(Skjermbilde fra nettsida til NRK P3-serien Lovleg: https://lovleg.p3.no)

Norskfaget: Dialekt i leik og skrift

Dette er den andre av tre tekstar der eg ønskjer å utdjupa nokre av innspela mine til den første læreplanskissa for norskfaget. Fellesnemnaren for dei tre tekstane er at dei tek føre seg forhold som samla sett gjer at læreplanskissa er prega av «mykje sentrum og lite periferi». Den første teksten tok føre seg temaet ‘språkleg mangfald’, og eg meiner at læreplanskissa på det området i for liten grad tek tak i den mangfaldige språkkompetansen som finst i elevmassen.

Denne andre teksten skal også handla om språkkompetansar som mange norske born og unge utviklar utanfor skulen, men som eg tvilar på at skulen utnyttar og som i alle fall ikkje den føreslegne læreplanen tek tak i. Det gjeld to forhold: (i) at born frå førskulealder og godt inn i småskulen nyttar språklege verkemiddel og jamvel dialektskifte i eigeninitiert rolleleik, og (ii) at eldre born og unge nyttar dialekt når dei skriv i private samanhengar. Begge desse fenomena har eit svært konkret sentrum/periferi-aspekt ved seg: Både dialektveksling i leik og dialekt i skrift er først og fremst vanleg utanfor det sentrale austlandsområdet.

Geografisk distribusjon av respondentar som svarte at dei skreiv mykje på dialekt i private samanhengar i ei undersøking i regi av Språkrådet i 2016

Rolleleik og dialektveksling

Rolleleik er ein sentral del av barnekulturen og spelar ein særs viktig rolle i barns utvikling. Dei fleste barn byrjar å ta del i dette frå om lag treårsalderen, og det fell i tid saman med utviklinga av mentaliseringsevnen (på engelsk gjerne kalla ‘Theory of Mind’; eg likar å kalla det hugmedvit på nynorsk), som handlar om evnen til å ta andre sitt perspektiv.

Det er velkjent at mange norske born vekslar mellom eigen dialekt og ein slags standard austnorsk – kall det gjerne «bokmål» – når dei driv med rolleleik. Hovudmønsteret er då at dei brukar eigen dialekt i regiytringane – altså som metaspråk når dei forhandlar om korleis leiken skal vera – og så brukar dei austnorsk i rolleytringane, altså i dei ytringane som utgjer sjølve skodespeleriet. (‘Metaspråk’ er forresten ein term fagfornyingsprosessen har avdekt er for vanskeleg for mange norsklærarar – forstå det den som kan!)

Men det er også andre språklege verkemiddel som kjenneteiknar rolleleikespråket. Mellom anna er regiytringane typisk i preteritum («Og så kjørte du på meg.») medan rolleytringane typisk er i presens («Nå kjører jeg på deg!»), og dette skjer sjølvsagt uavhengig av dialektveksling. Berre dette er oppsiktsvekkande. I vaksenspråket vil instruerande setningar typisk vera i presens eller ev. imperativ, ikkje i preteritum («Og så kjører du på meg», «Kjør på meg!»).

Det er også andre formmessige forhold i leikespråket som er spennande og som ligg der som ei gullgruve for å jobba med språkleg form med dei minste borna. Det finst ein heil forskingslitteratur om leikespråk, og den førebels mest oppdaterte studien på området i Noreg er nok doktoravhandlinga til Carola Kleemann ved UiT i Alta som ho har skrive eit populærvitskapleg innlegg om her. Det er framleis mykje ugjort på dette feltet – mellom anna har me ikkje noka systematisk kartleggjing av kor i landet dialektveksling er vanleg og ev. kva for born som ikkje gjer det når dei leikar, og me veit heller ikkje så mykje om kor lenge det er vanleg å halda på og om det eventuelt er kjønnsforskjellar. Men det finst nok av anekdotisk informasjon til å seia at dette er vanleg over store delar av landet, truleg berre med unntak av det sentrale austlandsområdet.

Å ikkje utnytta dette fenomenet i norskdidaktikken overfor dei yngste elevane, ville vera synd. I læreplanskissa som no føreligg, kjem det etter 7. trinn eit læringsmål som potensielt kan røra ved det – «utforske og formidle tekster gjennom å opptre i roller» – men det er neppe bornas eigeninitierte rolleleik det er tenkt på, og det er jo ikkje ideelt å byrja med dette først på eit stadium der borna sannsynlegvis har slutta med det på eiga hand.

(Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB scanpix)

Dialekt i skrift

Ein annan språkkompetanse mange norske elevar utviklar i barneåra, er å skriva på dialekt. Eller i alle fall på noko som er ei skriftleg tilnærming til eige talemål. Til liks med dialektveksling er dette noko som først og fremst gjeld utanfor det sentrale austlandsområdet. I periferien, om ein vil.

I ei undersøking Språkrådet fekk gjennomført i 2016, kjem dette tydeleg fram. Der svarte 45 % av respondentane frå Nord-Noreg at dei ofte skreiv på dialekt i private samanhengar, 42 % det same i Midt-Noreg og 36 % på Vestlandet, mot berre 20 % Austlandet og 16 % i Oslo. Blant respondentane frå Sørlandet inklusive Telemark svarte 21 % at dei ofte skreiv på dialekt i private samanhengar. I tillegg kom det også fram ein tydeleg aldersskilnad: Medan berre 15 % av dei over 60 år svarte at dei ofte skriv dialekt i private samanhengar, svarte 53 % av dei under 30 år at dei gjorde det. Utvalet i undersøkinga var på 1028. Andre undersøkingar frå Vestlandet (Rotevatn, 2014) og Trøndelag (Skog, 2009) har vist at bruk av dialekt på Facebook er svært vanleg der og støttar såleis opp under det biletet som teiknar seg i undersøkinga til Språkrådet.

At dette er så vanleg blant norske ungdommar, er noko norskfaget må ta inn over seg. Her har ein igjen ei svært rik kjelde til å jobba med språk og språkstruktur ved å få elevane til å reflektera over korleis dei skriv i ulike samanhengar og kva som skil dei private skrivepraksisane deira frå dei krava ein normalt stiller til ein standardspråkleg tekst.

Nedanfor følgjer ein bloggtekst eg har brukt i ein del samanhengar som døme på ein ortofon tekst. Innlegget er skrive for nokre år sidan av ei jente, då 16 år gammal, frå ei bygd nær Bodø. Eigenamna er endra her for å gjera teksten meir anonym – bloggen teksten er henta frå, eksisterer ikkje lenger.

Heij fålkz :P

Da hadd man endeliiiii fått råtte igjæn :] Etter at ho Klara måtte avlives pga sjukdom,

har æ ønska mæ nye :') Å hn pappa sa pluteli jaokå :D

Så da kjøpt æ mæ eij sjøl, å værdns bæste Dani kjøpt ho andre :D <3 Ælska hn!

Di heite Filli åg Roxana:33 Ho Filli e oppkalla etter hn Filli (Philipp), å ho Roxana va

fårslage te hn Torstein :] syns dt va passanes navn te di to små ^^,

Di e tam, åg utruli snill, einaste probleme e at di ikke e vandt te å gå på do i reisebure sitt.. nåkka ho Klara førsto at ho sku gjør ifra første dag! Mn dt kjæm væll me tia ;)

Dette er ein skrivar som har veldig god kontroll på eigen dialekt, og den ortofone attgivinga er med få unntak konsekvent. Også på morfologisk og syntaktisk nivå finn me trekk som er i tråd med kjennemerke for den aktuelle dialekten: Me finn apokope (hadd, kjøpt, gjør), bruk av prepropriell artikkel (han ho Klara, hn pappa) som heilt korrekt ikkje er til stades i predikativ stilling (Di heite Filli åg Roxana, ikkje *Di heite han Filli åg ho Roxana), det er fråvær av fleirtalsbøying av predikative adjektiv (Di e tam … åg … snill, ikkje *Di e tamme og snille) og meire til. Dette er etter mi meining eit fantastisk utgangspunkt for å reflektera over skilnader mellom eigen dialekt og standardspråket, og i dette tilfellet kan jo òg ei didaktisk vinkling vera å sjå teksten opp mot både bokmål og nynorsk: Når ligg det nærmare det eine og det andre av skriftspråka våre? Og i tillegg til alt det språkstrukturelle, kjem jo òg dei stilistiske vala. Bruken av emotikon (smilefjes o.l.) er faktisk det minst interessante i tekstar som dette!

For å illustrera at det slett ikkje er alle skrivarar som meistrar skilnaden mellom standardspråk og dialekt, kan me sjå på følgjande korte tekst henta frå ein offentleg Facebook-tråd:

Det er vel bare en ting som er klart her og nå og det er at hverken dem som styrer eller oss andre vet hva vi vil få. Når æ hører og leser hva de forskjellige folkevalgte er i stand til å uttrykke og mene noe om, så si det mæ at dem ikke helt har peiling å langt mindre har kontroll over ka dem ha gitt sæ i kast med.

Her er det berre orda æ, si, mæ, ka og som har ei dialektal form og i tillegg er bruken av dem som subjektsform også dialektal, men elles er resten av teksten heilt i tråd med bokmålsortografien. At det også finst dei som skriv berre litt dialektnært (i ein og same tekst), betyr at ein også kan ta refleksjonane rundt skrivepraksisar andre vegen: Kva skulle ein gjort for å få ein tekst som den siste til å bli endå meir i tråd med talemålet?

Det dialektlause sentrale Austlandet?

Eg meiner altså at desse språkkompetansane og -praksisane eg har peikt på her, er verdifulle ressursar som norskfaget med fordel kan ta tak i for å fremja læring. Og når læreplanen ikkje gjer det, er det nærliggjande å spørja: Er det fordi begge fenomena – både dialektveksling i rolleleik og dialekt i skrift – er mest vanleg utanfor det sentrale Austlandet, altså utanfor «sentrum»? Går dette utanfor radaren fordi dei som er og har vore sentrale i utviklinga av norskfaget først og fremst kjem frå Austlandet?

Eg skal ikkje gå inn på ei vurdering av den geografiske representasjonen i læreplangruppa for norskfaget, men eg trur det er flest personar med austnorsk bakgrunn der. Og Utdanningsdirektoratet er jo dessutan trygt plassert i hovudstaden, heilt sikkert med overvekt av tilsette frå Austlandet.

Me kan uansett konstatera at ordet dialekt ikkje er nemnt ein einaste gong i læreplanskissa. Kanskje er det ei rein forgløyming frå læreplangruppa si side, men det er òg slik at mange frå hovudstadsregionen har ei oppfatning av at dei ikkje snakkar nokon dialekt. At sentralaustnorsk talemål – Urban East Norwegian som det stundom vert kalla i den internasjonale litteraturen – ikkje er dialekt medan all annan norsk er det.

Akkurat det er eit tema eg får spara til ein annan gong, sjølv om det på ingen måte er irrelevant for dei fenomena som er drøfta her og definitivt ikkje for norskfaget generelt. Men her og no får eg setja strek i denne omgangen. Den tredje og siste teksten min om mykje sentrum og lite periferi i norskfaget kjem til å handla om den norske språkstoda og bokmål versus nynorsk. «Stay tuned!», som det heiter på bokmål.

Powered by Labrador CMS