Hjorten bader og svømmer både for å forflytte seg i landskapet, for å krysse fjordar eller vatn, eller berre for å kosa seg. Sjå videoane i innlegget som visar hjortens sosial leik og kos.

Våren er safaritid i låglandet, men snart lokkar fjellet hjorten ut på tur

Dei ville beitedyra lengtar etter saftig gras og fersk føde heile vinteren. No er det vår og tid for safari i din lokale skogkant. Men hjorten skal vidare på tur den.

Hjorten, har – som sine slektningar elgen og rådyret – gjennom vinteren gått og gnaga på blåbærbuskar og anna lyng, litt bark og knoppar frå alskens tre, kanskje til og med eit litt meir saftig hagetre i låglandet. Men vintermaten er ikkje så mykje å skryte av i våre trakter. Saftig, ferskt gras derimot!

Berre nokre små grastustar skal til og hjorten samlar seg i store flokkar. Det er dette som gjer våren til ei tid for safari mange stader her i vest. Dei rundt hundre dyra eg kan telje gjennom kikkerten når eg tidleg ein morgon ser ut av vindauget, gir meg assosiasjonar til savanne og heilt andre klima. Men der den afrikanske savanne har mange slags ville beitedyr, ser vi dei fleste stader i Norge berre ein, kanskje to, artar på same stad.

Våren gir ferskt gras i låglandet, men når snøen smeltar i fjella reiser hjorten dit for å få den beste maten. Sauen følger etter, godt hjelpt av oss menneske, som etterliknar naturens fenomen. Her hjort og sau side om side i låglandet – om våren– på Brekka i Kaupanger.

Ein reisande i årstider

Hjorten er den mest talrike representanten for hjortefamilien her til lands (sjølv om den samla vekta av all elg nok er større). Hjorten finst etterkvart i store delar av landet, etter at arten var så godt som utrydda i nokre hundre år før andreverdskrig (les også dette Vill vest-innlegget). Her i vest kan vi sjå hjorten stimle saman no på våren.

I skumring og grålysning flyttar dei seg nett som ein heil organisme frå flekk til flekk av nytt, kort, men ferskt gras på ei elles aprilbleik innmark. “Å, det er så herleg å ete gras igjen, etter alt det tungtygde buskaset i vinter!”, kan eg nesten høyre dei tenke.

Men snart skal hjorten ut på årets viktigaste reise.

Hjorten er – som mange dyr – ein reisande i naturen. Han flyttar seg gjennom landskapet, med årstidene og den evige leitinga etter den beste maten som drivkraft. No på våren skal han til fjells og gjera seg feit. Hodyra skal fullføre årets viktigaste happening, å føde ein kalv. Kalvinga skjer i starten av juni, helst til fjells for der sommarbeitet er betre enn i låglandet. At reising kan løna seg for å sikre matkvalitet veit mange dyreslag.

Naturens innovasjonar

På den afrikanske savanne finst det store, kjende dyretrekk. Dei fleste av oss har sett naturfilmar med gnu og sebra som beveger seg gjennom landskapet i store flokkar – eit mektig syn. Nomadar og andre gjetarar i Afrika har, i tidlegare tider, observert desse trekka og forstått at dyra flyttar seg bort frå tørke og til fuktigare forhold gjennom sesongane. Ved å etterlikne naturen og flytte på husdyra, fekk dei ein måte å sikre husdyra sine betre beite og tilgang til vatn. Slike menneskelege innovasjonar som har blitt til ved etterlikning av naturens mangfald har i dag fått sitt eige uttrykk, biomimikry.

Her i nord har vi også funne inspirasjon i naturen. Mange stader flytter samiske reineigarar flokken sin mellom kyst og innland, eller mellom lågland og fjell nettopp for å sikre reinflokken fersk plantekost. Også dei var inspirerte av reisene til dei ville reinsdyra. Støls- og seterdrifta i fjellet, som var så vanleg i Norge frå mellomalderen fram til andre verdskrig, har historisk sett vore ei av dei viktigaste norske landbruksinnovasjonane. Var ikkje denne aktiviteten også bygd på etterlikning av dei ville drøvtyggarane si reise frå lågland til fjell? Å etterlikne naturen, å ta i bruk heile landskapet, var den einaste måten å få nok mat på til dyra sine – og dermed sine eigne – før kunstgjødsel og soyaimport var aktuelt.

No er det å støle og ha seterdrift nesten berre historie, og landskapet i skoggrensa er teke over av menneske som flyttar seg til hyttene sine. Innimellom finn vi her og der litt hjort og elg. Sauebønder er likevel enno inspirert av naturen, og ein reknar med at det blir sleppt fleire sau på beite i norske fjell no enn nokon gong tidlegare i historia.

Kos og sosialisering

Hjorten samlast altså i flokkar no på våren for å beite på innmark, men også for å kose og sosialisere seg med artsfrendar som han snart skal på tur med. Dette inneber hopp og leik for dei unge, og gjerne eit bad for hjortar i alle aldrar. Eg har filma nokre korte videosnuttar frå stoveglaset som viser den vårlege gleda til hjortane som vandrar gjennom nabolaget vårt.

”Sisten” er ikkje berre for oss folk! Hjorten leiker også og er eit sosialt dyr som kommuniserer både med lydar og kroppsspråk.

Våryre hjortar som badar med badevakt! Hjorten badar gjerne heile sommarhalvåret for å reinske pelsen eller avkjøle seg, og kan gjerne ta seg ein svømmetur. Om hausten badar bukkane i brunstgroper.

Å gå seg vill

I vår tid treng vi ikkje spekulere på kor og korleis hjorten beveger seg gjennom eit område, vi har i lengre tid brukt merking av mange dyreslag og GPS-teknologi for å følgje deira bevegelsar. For nokre år sidan, deltok eg som frivillig for å GPS-merka hjort i Kaupangerskogane – der eg bur.

Eg hugsar spesielt ein GPS-merka ungbukk som vi kunne følgje på internettkartet til merkeprosjektet (Sjekk noverande merkeprosjekt i Norge på Dyreportalen til Nibio på nett). Han la ut på ei ganske vanleg reise i mai til fjella rundt Veitastrond – eit brenært landskap med vatn og frodige dalar. Turen var omlag 40 kilometer i luftlinje i variert og bratt vestlandsterreng med snøskavlar, rasfare, gjørme og meir til. Turen tok han om lag eitt døgn. Men då bukken skulle heim til Kaupanger på hausten, valde han feil side av brevatnet i Veitastrond.

Kanskje fekk han heng på nokre andre hjortar, sosial som hjorten er, for plutseleg var han komen til Leikanger – ein heilt annan kant av nye Sogndal kommune. Dette var feil ‘anger’ (som eigentleg betyr vik eller bukt), på feil side av ein fjordarm. Og anger, det fekk hjorten! Han tok beina fatt og forta seg tilbake dei 4-5 mila til brelandskapet ved Veitastrond. Der fekk han peila seg inn på rett side av vatnet, og jogga rake vegen til Kaupanger, der han kjente seg heime i eit mylder av artsfrendar.

Ei trua aktivitet

Zoomar vi ut frå min eigen bakhage og ser verda under eitt, så er trenden at desse geniale og nødvendige dyretrekka er trua. Menneska tek stadig i bruk nye areal til landbruk, til bygningar og infrastruktur, og det blir stadig mindre att til dyra for å bu og reise. Samanhengande trekkruter på land er i ferd med å bli ei skikkeleg mangelvare. Konsekvensen er at pattedyra blir færre og reiser mindre (bortsett frå oss menneske, då). Det er dårleg nytt for dyra, og det kan vera dårleg for oss også.

Ville beitedyr konkurrerer nemleg i mange tilfelle med våre interesser, dei et den same maten som våre tamme beitedyr og dei kan skade avlingane våre. Men dei naturlege dyretrekka er viktige fenomen for å redusere desse konfliktane. Når dyra er til fjells i det meste av vekstsesongen, slepp bufaste låglandsbønder beitepress på avlingane sine, avlingar som skal bli mat til folk eller fe. Vi må altså ikkje berre ta vare på sjølve artane i naturen, men også naturfenomena! Til det beste for naturens mangfald, men også for oss sjølv.

(Les om fleire gode grunnar til naturvern i dette Vill vest-innlegget).

Ha ein fin vår, og ta deg eit trekk du også!

Denne hjorten har ein GPS-klave som gjer at forskarar kan hente posisjonsdata som gjer det mogeleg å finne ut litt av kvart om dyra sine bevegelser.
Powered by Labrador CMS