg eg tydeleg at «dei andre» i like stor grad var dei kristne, slik vi kan sjå i desse sitata:

«Jeg tror vi skal lære om kristendom for å lære om troen til andre folk.»

«Kristendommen er også den største religionen, så da kan vi lære hva kristne tror på og om de har noe de gjør daglig.»

På den eine sida svarer altså alle dei 36 elevane stadfestande og lojalt på skriveoppdraget «Hvorfor skal vi lære om kristendom?». På den andre sida synest dei å signalisere ganske stor avstand til kristendommen. Samstundes som elevtekstane er fulle av allmennkulturell argumentasjon for at Noreg er eit kristent land med ein kristen kulturarv som vi sjølvsagt skal lære om, framstår dei «verkeleg», truande kristne som fjerne, nesten litt eksotiske vesen.

Ambivalens og læringspotensial

Refleksjonsloggane desse 9. klassingane skreiv, er altså fulle av ambivalente og tvitydige formuleringar. Ein del av dette må nok skrivast på ein konto for at dette er tenkeskriving på slutten av ein skuletime; dette er ikkje tekstar elevane har fått høve til å bearbeide. I skrivedidaktikken er vi også opptekne av korleis elevskrivaren alltid opererer i ein dobbel skriveposisjon, der hen på den eine sida er ein skuleskrivar med læraren som konkret mottakar og på den andre sida må førestille seg ein reell skrivekontekst med autentiske mottakarar. I dette tilfellet var intensjonen at eleven skulle nytte skriveoppdraget til å reflektere for eiga læring sin del, men det er ikkje enkelt for elevskrivaren å lausrive seg frå dei forventingane hen trur læraren har og den daglege skrivinga i KRLE-faget, der det å svare (rett) på oppgåver frå læreboka er ein dominerande skrivediskurs. Dermed oppstår tekstar som seier ulike ting på ein og same gong.

Som den russiske språkforskaren Mikhail M. Bakhtin har synt, er fleirstemmigheit i og for seg ein naturleg del av all kommunikasjon, for når vi ytrar oss, vert vi del av komplekse kommunikasjonskjeder, der tidlegare og forventa ytringar pregar vår eigen «tale». Tekstane desse 9. klassingane skreiv, kan også lesast som uttrykk for den fleirstemmigheita og ambivalensen det norske samfunnet − som kristent og sekulært på ei og same tid – er prega av.Inn i dette biletet føyer seg sjølvsagt også ei mangeårig politisk hestehandling om K-en – det vil seie kva plass og status kristendomen skal ha – i det norske livssyns- og religionfaget. Skriveforskingsprosjektet desse elevtekstane kom til i, hadde som overordna tittel «Skrive for å lære i KRLE». Det synest heva over tvil at det ligg eit stort lærings- og diskusjonspotensial i elevane sine refleksjonsloggar, om vi som forskarar og lærarar vel å ta det det skriv på alvor.

Bakhtin, M. M. (1998). Spørsmålet om talegenrane. Bergen: Ariadne. Omsett og med etterord av Rasmus Slaattelid.

Powered by Labrador CMS