Så fin er enga mi no! Masse prestekrage lyser opp. Litt seinare på sommaren kjem blåklokke og gulmaure på banen, og set meir farge. Foto: Inger Auestad

Blomstereng for dummies

Få nordmenn har ansvar for ei slåttemark, men mange har ein hageflekk. Her får du oppskrift på korleis du kan lage blomstrande slåttemark i eigen hage!

Høyrer du til dei som klipper gras, luker og sprøyter for å halde plenen fin, men som eigentleg har meir lyst til å slappe av i hagen, til villblomstlukt og lyden av summande insekt? Viss du i tillegg bryr deg om klodens ve og vel, bør du lese vidare.

Her skal du nemleg få tips om korleis du kan sleppe til høghalsa prestekrager, honningluktande raudkløver og yndig tveskjeggveronika, og bytte ut ein del av plenen din med det vi økologar kallar slåttemark.

Fuglevikke og prestekrage i skjønn foreining. Foto: Inger Auestad.

Det er mange gode grunnar til å sleppe naturen til i hagen. For det første kan du ligge mykje meir i hengekøya i staden for å jage rundt med plenklypparen. Ei slåttemark eller blomstereng krev nemleg mindre stell enn ein plen. I tillegg er blomsterenger flotte å sjå på, og dei er eldorado for alskens småkryp som bur, parar seg og et blant mangfaldet av blomstrar.

Dessverre for plantene og dyra – og for oss – har engene forsvunne i eit galopperande tempo heilt sidan vi starta å modernisere jordbruket for over 100 år sidan. Summa summarum kan du gjere vel, både for deg sjølv og for naturmangfaldet, ved å lage eng i hagen.

Forbildet for hage-engene er dei tradisjonelle slåttemarkene, som er på retur i dagens landskap. Her i Bargarden naturreservat i Luster har Statens naturoppsyn starta opp att slått, og resultatet let ikkje vente på seg: det summar av liv i den fargerike tørrenga. Det blir sett pris på av Sogndals-studentane som skal lære om artsrik slåttemark. Foto: Inger Auestad.

Eg er interessert i slåttemark og vegkantar, og får rett som det er spørsmål om korleis ein kan gå fram for å lage seg ei vakker og variert blomstereng. Etter at kollegaene mine og eg har jobba med dette i ein mannsalder, har eg svara klare.

1. Kan eg lage eng av plenen min?

Det kjem an på. Ein plen som er stelt etter alle kunstens reglar, ser ut som eit grønt stovegolv og inneheld gjerne berre eit par kjedelege grasartar. Let du vere å slå ein slik plen, ender du ikkje opp med ei artsrik eng, men snarare eit stykke halvshabby mark som verken insekt eller menneske har spesiell glede av.

Men har du, som meg, vore lat og droppa mosekverk og fullgjødsel, kan plenen din innehalde mange blomstrande artar. Plenen min inneheld 25 ulike planter (eg har talt!), og britiske forskarar fann heile 139 (stort sett ville) blomsterartar då dei kartla artsmangfaldet i 52 plenar i Sheffield.

Har du ein slik plen som nabo Øyvind, er det berre å la graset gro! Det gjer han i blant, og då tittar både prestekrage, raudkløver, kvitkløver og ryllik opp, til glede for folk og for insekt i nabolaget. Foto: Inger Auestad.
Det går også an å la blomstrane komme opp på delar av plenen. Foto: Inger Auestad.

Så steg nummer ein i prosjekt «frå plen til eng» er å la graset gro for å sjå kva som kjem opp. Er du heldig, kan blåklokke, prestekrage, kvitkløver og tveskjeggveronika titte fram! I så fall kan du gå rett til siste spørsmål, og sjå korleis du skal stelle enga di.

2. Kor i hagen har eg størst sjanse til å lukkast med å lage blomstereng?

Svaret på det er (til alt hell) den delen av hagen der du har minst sjanse for å lukkast med ein tett og frodig plen. Unngå frodige flater og skuggefulle, nordvendte parti, og sats på den tørre, sørvende delen av tomta. Får du ein real tørkesommar som svir av plantedekket, er det inga krise – då kjem det gjerne opp andre blomstrande artar frå frøbanken i jorda.

Engtjøreblom er ein av blomstrane so trivst godt i tørre skråningar. Han lysar opp i juni, og er ein real fest i bakken. Er du heldig, har du ei tue med engtjæreblom i den tørraste delen av hagen din, som kan få breie seg i hage-enga. Denne vakre blomsteren lyser opp i tørre enger og vegkantar i mai-juni. Foto: Inger Auestad.

Viss området du vil lage eng i, inneheld mange storvaksne artar med kraftig rotsystem, som høymol og tistel, bør du fjerne dei. Spa vekk kraftige grastuer. Er grastorva tett, må du spavende henne, eller i det minste rufse godt opp i henne, slik at blomsterfrøa får berr jord å spire i.

Er jordsmonnet litt for frodig, kan du blande inn grus og sand, gjerne opptil 50% i dei øvste 5 centimetrane. Blåklokke, gulmaure og engkall toler godt å vekse magert og tørt, men det gjer ikkje dei storvaksne artane du helst vil unngå i enga di.

Tistlar er storvaksne planter med lange pælerøter. Vi vil helst unngå dei, i slåttemarka så vel som i blomsterenga i hagen. Her viser Liv korleis ein enkelt kan jekke opp ein heil tistel. Det er lurt å vere litt nøye med å fjerne slike artar tidleg i prosjekt «plen-til-eng». Foto: Inger Auestad.

3. Eg har lite blomsterplanter i plenen min. Korleis kan eg få fleire?

Her finst det fleire alternativ. Du kan kjøpe frø og så ut, men merk deg at det er skilnad på blomsterengfrø. Dei billige frøposane inneheld mange eittårige, ikkje-norske artar som forsvinn ut ganske raskt.

Vil du satse litt meir bør du kjøpe NIBIO sine villblomstfrø. Dei har også gode rettleiingar for utsåing. Du kan også samle eigne frø frå blomstrar du er glad i, og så ut desse. Dette eignar seg best for tolmodige sjeler.

Ingeborg i Bergen vil gjerne ha blomstereng i nabolaget! Her er heile familien i sving med eit lite prøveprosjekt: dei fjerna grastorv, og i plenen og i knausen rett over har dei funne mange fine ville blomstrar som dei prøver å få inn i feltet, bl.a. blåklokke, firkantperikum, legeveronika, jonsokkoll, blåkoll, jordnøtt, og marikåpe. No jobbar Ingeborg med å overtyde burettslaget sitt om at dei bør utvide enga. Foto: Ingeborg Borgen Takle.

Min favorittmetode, som kan vere heilt gratis, er å legge på høy frå artsrike enger eller vegkantar i nærleiken. I forskingssamanheng har vi prøvd ut dette både i enger og vegkantar. Konklusjonen er at dette er enkelt, rimeleg og fungerer. Vent til blomstrane har visna og frøa er modne (rundt olsok i mange delar av landet). Spør ein bonde med ei fin eng, eller finn fram kantklypparen og gå laus på ein fargerik vegkant!

Du bør skaffe høy frå om lag same areal som enga du vil lage, og slå og breie høyet ut over det som skal bli den nye blomsterenga di. Høyet hindrar frøa i å tørke ut før dei får spirt.

I dei verkeleg fine, gamle slåttemarkene finn vi kravfulle artar, t.d. orkideen nattfiol. Kollega Liv Norunn måtte fram med kamera då vi kom over denne enga i Stryn. Foto: Inger Auestad. Click to add image caption

4. Korleis skal eg stelle den nye enga mi?

Etter at du har sådd eller lagt på høy, må du smørje deg med tolmod. Mange av dei finaste engartane er fleirårige, og dei bruker fleire år på å bli store og fine. Dei første åra må du rekne med at frø frå meldestokk og andre kortlevde ugrasartar spirer, men dei forsvinn ganske raskt ut.

Du treng ikkje vatne, og du skal ikkje gjødsle, men hugs at du må slå enga di kvart år! I mange delar av landet passar det å slå tre gonger (med mindre du kan låne ein sau som kan beite vår og haust). Det er fint med ein slått i midten av mai, som ein parallell til den tradisjonelle vårbeitinga, for å få ned dei store artane. Så trengs det ein slått etter at enga har blomstra av, gjerne i siste del av juli. Tidleg i september er det tid for ein siste slått, som ein parallell til haustbeiting. Høyet må alltid fjernast, men let du det tørke flatt først, sikrar du meir frø til enga di.

Slåtten må til for å halde store planter nede, og la låge og spinkle blomstrar komme opp og blomstre.

God sommar – og lykke til!

Powered by Labrador CMS