Nye lam vert fødd kvar vår. Eit sikkert teikn på at livet kanskje heller er syklisk enn lineært.

Eg drøymer alt om neste vår

Våren er den travlaste tida for naturen, men også for ein feltøkolog og sauebonde. Våren gir livet puls og understrekar den årvisse rytmen i naturen.

I år starta våren ganske roleg og så berre eksploderte den. Våren var på speed her i det ville vesten. Plutseleg var det sommar, før ein hadde fått sagt «blåbærblomstring». Det er jo noko eg seier ofte, og i tillegg studerer gjennom heile våren. Bli med å sjå nokre av mine utvalde glimt av vårlege naturopplevingar.

Blomstrande dekor

Her i Postkort-Norge, ved Sognefjorden, er det vanlegvis vår i mange etappar. Nede ved fjorden startar bladsprett, og seinare blomstring av både ville vekstar og frukt- og bærbuskar, om lag like tidleg som dei mest gunstige plassane i landet. Lenger oppover i mot fjella, kan våren gjerne dryge til langt utpå sommaren i dei mest snørike åra.

I år opplevde mine blåbærblomster-teljande kollegaer og eg at våren starta så smått i slutten av april. I løpet av to-tre veker var den jammen i gang i fjellet også. Dette var om lag tre veker tidlegare enn i fjor, då vi rett nok hadde ein veldig kald vår. Som feltøkologar så opplever vi at ein «normal vår» eigentleg er unntaket i våre strøk.

Humledronningane rakk knapt å besøke dei talrike blåbærblomstrane før dei starta å blomstre av. Det blir spennande å sjå korleis blåbærhausten svarar på det varme vêret og om pollineringa har vore god nok. I juli-august, når bæra vanlegvis modnar frå fjord til fjell, får vi svaret.

Blåbærblomstringa er viktig for dei nektar- og pollentørste humledronningane som etter vinteren skal bygge opp eit stort bol. Her ser du ei lundhumledronning som manøvrerer sin store kropp frå blomst til blomst. Eit samspel som gir fordel for både plante og insekt.

Hjorten festar på fersk grøde

Dei ville beitedyra kjem i alle storleikar. Nokre har hatt ein vinter på sparebluss (hjortedyr og gnagarar) medan andre har tatt fullstendig vinterferie og gått i dvale (insekta). Hjorten utanfor husa våre er raske til å besøke bøen for å få tak i den første grøne grøde som forsiktig stikk opp mellom visne blad i mars.

Hjorten bruker mykje av beitetida si på innmark, spesielt om våren. Det er likevel i skogen hjortar oppheld seg mesteparten av tida, men gjerne i blåbærskogen om vinteren og den urterike fjellbjørkeskogen om sommaren.

Kva gjer ein hjort bortsett frå å ete? Vel, den er jo mykje på farten, og er elles eit utprega sosialt dyr som slappar av og tygg drøv, steller seg, klør og badar, leiker «hjortesisten» og mykje meir som alle vi samfunnsorienterte dyr jo driv med.

Eit lysbildeshow frå eit viltkamera i skogen ved gardsbruket vårt viser hjort på dagleg vandring og diverse aktivitetar, og eit par videoklipp viser både bading og hjortesisten.

Hjorten er eit beitedyr som er i stadig bevegelse. Her frå eit viltkamera ved Brekka, Kaupanger, som er satt opp i eit kryssingspunkt for fleire stiar. Hjortevåren i skogen 2024, minutt-for-minutt.

”Sisten” er ikkje berre for menneskebarn! Hjorten leiker også og er eit sosialt dyr som kommuniserer både med lydar og kroppsspråk.

Våryre hjortar som badar med badevakt! Hjorten badar gjerne heile sommarhalvåret for å reinske pelsen eller avkjøle seg, og kan gjerne ta seg ein svømmetur. Om hausten badar bukkane i brunstgroper.

Etter midten av mai følger mange hjort den grøne bølga med ny groe oppover i fjellet, dei føretrekk våren. Rundt to tredelar av hjorten reiser til ein heilt annan stad for å ete seg feite og kalve. Nokre få heimfødingar vert att; tidlegare i vår telte eg gjerne 70-80 dyr med kikkert frå stoveglaset kvar morgon. No i juni ser vi her i Kaupanger i Sogn oftast berre nokre enkle familiegrupper eller einstøingar att nede i låglandet.

Lamming og leik

Vi har utegangarsau på gardsbruket vårt. Dei går ute heile året og om lag 20 søyer lammar ute på bøen i løpet av nokre hektiske veker i april-mai. Vi følger med, men grip stort sett berre inn i ettertid dersom lamma får problem med å die eller ved andre komplikasjonar. Det skjer heldigvis ganske sjeldan.

Dei andre organismane eg jobbar med, altså blåbær, humler og hjort, får eg sjeldan oppleve ein fødsel eller ei spiring til. Å ha sett eigne barn bli fødde slår jo alt, men den vårlege lamminga er ein også ei fin og årviss påminning om kor vakkert og sårbart livet er. Eit menneskeliv følast gjerne lineært, frå vogge til grav. Naturens syklusar, sesongar og repeterande fenomen endrar gjerne perspektivet og får ein nesten til å føle at ein sjølv vert fødd på nytt kvar vår.

Færre og færre er bønder eller bur på landet, og dermed er det også færre som veks opp med erfaringar med tamme og ville dyr. Eg deler difor ein video her av ein dublettfødsel vi hadde i fjor, ei ganske unik oppleving rett nedanfor huset vårt.

Lamming ute er ikkje så vanleg i Norge. Opplevinga er sterk, og desse fødslane var ei ekstra sterk oppleving då dei kom på same plass til same tid!

Sauen er ganske lik hjorten på mange vis. Begge artar er drøvtyggande grasetarar som gjerne vil ha innslag av lauv og kvist på menyen. Dei har ein tidsavgrensa brunst på hausten og får sitt avkom på våren. Begge artar reiser helst til fjells om sommaren og held seg i låglandet på vinteren, og dei er utprega sosiale dyr med eit leikande sinn. Også lamma driv med sisten eller lammesprint. Snart skal vi sleppe sauene til fjells, og vi vil sakna deira leik og lyd.

Eg drøymer alt om neste vår. Ha ein fin sommar, både folk og fe!

 

Sau er utprega sosiale dyr. Leik er ein viktig aktivitet for å øve på sjølve livet, og så er det moro. Sauemødrene står bekymra og breker i bakgrunnen.

Les meir om våren på Vill vest-bloggen:

https://blogg.forskning.no/blogg-vill-vest/selje-er-varens-viktigaste-insektmagnet/2190637

https://blogg.forskning.no/blogg-vill-vest-dyreverden/varen-er-safaritid-i-laglandet-men-snart-lokkar-fjellet-hjorten-ut-pa-tur/1836275

Powered by Labrador CMS