Redd verda i hagen: Skap ein oase for deg sjølv og dei små

Hageeigarar har opp gjennom tidene gjort mykje ugagn: Tatt den beste jorda frå naturen. Innført sjukdommar, vekstar og kryp som har gjort skade. Men hagen er også ei løysing for mykje som no går gale.

No har vi hageeigarar som likar at det summar og kvitrar i hagen vår, fått ein god guide. Biologen og professoren Dave Goulson, som er mest kjent for bøker om humler, har gitt ut boka «Den ville hagen: Kunsten å redde verden i egen hage», der han tek til orde for litt meir «jungel» i hagen. Hans personlege historier gir spennande og nyttig kunnskap om dei mange oppgåvene ville småkryp utfører i hagebruket. Boka er dessutan morosam å lese; det lærde eg som ein av fagkonsulentane for den norske omsetjinga.

Hagar er som oasar

Hagebok for den som er glad i summing, kvitring og ein fargerik og kanskje litt vill hage.

Engelsk er eit herleg språk der «wildlife» inkluderer det meste som kan krype og gå, frå knøttsmå insekt til store dyr. Kva kan vi eigentleg gjere med hagane våre for å skape eit godt liv for alle desse ville skapningane vi har rundt oss? I Norge har vi like stor andel fjell og skog som dei i Nord-Europa elles har jordbruksareal. Likevel kan hagar, i Noreg så vel som i resten av Europa, vera som små oasar i landskapet. Slike hageoasar kan gi spelerom for både planter og dyr som elles kan slite på ein stadig meir einsformig og menneskedominert planet. Goulson sine råd og vink stemmer ofte med erfaringar eg har gjort i min eigen hage. Den er nett no full av summing og kvitring og alle slags lukter. Her eit lite utval av tips:

Det beste middelet mot ugras.....

....er å kalle det for villblomster og slappe av litt! Sprøytemiddel burde i alle fall vere forbode i hageverda og fjerna frå butikkhyller i alt frå Plantasjen til Europris. Boka til Goulson er full av positive tiltak, men ein raud tråd gjennom boka er forteljinga om at kjemisk-syntetiske sprøytemiddel, pesticid, er dårleg nytt for småkryp. I ein samtale eg hadde med Goulson, blei vi raskt einige om at det eigentleg er heilt bortkasta tid, energi og bruk av natur at vi skal drive landbruk og hagebruk med sprøytemiddel. Vi produserer for mykje mat i verda (i tillegg kastar vi mykje), landbruket forureinar for mykje, og vi har både insektdød og anna å stri med. I hagar er det i alle fall heilt overflødig med gift.

Ja, eg veit at kjøkenhagen krev luking, og at ikkje alt som er ugras kan blomstre og sjå fint ut. Likevel: det blir sagt at du kan kjempe, men aldri vinne, krigen mot ugras. Kjemisk krigføring er i alle fall ikkje løysinga.

La plenklipparen stå

Mange liker at plenen nesten skal sjå ut som ei kunstgrasbane og slår difor plenen ofte, nesten barberar den. Robotgrasklipparen burde definitivt stå på forbodslista. Plenen kan vera bustad for mange vekstar som gjerne blomstrar og ser fine ut dersom dei får tid til å utvikle seg. Blomstrar er viktige matfat for pollinerande insekt – dei som syter for at du får frukt på frukttreet ditt.

Så gjerne ein plen med kvit- og raudkløver. Då har du sikra at eit mangfald av humler vil besøke hagen din, både dei med kort tunge, som elskar kvitkløver, og dei med litt lengre tunge, som smakar på raudkløver. Du kan gjerne setje bort ein litt tørr og næringsfattig del av hagen til blomstereng også, og nøye deg med å slå ho eit par gonger i løpet av sommaren (meir om dette ved seinare høve). Enkle, men effektive tiltak for småkrypa.

Har du ein tørr bakke eller hagekrok? Lag gjerne ei blomstereng som ein oase for småkrypa. Så ei eng eller berre å la vera å slå så ofte (men slå den to gonger i året og legg høyet andre stader der du vil ha litt blomstereng).

Kjente nyttekryp

Bier (humler og andre villbier, samt tambier) er fantastiske insekt. Dei hjelper oss å skaffe smakfulle frukter og bær i hagen. Visste du at kaffien vi nyt i hagen også er avhengig av pollinerande insekt for å bli velsmakande? Rett nok dyrka i store hagar i eit heilt anna klima, men svært viktig for å nyte vårt heimlege hageliv!

Forsking tyder på at pollinerande insekt bidreg positivt for 70% av alle landbruksvekstar og nesten 90% av ville blomsterplanter. Bringebær, eple og morell er berre nokre av vekstane som er avhengig av insekta for fruktsetjing i våre norske hagar. Nokre pollinerande insekt kan du også hjelpe med «hotell» i hagen din, slik Taran Anderaa skildra i sitt gjesteinnlegg på Vill vest-bloggen.

Hagen kan vera ein god stad å vera for mange småkryp.

Meitemarken er ein anna kjent velgjerar for oss hagefolk. Det er rekna på at bønder som driv med husdyr sannsynlegvis har større masse av meitemark nedi jorda si enn dei har av husdyr oppå! Heile marken er eigentleg berre ein einaste lang tarm som fordøyer organisk materiale og skit det ut att som rein kompost under bakken. I hagar er det faktisk mykje meir meitemark enn i anna landbruksjord, og dei spelar ei ekstra stor rolle i komposten og i grønsakshagen. Visste du at ein einaste slik makk kan produsere 4,5 kg næringsrik gjødsel per år? På eitt dekar kan opptil 25 tonn jord gå gjennom meitemarkane sine fordøyingskanalar i løpet av eitt år. I tillegg vender og lufter dei jorda heilt gratis. Visstnok kan dei bli gamle òg: Goulson skriv om meitemarkar som i oppdrett har blitt opptil 30 år gamle! I vårt land har vi minst 27 ulike artar av meitemark.

Ukjente nyttekryp

Goulson løftar fram mange små dyr som har vore kraftig underskatta i vår kultur. Eit godt døme er saksedyra – små, svartglinsande insekt med karakteristiske klyper bak. Hannen sine er krumme og hoa sine er rette, og det dei brukar klypene til, er å forsvare seg mot løpebiller og pare seg – ikkje jage eller skade menneske! Mange synst saksedyra er ekle, men om ein tek seg tid til å studere dei litt, ser ein jo at dei er vakre.

Saksedyra er dessutan eit nyttig insekt for dei som er redde for frukta si. Goulson skriv at frukthagar utan saksedyr hadde opptil tre gonger fleire bladlus, desse småkrypa som bokstaveleg tala syg safta ut av stilkar og blad. Utruleg nok gjorde saksedyra like stor nytte som å sprøyte med gift tre gonger. Sprøyting er dyrare, men gir effekt der og da, slik vi menneske ofte liker det. I lengda er fruktsprøytinga likevel eit berekraftlotteri, både når det gjeld økonomi og miljø.

Bruk av sprøytemidlar er sannsynlegvis ei av fleire årsaker til at talet på insekt og andre virvellause dyr over lang tid har gått ned over heile verda. Dave Goulson er ein av dei som har forska mykje på konsekvensane av sprøytemiddelbruk. Han har òg jobba mot bruken. Konsekvensane er store for økosystema og organismane, inkludert oss folk. Vil du ha ein naturvennleg hage, skal du i alle fall straks legge bort tanken på å bruke sprøytemiddel både mot plantar og mot småkryp.

Innsyn og utsyn frå blogg-forfattaren sin eigen hage.
Powered by Labrador CMS