Markhumle er ein av dei første humlene som flyg om våren. Dronninga treng belønninga som blåbærblomstrane tilbyr, i form av energirik nektar og proteinrik pollen, til seg sjølv og sine små.

Blir det færre blåbær når klimaet vert varmare?

Ja, forskinga vår kan tyde på det. Men oppvarminga verker ulikt ved fjord enn til fjells,  og andre farer finst i vår bruk av skog.

I år har mange fortalt om eit godt år for blåbær. Vi har kunne hausta flotte store blåbær til dessert, saft eller sylte, eller til goddis på tur med ungane eller på jakt. I tillegg har eg som forskar gjennomført årets teljing av blåbær og tytebær saman med forskarkollegaer. Vi har fleire forsøksfelt spreidd frå fjord til fjell lang Storehaugfjellet, i Kaupanger, for å følgje blomstring, pollinering og insektliv, og altså bærhausten.

Sjølv om vi telte færre humledronningar i våre forsøksfelt i år enn vanleg grunna det kjølige vårvêret ser det ut til at humledronningane likevel har gjort pollineringsjobben. Familien sine turar i blåbærskogen tyder i alle fall på dette.

Robuste lyngplanter

Blåbær og tyttebær er hardføre vekstar i lyngfamilien, ei samling av dvergbusker der mange blomstrar villig og gir mengder av bær. Lyngplantane toler oftast ein trøkk, anten det er svingingar i vêr og vind, skogbrann, beiting, røff bærhausting eller andre påkjenningar.

I mange år forska eg først og fremst på blåbær som beiteplante. Det overraska meg stort kor godt planta takla å bli beita på av hjorte- og husdyr med sine drøvtyggande munnar og kraftige tenner. Ser ein på plantene ei tid etter at dyra har beita dei ned, er gjenveksten ganske så god. 

Nedi bakken smyger det seg eit stort nettverk av røter der nye skot kan skyte opp. Både blåbær og tytebær trivast frå mildt låglandsklima på Sørlandet og langt til fjells, til og med i arktiske nord. Plantene er med andre ord rusta, gjennom evolusjonen, til å takle ulike forhold. Difor toler dei også varierande klima nokså bra.

Blåbær taklar klimaoppvarming dårlegare enn tytebær

No tenker du kanskje at bær-framtida di er sikra? Det er ikkje så sikkert. Dei siste tiåra har det blitt mindre og meir varierande snødekke i låglandet over heile Skandinavia. Dette ser ut til å kunne gi mindre blomstring og dårlegare vekst hos blåbærplanta, og færre bær. Tyttebær, er derimot ein joker som toler betre at snøen uteblir.

Kva då med høg sommarvarme, som vi har sett mykje av enkelte år? Toler planter og bær hete? Det er i fokus for forskinga vår i fjellsidene i indre Sogn. Denne typen forsking er ofte langsiktig, og det kan ta eit heilt tiår å avdekke ny kunnskap om den levande naturen. 

No har vi vore opp og ned Storehaugfjellet i sju år, ein til to gonger i veka, frå slutten av april til uti september. Det byrjar å gi oss nokre interessante funn. I tillegg til å utnytte den naturlege klimavariasjonen høgdelaga gir oss, har vi gjort eksperiment med oppvarming av lyngen for å etterlikne varmare sommarvêr.

Det vi ser, er at blåbærplantene taklar oppvarminga dårlegare enn tytebær. Dette er spesielt synleg i låglandet. Alt med 1-2 graders oppvarming over nokre år blir veksten svekka, og det blir vesentleg færre planter og bær. I fjellet kan vi få auka vekst og fleire bær som resultat. Kanskje er det fjella som skal redde bærhausten i framtida?

Høgdegradienten ved Sognefjorden utgjer eit feltlaboratorium for klimaforsking. Frå fjord til fjell er det stor temperaturvariasjon og kombinert med eksperimentell oppvarming av vegetasjonen kan vi byrja å forstå litt av klimaendringane sin effekt.

Humler = bær

For å få mykje bær til hausten, treng ein for det første rikeleg med blomstring. Mest blomster får ein med kjølig seinsommaren året før. Neste kneik er at alle blomstrane må overleve nattefrosten om våren. Når blomstringa kjem tidleg i gang i låglandet vil frosten kunne ta drepen på mang ein blome, eit fenomen som elles er vanleg i det meir ustadige fjellklimaet. Sist, men ikkje minst: Skal det bli mange bær om hausten, må det vere nok humler som besøker blomstrane.

Når mai månad kjem er humlene klare. Blåbær blir pollinert av humledronningar. I år var det kaldt om våren, men heldigvis kan desse majestetiske insekta fly ned mot frysepunktet. Dronningane sviktar ikkje blåbærblomsten med mindre frosten kjem og tek knekken på belønninga deira.

Tytebæra er like avhengige av humler for pollinering og bærproduksjon, og er minst like populær. Når desse blomstrar i tusental etter at blåbærblomstringa er overstått, er også arbeidarhumlene og andre villbier klare til innsats. 

I år var våren kjøleg mange stadar, men stort sett utan frost. Difor blei pollineringa likevel ganske bra. Årets trussel mot bærhausten her i Sør-Norge vart nok den blaute seinsommaren som gjer at ein del bær kan rotne eller ramle på bakken.

Den største trusselen mot biomangfaldet

Arealbruken vår er kjent for å vera den største trusselen mot artar og funksjonar i den levande naturen. Blåbær og tytebær kan også få vanskar med den store transformering av landskapa rundt oss. For blåbær og tytebær er nok dessverre ikkje moderne skogbruk deira beste ven. 

Finsk og svensk forsking viser tydleg at blåbærdekke og bærproduksjon er svekka i desse landa. Årsaka er først og fremst tette, einsaldra, monoplantingar av gran. Det gir lite rom for andre vekstar. Når areala av slik skog blir for store, som i nabolanda, så går det nedover også for desse vanlege og robuste plantane.

Studentar hos oss ved Høgskulen på Vestlandet samanlikna korleis blåbær klarte seg i produksjonskog av gran samanlikna med furuskog og fann at blåbærdekket i granplantingar var i snitt under éin prosent, mot 53 prosent i furuskogen. Dei fann berre eitt bær i 50 undersøkingsområde av gran! I furuskogen fann dei i snitt over 20 bær per kvadratmeter. Granskogen er blitt for tett for blåbæra, skogens drue trenger nemleg lys.

Livet i ein produksjonskog av gran og furu (begge middels alder og bonitet) er veldig ulikt for blåbærplanta! Oppe i midten ser ein den eine overlevande blåbærplanta i granplantinga til venstre. Bilda frå furuskogen viser vital lyng med mange bær.

Vanlege plantar og dyr som indikatorar for klima- og naturkrisa

Miljøforvaltninga fokuserer ofte på dei sjeldne artane; det er jo desse som krev mest hjelp for å klare seg. Vanlege planter og dyr eignar seg likevel veldig godt for å ta tempen på den levande naturen i ei tid med store arealinngrep og menneskeskapte klimaendringar - nettopp fordi dei er vanlege og kan studerast overalt.

Skal vi ha trua på «Blueberry fields forever?» Å vera spåmann og forutsjå framtida er ikkje ein vitskapsmann si skjebne, men at det kanskje teiknar seg eit bilde av at framtida gir mindre blåbær, særleg i sør og i låglandet er ikkje usannsynleg. Både vår arealbruk og klimaendringane vil kunne gi ein slik reduksjon. 

Som eit land med mykje fjell og stor topografisk variasjon så vil vi nok i mange år framover finne bær i rikt monn mange stadar i vårt langstrakte land. Nyt bærhausten og engasjer deg gjerne i naturen rundt deg!

Meir om temaet på forskning.no: 

Powered by Labrador CMS